Det er ikkje alltid det går som me trur

Forkynnaren er på mange måtar ei litt underleg bok, men eg har oppdaga mange sanningar i denne boka som skildrar livet frå eit jordisk perspektiv. "Under sola" er eit uttrykk som er brukt fleire gonger boka. Det seier oss at forfattaren prøver å forstå livet og det som skjer på jorda slik det ser ut for ein som lever under sola. Her hender det mykje som er vanskeleg å forstå og forklara.

Salomo, som dei fleste reknar som forfattar av boka, undrar seg over ting han legg merke til: Det er ikkje alltid dei raske som vinn løpet. Det er ikkje alltid dei sterkaste og djerve som sigrar i krig. Dei vise kan ofte vera fattige. Dei dyktige treng ikkje vera velståande. Det er ikkje alltid dei høgt utdanna lever gode liv. Hell og lukke ser ut til å råka tilfeldig. Ofte handlar det berre om å vera på rett plass til rett tid.

Menneske spår, men Gud rår. Mennesket veit ikkje når tida er komen. Me kan leggja gode planar og jobba hardt, men me veit aldri kva som kjem ut av det me gjer. Me kan ha gode intensjonar, men evnene strekk ikkje alltid til. Me kan drøyma store draumar, men me kan aldri vita kva som vil skje. Slik fisken blir fange i det vonde garnet, slik fuglen går seg fast i snara, slik blir menneske fanga av ei ulukketid, brått kjem ulukka over dei. Det er ikkje alltid det går slik me trur.

I tidlegare tider kunne eg uttala meg skråsikkert om mange ting. Alt var svart eller kvitt. Eg hadde mange enkle svar på store spørsmål. Framleis trur eg at alt Bibelen seier er sant. Eg trur at Bibelen er Guds ord. Men det er ikkje alt eg forstår. Det er ikkje alt eg får til å gå i hop. Eg har ikkje like mange skråsikre forklaringar som eg ein gong hadde. Likevel er eg tryggare enn nokon gong før, for Gud er god og har kontroll.

Ingen menneske kan vita kva som ligg framfor dei, Om det er kjærleik eller hat. Mennesket veit ikkje kva som skal henda. Når alt kjem til alt, så står det ikkje til den som vil eller til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg. Når alt kjem til alt, er me heilt avhengige av Guds nåde. Ved hans nåde er me det me er. Det beste me kan gjera er å leggja alt i Guds hender. Der er me trygge. Hans gode hender vil halda oss fast. Hans sterke hand vil fullføra det verket han har begynt i livet vårt.  

 

 

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading