Israels håp er at Gud skal gripa inn i historia

Det sentrale i Israels profetiske håp er at Gud skal gripa inn i historia med ei radikal frigjering frå synda sine katastrofale følgjer. Håpet til Gud handlar om frigjering av verda og historia, og står mot alle freistingar til å blanda seg med mytologiske tankar om eit hinsidig eventyrland. Himmelen har ein ganske stor plass i Israels tru, men han blir aldri tenkt på som Guds folks framtidige heim. Israels framtidshåp ventar på ei gjenreising av det lova landet og med det ei gjenreising av heile verda. Israel såg aldri på himmelen som det eskatologiske endemålet, men såg fram til kva himmelen ville gjera med jorda. At Guds folk til slutt skulle bu i himmelen er ein heilt framand tanke for dei hebraiske profetane.

Håpet er knytt til noko som ligg der framme i historia (i tidskategorien) og ikkje noko som er der oppe (i romkategorien). Israels håp blir oppfylt når Gud kjem til jorda og gjennomfører sitt kongerike. Jorda vart forbanna og øydelagd av synda og skal frigjerast frå forgjendelegdomen og setjast i rett skikk. Det profetiske håpet i Det gamle testamentet lover ei framtid med Gud på ei fornya jord. Ei nyskapt jord skal vera den evige heimen for Guds folk og Guds bustad skal vera mellom dei (Op 21,1-5). Vi skal sjå meir på dette i bolken om kosmisk eskatologi.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading