Livet med Gud er fantastisk. Trua på Jesus Kristus gjev livet meining og framtida god. Å leva i trua på at me er elska av Gud uansett kva me har gjort eller ikkje gjort, gjev oss ei trygg kvile. Me treng ikkje streva for å få Gud til å vera glad i oss. Han elskar oss uansett. Til og med medan me var fiendar av Gud, synte han sin kjærleik mot oss ved at Jesus døydde for våre synder. Det er faktisk slik at me treng ikkje gjera noko for å vera elska av Gud, Det er nok å vera menneske. Alle menneske er skapte i Guds bilete. Me er alle vilja av Gud. Me er alle elska av Gud.
Det er med dette i tankane apostelen Paulus seier, at han er overtydd om, at kvar einaste detalj i livet vårt blir vevd saman for å passa inn i Guds fulkomne plan for å gje oss det som er godt (Rom 8,28). Alle ting samverkar til det gode for dei som elskar Gud. Me er kalla til å fullføra hans gode plan. Han kjende oss før me vart fødd. Han kjenner oss ut og inn. Han har sett seg føre at alle ting me møter i livet kan tena hans gode plan for å gjera oss likedanna med Jesus.
Me møter mange ting i livet som me ikkje forstår. Når me møter liding og går gjennom vanskelege ting i livet, er det ofte vanskeleg å sjå noka meining med det. Når menneske prøver å finna forklaringar på det vonde me møter, gjer det ting ofte verre. Eg har funne stor trøyst i vanskelege tider i trua på at Gud har kontroll. Det er trygt å kvila i trua på Guds kjærleik og allmakt. Gud kjenner oss og har ein vedunderleg plan for livet vårt. Ingenting me møter er tilfeldig. Alt kan tena til det gode for dei som elskar Gud.
Det var eit veldig hardt slag for oss då Levi, den eldste sonen vår, døydde berre 24 år gammal. Å mista eit barn er noko me må leva med heile livet. Alle foreldrar, som har opplevd dette, veit at slik er det. Draumar vart knust og me blir minna på det ved mange høve. Det verka meiningslaust å snakka om at det å mista ein son kunne føra til noko godt. Å leita etter ei mening i ei slik tragisk hending strei mot all fornuft. Å mista eit barn er berre vondt. Eg har endå ikkje funne noka meining med det.
Likevel har eg funne kvile i at Gud har kontroll. Han let alle detaljar i livet vårt, gode som vonde, bli vevd saman i livsveven vår for å få fram det gode. Eg kan ikkje forklara det. Eg har slutta å prøva å finna meining i det vonde og vanskelege. Eg har berre funne kvile i at Gud elskar uansett og vil berre det gode for oss. Alt me møter kan vera med å forma Kristuslikkarakter i oss.
Når eg seier at Gud har kontroll, så tenkjer eg på at Gud er allmektig og allvitande. Det inneber at ikkje ein spurv fell til jorda utan at Gud veit om og tillet det. Det vil ikkje seia at alt som skjer er vilja av Gud, men at han ikkje har mista kontrollen jamvel om folk syndar og gjer vonde ting.
Gud er god og alt Gud gjer er godt. Likevel finst det ein vond djevel som lokka menneske til synd og opprør mot Guds vilje. På grunn av synda som hadde kome inn i verda, la Gud alle ting under død og forgjengelegdom. Sjukdom og liding er ei følgje av syndefallet. Gud ønskjer berre å frelsa og berga menneska, men tvingar seg ikkje på nokon. Han har gjeve menneske rett til å velja kva me vil tru eller gjera. Han har gjeve oss fri vilje. Sjølv om me vel å gjera ting som strir mot Guds vilje og såleis skadar andre, har likevel Gud kontroll og kan venda alt til det gode i si tid og på sin måte.
Leave a Reply