Category: Bibel

  • Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

    Salme 119,1

    Alef

    Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov.

    Første verset startar med å prisa dei lukkelege som er heile i si ferd, dei som lever eit liv i integritet. Noko som berre kan gjerast når dei følgjer Herrens Lov. Sæle er dei, eller lukkelege er dei, eller kanskje endå betre: velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord. Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

    Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt, seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens lov. I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som målast med den velsigning det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer den komande generasjonen i landet skal få oppleva dette velsigna livet.

    Herrens Lov – Adonais Torah – er det første uttrykket vi møter i denne salmen for Guds Ord og det er svært viktig å forstå kva som ligg i dette uttrykket som vi finn mange gonger i Bibelen. Det er vanleg å omsetja det hebraiske ordet «torah» med lov, men i følgje «The Complete Jewish Study Bible» tyder dette ordet heilt enkelt instruksjon, rettleiing eller vegen vi bør gå. Herrens Torah har sitt opphav i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias – det levande Ordet – vart Guds vilje synleggjort. Jesus døyper oss i Den Heilage Ande som leier alle oss som er læresveinane hans til sanninga og set oss i stand til å halda alle Guds instruksjonar. Jesus stadfesta Herrens Torah ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine» (Joh 14,15). Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Messias. Det handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit.

  • Guds Ord – vår rikaste skatt

    Det siste året har eg lese Salme 119 fleire gonger. Kvar gong blir eg fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Denne salmen er den lengste i Bibelen og kanskje den mest forseggjorte når det gjeld stil og struktur. Salmen er delt inn i 22 bolkar, ein bolk for kvar av dei 22 bokstavane i det hebraiske alfabetet i alfabetisk rekkjefølgje. Kvar bolk er på 8 vers og kvart av desse versa startar med same bokstav.

    Salmisten, som sannsynlegvis er David, gler seg over Guds Ord og priser Herren for alle velsigningane han finn i Ordet frå Gud. Han bruker minst 10 ulike ord for Guds lov, men eitt av desse orda tek han som regel med i kvart einaste vers. Salmisten er ivrig og uthaldande i å forstå og leva etter Guds Ord. Han lærer Ordet utanåt. Han grundar på Ordet. Han lengtar eller Ordet. Han ventar på Ordet. Han let Ordet styra livet og oppførselen. Han finn håp og fred når han let seg leia av Ordet.

    Eg trur at Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Difor har eg tenkt å ta lesarane mine med meg gjennom denne salmen, vers for vers, dag for dag. Dette er ein god måte å starta det nye året på: å ha fokus på Guds Ord! Eg planlegg å starta med første vers på måndag den sjette januar og ta eit vers for dagen fem dagar i veka. Om eg greier å gjennomføra dette nyttårsforsettet mitt vil berre tida visa, men eg gler meg til å gjera det.

    Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den Heilage Ande, skulen til Sanninga, og det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege dydar skin gjennom alt. Denne salmen er som ein kristen ABC som lærer oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik, kraft og viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen.

  • Audmjuke kristne

    Kristenfolket står i ein krevjande åndskamp. Sterke krefter er i sving. Vi må sloss på mange frontar. Det er snart eitt tusen år sidan kristninga av Noreg og i dag står det ein kamp om historia rundt dette. Det kristne synet på mennesket, som skapt i Guds bilete og med ibuande verdi, blir snakka ned og motarbeidd frå mange hald. Kampen om menneskeverdet ligg i botn for striden rundt abort, dødshjelp, eutanasi, surrogati og bioetikk. Kampen om seksualitet, ekteskap, familie og Guds ordning hardnar til. Intoleranse er på frammarsj.

    (more…)

  • Raus, romsleg og bibeltru!

    Eg har eit hjartesukk: Gud miskunna deg over oss! Me vil gjerne vera bibeltru, men gløymer å vera nådige. Me vil gjerne forkynna Guds sanning reint og klårt, men orda har så lett for å bli harde og fordømmande. Herre Gud, hjelp oss å vera rause, romslege og trufaste mot sanninga, – i kjærleik! Lat oss få likna på Jesus som var full av nåde og sanning. Lat oss få læra av meistaren som både forkynte til omvending og var venn av tollarar og syndarar som flokka seg rundt han.

    (more…)

  • Det venaste syn som eg får sjå

    Denne strofa frå songen til Mattias Orheim, «Kor mykje stort, kor mykje gildt», har levd i meg dei siste vekene. Eg gler meg over det eg ser Gud gjera mellom unge menneske. Orheim seier i songen at det venaste syn han får sjå, er unge på kne for Gud. Ja, det er vakkert når unge menneske bøyer kne og gjev seg over til Gud. Det er flott å sjå unge kristne be om frelse for sine venner. Det er oppmuntrande at unge menneske kjem saman for å be. Eg ser det med mine eigne auge og eg høyrer om det frå mange kantar av landet: unge på kne for Gud. Bønnevekkinga er på gang, det er det venaste syn som eg får sjå.

    (more…)

  • Evangeliet er godt nytt for alle menneske

    Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike. Bodskapen hans var radikal og utfordrande. Han demonstrerte at Gud hadde gripe inn i historia for å setja menneske fri frå alle øydeleggjande krefter. Han døydde vår død og leid vår straff. Han vann over synda, døden og djevelen. Han stod opp frå dei døde og har fått all makt i himmel og på jord. Han er Herren som frelser og frigjer. Det er verkeleg godt nytt for alle menneske!

    Evangeliet er godt nytt for alle barn, for dei er alle verdifulle og elska av Gud. Barnet i morsmage er omfatta av Guds kjærleik. Eit foster, som vart fylt av Den Heilage Ande, var den første til å helsa Jesus velkomen, då han var eit endå yngre foster. Evangeliet er godt nytt om menneskeverd for alle fødte og ufødte barn. Dei må ikkje drepast eller sjåast ned på. Dei er verdifulle og har fått sitt namn skrive i Livsens Bok før dei vart fødde.

    (more…)

  • I skjul

    I Salme 91 snakkar salmisten om å sitja i skjul og finna ly. Han snakkar om å ha ein plass å søkja tilflukt og ha ei borg der han er trygg. Bakgrunnen for desse orda er sjølvsagt at han er utsett for urett og vondskap. Folk set snarer for han og prøver å fanga han. Andre skyt piler etter han eller kjem mot han med skarpe sverd. Han er også utsett for øydeleggjande pest og plager som herjer og drep.

    Livet er ikkje enkelt for salmisten. Det er det heller ikkje for dei fleste av oss. Me møter utfordringar og vanskar av ulikt slag kvar einaste dag. Den vonde motstandaren vår skyt sine brennande piler av fordømming mot oss. Han brøler som ei løve og prøver å skremma oss til å kompromissa og synda, for det tykkjest å vera den einaste utvegen. Dessverre har mange av oss hatt den beiske opplevinga av at kompromiss og "ei lita synd" ikkje hjelper oss ut or ei vanskeleg stode, men berre gjer alt endå meir vanskeleg for oss. Dette hadde salmisten òg lært. Difor seier han: 

    Du, Herre, er mi tilflukt og mi trygge borg! Du er min Gud som eg set mi lit til. Eg sit trygt i skjul hos deg, Du høgste. Eg finn ly hos deg, Den veldige. Eg har gjort deg til min bustad. Du skal vera med meg og verna meg på alle mine vegar. Om tusen eller titusen fell rundt meg, vil Du ta vare på meg slik at eg ikkje blir råka av dei brennande pilene eller den smittande pesten.

    Ulukkene til dei rettferdige er mange, men Herren utfrir oss frå dei alle. Herren bergar oss når me held oss til han. Han vernar oss midt i det vonde som møter oss. Han er med oss i nauda og høyrer våre fortvilte rop om hjelp. Han friar oss ut og gjev oss ære. Han mettar oss med eit langt liv og let oss få sjå hans frelse.

    I våre dagar er det mange menneske som er på flukt frå krig og urett. Dei leitar etter nokon som kan vera eit skjul for dei og gje dei ly mot forfølging og vondskap. Dei bankar på dørene våre for å søkja ein trygg tilflukt. Hjelper me dei til å finna ein bustad og ei trygg borg hos Gud og mellom oss, eller snur me ryggen til dei?

     

  • Mi sjel lengtar etter Gud

    Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,

    Lengtar mi sjel etter deg min Gud.

    Mi sjel har vorte turr fordi eg har gløymd å drikka av deg.

    Eg har gått meg vill i det travle landet med velstand

    Og turka inn i materialismens ørken.

    No tørstar eg etter Gud,

    – etter den levande Gud!

    Lat meg få koma fram for ditt andlet,

    Så eg kan drikka meg utørst av din nåde,

    Når du smiler til meg i din kjærleik!

    Amen

  • Det kristne forvaltaroppdraget

    Vår forståing av det kristne forvaltaroppdraget kviler for det første på det Gud sa då han skapte menneska og for det andre på dei lovnadene han har gitt oss for framtida, det er det kristne framtidshåpet. Opphav og mål for alt det skapte er i Gud. Vi er skapt i Guds bilete til å vera hans tenarar. Vi er skapt til å arbeida for å kultivera Guds skaparverk. Arbeidet med skaparverket har fått guddommeleg status fordi vi er kalla til å vidareføra Guds eigen skapargjerning fram mot hans mål som er herleggjering av skaparverket.

    (more…)

  • Undervisning om den nye pakta i Hebrearbrevet

    Brevet til hebrearane tek opp samanhengen mellom den gamle og den nye pakta på ein grundig måte. Mange gonger finn vi uttrykk som betre enn, større enn og høgare enn. Desse forklarar forskjellen mellom paktene. Brevet viser at den nye pakta i Jesus, overgår den gamle pakta som Moses var mellommann for.

    • Jesus er ei større openberring enn den profetane kom med, fordi han er utstrålinga av Guds herlegdom og bilete på hans vesen (Heb 1,3).
    • Jesus er ein betre mellommann enn englane (Heb 1,4) fordi han har eit større namn enn dei og ein større posisjon enn dei.
    • Han er Guds son som er krona med herlegdom og ære og den som Gud har lagt alle ting under Heb 1,5).
    • Jesus er større enn Moses, han har ei større teneste og han er verdig større ære (Heb 3,3).
    • Jesus er ein betre øvsteprest enn prestane etter Aron og Levis slekt (Heb 4,14-10,18). Han er prest til evig tid på Melkisedeks vis og har fått ei høgare presteteneste enn dei i den gamle pakta. Dessutan er han ikkje prest etter ei viss nedætting, men i kraft av eit uforgjengeleg liv.
    • Jesus er ei betre pakt som fører til fullending (Heb 8,6-13). Den gamle pakta var ei stadig påminning om synd. Men Jesus kom med noko som var betre: eit håp som gjer at vi kan koma til Gud. Jesu lovnader er ein langt betre garanti enn nokon av lovnadene i den gamle pakta.
    • Jesus er eit betre offer (Hab 9,11-14) Han ofra ikkje dyr som lam eller oksar, men han ofra seg sjølv som eit fullkome offer, ein gong for alle.
    • Den nye pakta lovar ei betre oppstode (Heb 11,35).
    • Jesus fører oss til eit betre fjell – ein betre stad av Guds nærvær. Han fører oss til høgtidsfeiringa på Sion, ikkje til det skremmande Sinai-fjellet (Heb 12,18-29).
    • Jesu blod talar sterkare enn Abels blod (Heb 12, 24).

    (more…)