Tresoga har fått ein ende

Stump

For nokre dagar sidan fekk eg meg ein god arbeidsdag utanføre Huset i Skogen. Det er tid for å førebu seg for neste vinter. Eit stort oretre – older som dei seier på desse kantane – har eg lenge tenkt å fella og bruka som ved. Treet står ved vasskanten og lener seg utover vatnet. Eg kan berre fella det om isen er tjukk nok. Elles vil det verta for tungt å dra opp or vatnet. Takka vere ein lang og kald vinter var isen no trygg. 

Eg har nett fått motorsaga mi reparert av nokre gode venner. Eg fekk ikkje start på ho og har ikkje innsikt nok til å vøla ho sjølv. Gode venner kan hjelpa med alt. Dei fann ut at det var ei laus leidning som var årsaken til at saga ikkje starta. Det var visst nok lett å fiksa. Så stod eg der med saga i hendene og tok til å fella treet. Sidan treet stod på skakke og lente seg utover vatnet tok eg berre til å saga frå den andre sida. Det gjekk utruleg bra. Kona kom tidsnok til å filma det heile. Det er alltid ein bonus når den gode kona mi filmar det eg gjer, slik at vennene våre i Asia kan sjå kva ein forkynnar driv med i Noreg.

Som biletet viser velta treet lenge før eg hadde saga heile stammen. Vekta var så stor at det gjekk ned med eit brak og braut ein stor bit av botnen med seg. Inne ved land gjekk nokre greiner gjennom isen, men resten av isen ansa ikkje fallet.

Eg tykkjer dette er eit fascinerande og litt vemodig bilete. Det vert mykje god ved av dette treet. Ved av or brenn godt og reint. Slik vil treet verta til velsigning for alle som får varma seg av det neste vinter. Men no ligg det der og sagflata lyser mot meg. Eg kan telja årringane. Treet vart gamalt og stort. No er det over. Tresoga har fått ein ende. No er det vedsoga som tek til. Ei fase er over og ei ny har teke til. Stubben vitnar om noko som var vore. Stammen fortel om meir arbeid som kjem. Han skal delast opp i kubbar som skal splittast til mange vedskiver. Desse skal løast opp og turka i minst seks månader før dei er turre nok til å varma opp Huset i Skogen. Om det vil veksa opp eit nytt tre frå stubben som står att, veit me enno ikkje, men det kan kanskje skje.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading