Category: Bibel

  • Gud har gitt opp Den norske kirke!

    Denne overskrifta er like meiningslaus som Sverre Elgvin Lied sin påstand: «Gud har ikke gitt opp Den norske kirke.» Då eg såg denne overskrifta i nettutgåva av Dagen, som refererte til talen hans på Oslo Symposium, tenkte eg: «Kva veit han om det?» Grunngjevinga hans har jo ikkje noko særleg tyngde. Mange med meg kunne bruka det same argumentet med motsett forteikn: «Gud har gitt opp Den norske kirke, for eg, og mange med meg, kjende kall frå Gud til å forlata Dnk og tena han utanføre Dnk.» Dagen har ikkje gitt opp Dnk, men det har alle dei mange tusen frikyrkjelege kristne gjort. Når Dagen sine redaktørar legitimerer Dnk, byggjer dei, som Lied, på notstalgiske kjensler og personlege opplevingar, og ikkje på Guds ord.

    Om Gud har gitt opp Dnk eller andre kyrkjesamfunn, kan eg ikkje eg svara på. Kven kan eigentleg svara på dette? Kven kjenner Gud sine tankar om den menneskelege organisasjonen Dnk? Det eg veit er at Gud elskar menneske og gav Sonen sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men få evig liv. Eg veit også at Gud byggjer sitt hus av levande steinar, av menneske som har fått nytt liv i trua på Jesus. Kvar levande kristen er eit tempel for Anden. Gud er nær hos alle som kallar på hans namn, uansett kva kyrkjesamfunn dei måtte tilhøyra, ja uansett om dei er jødar eller heidningar.

    Lied seier mykje godt og rett i talen sin når han presenterer kva Frimodig Kyrkje står for, som til dømes:

    «Kirken er Guds kirke. Og der er det Jesus som er Herre. Og det er også han som bygger sin kirke. Og det er jo her det er så spennende at vi kan få være med på det Gud gjør. Det handler ikke om «Hvilken kirke vil du ha?» Det handler ikke om at vi skal bygge kirka etter vår design.»

    Problemet er at han snakkar om Dnk, som er ein menneskeleg organisasjon. Han legimiterer Dnk som Guds kyrkje. Då kjem spørsmåla: Er Jesus Herre i Dnk? Vedtak i kyrkjemøtet tyder ikkje på det. Den lutherske teologen, Jan Bygstad, seier at Dnk med sin aksept av vrang lære og pluralisme ikkje er Jesu Kristi kyrkje. Mange andre lutherske teologar seier at Dnk er ei løgnkyrkje. Den rådande vranglæra om samliv og ekteskap i Dnk, fører Guds folk vill, og leiar menneske i fortapinga om dei ikkje vender om. Det er alvorleg å legitimera eit slikt kyrkjesamfunn.

    Byggjer Jesus Dnk, eller er det kyrkjedemokratiet som byggjer kyrkja? Det handlar jo ikkje om kva kyrkje vi vil ha, men om kva slag kyrkje Gud vil ha. Det designet som Dnk blir bygd etter, liknar svært lite på det designet apostlane og dei første kristne bygde etter. Kva seier Bibelen om kva kyrkje Gud vil ha? Det er det store spørsmålet vi må stilla oss. Kva kjensler vi har for ein kyrkjeorganisasjon vi har arva frå fedrane, tel ikkje i det spørsmålet om kva Guds ord seier om kva han vil ha.

    Lied seier med rette at det er berre eitt Guds folk, og vi treng å støtta kvarandre. Bibelen er jo klar på at det er berre dei som er fødde på ny ved Den Heilage Ande, ved tru og omvending, som er Guds barn. Berre dei som har kome til Jesus, den levande steinen, og sjølv har vorte ein levande stein, kan saman med andre byggjast opp til den levande Gud sitt hus. Dåp eller medlemskap i eit kyrkjesamfunn gjer ingen til ein lem på Jesu kropp.

    Så langt eg forstår finst det mange gode og fromme kristne i Dnk og i alle dei andre kyrkjesamfunna i landet vårt. Alle som ved trua på Jesus Kristus har fått nytt liv, er Guds folk, og er våre kristne søsken, uansett kva kyrkjesamfunn dei tilhøyrer. Altfor mange kristne, både med og utan medlemskap i noka kyrkjesamfunn, er i praksis heimlause for dei har ikkje funne plassen sin i eit levande kristent fellesskap. Dei lever ikkje saman med andre kristne som lemmer på Kristi kropp. Dei har ikkje forplikta seg eller gitt seg inn i ei kristen forsamling, og det er eit tap både for dei sjølve og det kristne fellesskapet.

    Guds kyrkje er Jesus-truande menneske som kjem saman for å tilbe Herren, forkynna Guds ord, byggja kvarandre opp og hjelpa kvarandre til å leva heilage og heilhjarta liv i kvardagen.

    Vi må heile tida forkynna evangeliet, utfordra og hjelpa kvarandre til samsvar mellom liv og lære. Når vi gjer det vil Jesus byggja si kyrkje.

    Tekst: Erling Thu

  • Rabalder

    Rabalder er eit underleg ord som er lite brukt i våre dagar, men Herren har sagt at det vil bli rabalder. «Endå ein gong, om ei lita stund, rister eg himmel og jord, havet og det tørre landet. Eg rister alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Eg fyller dette huset med herlegdom!»  Det er gjenreisingsprofeten Haggai som ber fram dette ordet frå Herren (Hag 2,6-7). Det fekk ei oppfylling då tempelet vart gjenreist på hans tid, men peikar fram til det nye huset som Herren byggjer i den nye pakta og som skal bli herlegare enn det første. Endå ein gong skal Herren rista verda og folkeslaga på jorda (Hebr 12,26-29). Når Herren ristar blir det rabalder.

    Når ein stabel med tønner ramler ned blir det eit svært rabalder. Når noko rasar saman blir det ofte rabalder. Når noko uventa skjer blir det rabalder. Bråk og ståk, spetakkel og støy er ofte det same som rabalder og har to meiningar. Rabalder er noko vi registrerer med sansane våre, men er også den reaksjonen som kjem frå oss når vi ikkje liker det uventa som skjer.

    Det skjer underlege ting i landet vårt. Herren tenner tannlause kristne i brann. Lunkne og sløve kristne blir fornya og brennande ivrige. Folk, som av ulike grunnar har kome på avstand, søkjer Gud og finn på ny sin plass i kristne fellesskap. Vekkinga på Vigeland er berre eit av mange døme på dette. Eg høyrer mange historier om fornying blant Guds folk i mange samanhengar. Det er tydeleg at Gud er på ferde!

    (more…)

  • Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?

    Jesus starta si teneste med å forkynna evangeliet om Guds rike. Den gode bodskapen innebar at Gud, den suverene Skaparen og Kongen over skaparverket, hadde gripe inn i historia for å frelsa og fria folk frå synd, skam, død og fortaping. Evangeliet om Guds rike var det sentrale i Jesu liv og teneste. Difor kalla han til omvending og etterfølging. Den som ville vera hans læresvein måtte seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja han. Guds kongedømme er der Gud styrer og hans vilje rår. Frelse kan vi berre få del i ved å bøya oss under Jesu Kristi herredømme.

    I tråd med forståinga av Guds rike, seier Jesus i misjonsbefalinga, at vi skal læra dei nye læresveinane å halda alt det han har bode oss. Nye kristne må lærast å be: «Lat riket ditt koma, lat viljen din råda i mitt liv; – ikkje som eg vil, berre som du vil!» Jesus lærte oss at han ikkje kom for å oppheva lova eller profetane, men for å oppfylla. Difor tok han oss tilbake til Guds opphavelege meining med skaparverket og dei gode lovene hans. Han sa at det ikkje var nok å avstå frå visse handlingar, men at vi også måtte ta eit radikalt oppgjer med lystene i hjartet vårt.

    (more…)

  • Koranbrenning

    Koranbrenninga i Sverige og Danmark skapar utanrikspolitiske problem og aukar terrorfaren for desse landa, fortel media oss. Juristar forklarar at i Noreg har ikkje religionar, heilage bøker eller ting noko vern mot hatefulle ytringar. Det er ein del av ytringsfridomen å snakka negativt om ideologiar og meiningar vi ikkje liker, men vi har sjølvsagt ikkje lov til å koma med hatefulle ytringar mot personar eller grupper av menneske. Eg tykkjer dette høyrest greitt ut og er noko vi alle kan leva med.

    Det verkar likevel ikkje som det er slik diskrimineringslova verkar i dagens samfunn. Det er lov å brenna heilage bøker som Koranen og Bibelen. Det er lova å brenna amerikanske flag, men det er ikkje lov å brenna eit prideflag, for det er hatkriminalitet. Det er visst lov å mala fotgjengarfelt i pridefargar, men det er hatkriminalitet å mala over pridemalinga. Eg er korkje for å brenna heilage bøker eller flag, men eg forstår ikkje kvifor det å brenna ein Koran er ei lovleg ytring, medan det å brenna eit prideflag eller mala over pridemaling i ei gate er hatkriminalitet.

    (more…)

  • Misjonær og framand i eige land

    Eg har kjend meg framand i mitt eige land heilt sidan eg som nittenåring meldte meg ut or statskyrkja og vart døypt til å vera ein Jesu læresvein. Rett nok var vi som gjekk på bedehuset ein minoritet, men vi var ein stor minoritet og vi var ein del av «den sunne lutherske kristendommen» – statsreligionen. Vi var trass alt vanlege og normale kristne i eit samfunn som framleis var dominert av lutherdommen. Då eg gjekk ut or statskyrkja endra alt seg. Då vart eg per definisjon plassert i ei sekt. Alt som ikkje var ein del av statskyrkja, var ei sekt på den tida og å vera med i ei sekt gjorde deg suspekt i heile samfunnet. Lutherdommen var forvaltarar av sjølve «Sanninga» og bedehusfolket stod for «den sunne tru og lære». Det trur dei kanskje enno. Vi andre vart kalla dissentarar og vranglærarar, og vart åtvara mot i mange sterke ordelag. Vi vart motarbeida på ulike måtar og kjende oss sjeldan att i det avisene skreiv om oss. Det vi opplevde som fint og kjært var framstilt som hysterisk og skadeleg. Eg har kjend meg framand i både det kristelege og  sekulære Noreg.

    (more…)

  • Forkynn sanninga – utan å fordømma!

    Det er kamp om sanninga på alle plan i samfunnet vårt i dag. Det eldgamle spørsmålet som Pilatus stilte blir stilt av mange i vår tid: Kva er sanning? Den postmoderne filosofien avviser at det finst ei absolutt sanning. «Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for meg» blir det sagt. Alt er relativt, det finst ingen faste haldepunkt i livet lenger. Vi blir til og med fortalt at vi ikkje kan stola på den fysiske kroppen vår ein gong. Jamvel om kvar celle i kroppen er ei mannecelle og kroppen ser ut som ein mann, så er det ikkje sikkert at du er ein mann likevel, for du kan vera født i feil kropp, blir det hevda.

    Det er tid til å snakka sant om livet. Barn og unge blir fora med så mange løgner, både på skulen og i media, at det er på tide å ta til motmæle og forkynna sanninga. Jesus sa, då han bad for læresveinane: «Helga dei i i sanninga, ditt ord er sanning.» Bibelen er Guds ord og Jesus er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss. Han var full av nåde og sanning, og han sa: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

    (more…)

  • Herren stadfestar tenesta

    Når vi gjer det vi trur Gud vil vi skal gjera, vil Gud alltid stadfesta det med si velsigning. Når vi vågar å seia det vi trur Gud vil vi skal seia, stadfestar han orda våre. Vi kan ofte vera skjelvande og ikkje heilt trygge på om vi har høyrt rett, men når vi i tru og lydnad ber fram ordet frå Gud, vil det alltid bli stadfesta. Når Gud stadfestar, veks trua og frimodet vårt. Frå dei første orda vi stotrar fram som eit profetord, vil vi veksa i nåde og frimod. Orda vil bli klarare og enklare. Dei vil ha meir kraft i seg. Vi veks i nåde og kjennskap til Herren og kan bera fram ord frå han med større tyngde.

    Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1 Sam 3,19)

    Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje liker å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod den første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.

    Samuel voks på denne opplevinga og heldt fram med å vera lydig mot Herren. Difor finn vi det naturleg det som følgjer: Og Herren var med han. Dette står i grell motsetnad til stoda til sønene til Eli, dei hadde Herren gått frå. Men Herren var med Samuel. Han gav han styrke til å stå mot trykket frå omstenda og visdom til å gjera det rette. Herren heldt si hand over han og leia han trygt fram. Den unge guten stod fast i si overgiving til Herren og Herren stadfesta orda hans. Ingen av orda frå Gud fall til jorda. Gud vaka over orda sine og sette dei i verk.

    Når vi er lydige mot det indre kallet og gjer det Gud seier, vil Gud stadfesta og velsigna. Dette vil folk begynna å leggja merke til. Dei vil oppdaga kor vi har vår styrke. Dei vil sjå Guds nåde i livet vårt. Dei vil sjå at Gud har lagt si hand på oss og bruker oss til velsigning. Det kan ta tid før folk oppdagar at det er eit mønster i måten Gud bruker oss på. Det kan ta tid før folk skjøner at Gud har kalla oss til teneste. Det kan ta tid før folk tar til å setja ord på det dei ser i oss.

    (more…)

  • Personlege profetiar over livet frå barndommen

    Hanna gav Samuel dette namnet fordi han var fødd som svar på profetiske bønner. Namnet hans vitna om at han var fødd etter Guds vilje, for å tena Guds plan. Han var eit profetisk bønnesvar, men namnet bar også i seg ein profeti om retninga for livet hans. Namnet hans var ein profeti om at Gud ville halda fram å høyra bønnene hans. Når vi les historia om Samuel ser vi kor viktig bønn var i livet og tenesta hans. Han var kjenneteikna av bønn og fekk store profetiske bønnesvar.

    Eg trur at det ligg ei profeti i det namnet foreldra våre har gitt oss, uansett om dei var kristne eller ikkje, då dei gav oss namnet. Namnet vårt har ei meining og ein bodskap. Vi treng hjelp til å finna den profetiske meininga i namnet vårt. I nokre sjeldne tilfelle kan det også vera nødvendig å skifta namn, for å ha eit namn som samsvarar med kallet og livsgjerninga vår. Vi finn fleire tilfelle i Bibelen, der folk fekk nye namn for å visa kva Gud hadde kalla dei til å vera og gjera.

    (more…)

  • Mykje frukt fører alltid til reproduksjon

    All frukt har frø i seg til nye plantar av same slag. Frukt er ofte tiltrekkjande og smakar godt. Slik hjelper dei som et med til å spreia frøa som er i frukta. I desse frøa ligg kimen til nytt liv, nye plantar og ny mangfaldiggjering.

    Når Jesus taler om å bera mykje frukt knytter han det til å æra Far og bli hans læresveinar. Han seier at han har valt oss ut til og sett oss til å gå ut og bera mykje frukt, ei frukt som varer. Å gå ut og bera frukt er å gå ut i all verda og forkynna evangeliet for alt som Gud har skapt. Det er å oppfylla misjonsoppdraget: 

    Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar. Døyp dei til namnet åt Far, Son og Den Heilage Ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dokker. Og sjå eg er med dokker alle dagar så lenge verda står – heilt til tidsalderens ende (Matt 28,18-20).

    Å bera frukt handlar også om å fostra fram ein ny generasjon som kan føra slekta og det store oppdraget vidare. Familien står sentralt i Guds plan. Gud har alltid fremja sin plan gjennom familien som føder fram nye generasjonar, nye familiar – ei veksande slekt – eit stort folk som tener Guds plan i si levetid.

    (more…)

  • Jesus er vintreet, vi er greinene (Joh 15,5)

    Difor kan ingen av oss bera frukt av oss sjølve, men berre når vi er i han. Når vi innser dette, kan vi slutta å streva; for då fortår vi at det nyttar ikkje likevel! Men det kan vera vanskeleg å innsjå at vi i oss sjølv kjem til kort. Vi har ofte så stor tru på oss sjølv at det er vanskeleg å forstå at utan Jesus kan vi ingentin gjera. Difor strevar altfor mange kristne med å vera gode nok eller fromme nok. Kristendommen blir ei bør av store bod og krav. Jesus seier at vi skal sleppa å bera kristendommen, for han vil bera oss. Vi kan la sjølvstrevet fara. Guds nåde er nok for oss. Jesus vil bera og lyfta oss gjennom heile livet. Det handlar ikkje om kva vi kan gjera for han, men berre om å  vera i han.

