Mi gode kone har alltid likt å pynta og halda det fint i huset til alle høgtider og jamvel om kvardagane. Ho har alltid gjort seg stor flid med å gjera det koseleg i heimen. Til påske brukte ho å ha det turre ytre skrellet på løkane i gryta då ho koka egg, for då vart dei kvite egga gule. Ho har også malt og pynta egg, både dei me åt og dei ho hang til pynt på bjørkeris. I dag las eg på fjesboka at nokre prestar åtvarar oss mot dette. Dei pynta påskeegga skal visstnok vera eit gammalt symbol knytt til avguden Astarte, og skal handla om å vera eller verta fruktbar. Dei åtvarar difor kristne mot å mala eller pynta egg.
Desse åtvaringane kviler på ei stor misforståing, trur eg. I samband med dei fleste kristne høgtider kjem det liknande åtvaringar. Me får fortalt at jul er eit gammalt norrønt ord som viser til ei heidensk feiring. Julenisser, påskeegg og påskeharar er i same kategori: ein styggedom.



