Nåde til å gje

I brevet til Korintarane skriv apostelen Paulus svært mykje om å gje. Fleire kapitel i dette brevet handlar om nåde til å vera rause i å gje. Dette blir konkretisert i ei innsamling til dei kristne i Jerusalem, som han har sett i gang. Når han skal oppmoda korintarane til å halda lovnadene sine og fullføra den innsamlinga dei tidlegare har sagt dei vil vera med i, bruker har dei kristne i Makedonia som eit føredøme. 

Gud hadde synt dei kristne i Makedonia stor nåde. Dei var hardt prøvde i si naud. Livet gjekk ikkje på skinner. Dei hadde store utfordringar. Dei levde i djup fattigdom. Trass i denne vanskelege stoda hadde dei ei overstrøymande glede i trua på Jesus. Difor vart dei rause og villige til å gje. Faktisk bad dei inderleg om å få vera med å gje. Ingen pressa dei til å gje. Gud gav dei nåde til å gje, jamvel om dei var fattige. Ved Guds nåde gav dei over evne, – dei gav meir enn dei hadde råd til å gje. Dei gav seg sjølve, først til Herren og så til Paulus og det apostoliske teamet, i samsvar med Guds gode vilje.

Forsamlinga i Korint var tydelegvis ikkje fattig. Eit år tidlegare hadde dei forplikta seg til å vera med i innsamlinga til dei kristne søskena i Jerusalem. No skriv apostelen til dei for å minna dei på kva dei har lova. Innsamlinga nærmar seg slutten og no må dei følgja opp det dei tidlegare har  sagt dei ville gjera. I det apostelen skriv til korintarane finn me nokre gode prinsipp som vil hjelpa oss å gje på rett måte:

  1. Eit frivillig offer gjeve med glede, er viktigare enn summen me gjev.
  2. Me må ta lovander om å gje på alvor og følgja opp det me lover.
  3. Me må dela av vår velstand med dei som er i naud, for det kan koma ei tid då me treng hjelp frå andre.
  4. Måten me gjev på viser kor heilhjarta me er for Herren.
  5. Me må gje det me kan gje og ikkje stressa med det me ikkje kan gje. Våre gåver må vera i samsvar med vår inntekter og rikdom.
  6. Det er ein god ting å gje systematisk, ved til dømes å regelmessig leggja til sides pengar til ei innsamling som me veit kjem.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading