Påskefeiringa er den største av dei kristne høgtidene. Denne feiringa har sine røter i den jødiske påskefeiringa av at Gud fria folket ut frå slaveriet i Egypt. I den kristne feiringa er Langfredag heilt sentral. På denne dagen feirar me at Jesus døydde på korset for oss. Han er det verkelege påskelammet som tek bort synda i verda (Joh 1,29). Det kristne evangeliet er Ordet om Korset. Det som skjedde på Langfredag er heilt sentralt for den kristne trua. Forsoninga kviler på dette at Jesus døydde for oss på korset på Langfredag. Dette treng me å feira.
Dessverre finst det i våre dagar mange røyster som prøver å bortforklara ordet om korset. Den tradisjonelle læra om forsoninga er under sterke åtak, slik ho også tidlegare har vore. Difor treng me å gå tilbake til Bibelen og med frimod forkynna det Bibelen seier om det fullførte forsoningsverket. Me må feira det Jesus gjorde for oss på Langfredag! Alle profetane hadde talt om at Messias skulle lida (Apgj 3,18). Difor forkynner me ein Kristus krossfest (1 Kor 1,23) for ordet om korset er Guds kraft til frelse for alle som trur (1 Kor 1,18).
Profeten Jesaja seier det klårt og tydeleg at Herrens tenar tok våre sjukdomar plager på seg. Han vart såra for våre brot. Straffa låg på han for at me skulle ha fred. Ved hans sår har me fått lækjedom. Den skulda me alle hadde, lét Herren råka han (sjå Jes 53,4-6). Det er dette forsoninga handlar om. Jesus tok vår straff. Han forsona oss med Gud. Når me vender om og trur på han får me del i hans frelsesverk.
Kva skjedde på Langfredag?
- Jesus Kristus døydde for oss (Rom 5,6,8)
- Jesus Kristus døydde for å føra oss fram til Gud (1 Pet 3,18)
- Jesus Kristus døydde for våre synder (1 Kor 15,3; Kol 2,14; Hebr 9,26; 10,12; Joh 19,30)
- Jesus Kristus døydde vår død (2 Kor 5,21; Rom 6,23; Jes 53,6; Joh 10,18; Luk 23,46)
Kva utretta han ved å døy for oss på Langfredag?
- Han sona synda vår og tok på seg den straffa me skulle hatt. Guds vreide mot oss på grunn av synd tok han på seg så me skulle få fred med Gud ( Rom.3,25; 1 Joh 2,1-2; 1 Joh 4,10)
- Han løyste oss ut, kjøpte oss fri frå synda si makt og lova si forbanning, slik at me kunne leva eit nytt liv i fridom og rettferd (Mark 10,45; Ef 1,7; Gal 3,13; 1 Pet 1,18-19; Tit 2,14)
- Han har gjort oss rettferdige for Gud. Han tok vår skuld på seg og no blir me frikjende frå alle anklagar mot oss. Ingen kan fordømma oss. I Jesus Kristus står me no reine og rettferdige for Gud, – som om me aldri hadde synda. Me er tilgjevne og frikjende! (2 Kor 5,21; Rom 3,24; Rom 4,24-25; Rom 8,1; 8,33-34; Gal 2,16)
- Han forsona og forlikte oss med Gud. Han gjorde slutt på fiendskapet mellom menneske og Gud. Han skapte fred og gjorde det mogleg for menneske å koma inn i ein nær relasjon til Gud. Ingen treng lenger å vera frammandgjort og borte frå Gud. Han gjorde det også mogleg for oss å leva i fred, harmoni og fellesskap som Guds folk (Rom 5,1, 10; Ef 2,13-16; 2 Kor 5,18-20; Kol 1,19-20)
Leave a Reply