Eg finn stor trøyst og indre styrke ved å be Salmane i Bibelen. Solveig og eg har no i lengre tid brukt Salmane som ei bønnebok. Morgon og kveld bruker me ei eller fleire salmar saman. Det har gjort bønnelivet vårt rikare og gjort Ordet meir levande for våre hjarte.
I Salme 94 spør salmisten: Kven står opp for meg mot valdsmenn? Kven stig fram for meg mot dei som gjer urett? Konklusjonen hans er: Om ikkje Herren var min hjelpar, budde eg snart i det stille landet.
Livet er på mange måtar ein kamp, nokre gonger mot ytre fiendar, men oftast mot indre fiendar. Me har ikkje kamp mot menneske i kjøt og blod, seier apostelen Paulus. Men me står i ein reell kamp. Vonde, mørke makter skyt sine brennande piler mot oss. Me sloss også mot tankar og kjensler som vil overmanna oss og lamma oss. Fordømming, anklagar, misforståingar, hovmod, mindreverdkjensle er nokre av dei tinga dei fleste av oss kjempar med. I alle høve gjer eg det.
I denne kampen treng eg nokon som kan stå opp for meg og vera eit vern mot dei mørke tankane og vonde kjenslene som vil eta meg opp. Eg treng nokon som kan stiga fram og tala mi sak mot dei som gjer urett mot meg. Dette er ein kamp eg ikkje kan vinna åleine. Eg treng hjelp. Om ikkje Herren hadde vore min hjelpar, hadde motløysa teke meg inn i det djupaste mørkret.
Når mitt indre er fullt av urolege tankar, har mi sjel glede av trøysta frå Gud. Han har vorte mitt vern. Trøystaren gjev meg framtid og håp. Herren er min hjelpar og framtida er trygg!
Leave a Reply