    Jesus kallar oss til fellesskap med seg. I Johannes 15 er det eit uttrykk som går igjen: “Bli verande i meg.” I andre biblar blir det omsett med desse orda: Ver foreina med meg. Ta bustad i meg. Ta din tilflukt i meg. Bu i meg. Hald dokker i meg. Ha eit levande fellesskap med meg.

    Dette er det evige livet: Å kjenna den einaste sanne Gud, og den han sende, Jesus Kristus (Joh 17,3). Det handlar om å kjenna Gud – å kjenna Jesus.  Det handlar om ein relasjon. Han er i oss, vi er i meg. Vi skal berre bu i han, slik han bur i oss! 

    Jesus bruker også uttrykket, “den som ikkje blir verande i meg”. Dette kan også omsetjast med desse måtane: den som skil seg frå meg, den som ikkje tek del i mitt liv, den som er avskoren frå meg, den som er skild frå meg. Lever vi ikkje i ein relasjon med Jesus, er vi ikkje ei grein på han. Skild frå Jesus er ei grein utan liv. Ei grein som visnar og blir kasta på elden.

    Men blir vi verande i han, om vi har vårt liv i Jesus, då har vi alt vi treng. Då er han vår frelse, vår rettferd, vår visdom, vår styrke, vår helging. Når vi bur i han slik han bur i oss, då ber vi mykje frukt.

    Når vi let ordet hans bu i oss, då bur han i oss. Å bu i han er å bu i hans ord. Når dokker held boda og lovene hans – dei han ved Anden har skrive inn i hjartet vårt – då er vi i hans kjærleik. Guds Ord er kjelda til alt åndeleg liv. Vi må ta næring til oss frå Guds ord som skaper tru. Det handlar om å tru og lyda, å høyra og gjera det han seier.

    “Eg er det sanne vintreet, dokker er greinene.” Jesus er heile treet – greinene er ein del av treet – av han. Vi er alle er greiner på det same vintreet. Det er berre eitt tre, ikkje mange – men det er mange greiner på treet. Jesus har berre ein kropp, men det er mange kroppsdeler. 

    Jesus er livsens tre. Livet går ut frå han. Kvar og ein må ha sitt liv i han. Det kristne fellesskapet må ha sitt liv i han. Utan det levande fellesskapet med Jesus kan vi ikkje bera frukt.

    Vi kan også seia at det kristne fellesskapet er hans vingard, ein hage med mange vintre som skyt opp frå det sanne vintreet. Det kristne fellesskapet – er planta i Kristus, den grøderike haugen, – hornet til Olje Sonen. Vi har våre felles røter i han. Vi må la røtene gå djupt ned i han. Kvar av oss er som eit tre som spirer, veks og ber frukt i han. Saman har vi del i det eine treet. Vi er greiner med nye skot og nye spirer. Men Jesus er vintreet. Vi er greinene som han spirer gjennom. Sevja, livskrafta frå han skaper frukt.

    Jesus seier, dette er bodet mitt: Dokker skal elska kvarandre slik eg har elska dokker. Han fyller oss med sin kjærleik. Kjærleiken hans motiverer og driv oss til gode gjerningar. Kjærleiken er aktiv og full av initiativ. Kjærleiken ser behov og gjer noko med det. Jesus vil fylla verda med frukt gjennom sitt folk.

    Frukta er å bli lik Jesus. At vi liknar på han i det vi seier og gjer. Frukt er å leva og elska som han gjorde. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. Han var salva med Den Heilage Ande og kraft. Gud var med han. No salvar han oss med Ande og kraft slik at vi kan gjera hans gjerningar og herleggjera han på jorda.

    Hugs at frukta alltid er for andre, det er noko andre kan nyta og gleda seg over. Jesus kallar oss til å fylla jorda med frukt – fylla heim, skule, arbeidsplass, nabolag, nærmiljø med kjærleiksgjerningar, gode gjerningar, velgjerningar, velsigningar, praktisk hjelp.

    Når vi lærer av han og let han bera frukt gjennom oss, då blir Far herleggjort og Guds rike går fram på jorda.