Category: Bibel

  • Offerhaugar må leggjast ned

    Eg opplever at Herren bruker nokre forteljingar frå GT til å tala til meg om noko som er svært relevant for kristenfolket i landet vårt.

    I Bibelen fortel profetane om Guds frelseplan og korleis han kallar folk til å tena hans frelseplan i deira levetid. Israelsfolket hadde både gode og dårlege kongar, både gode og dårlege leiarar. Dei dårlege leiarane førte folket bort frå Herren og inn i avgudsdyrking. Dei gode leiarane gjorde det som var rett i Herrens auge, dei var heilhjarta så langt dei forstod, men likevel var dei fleste ikkje radikale nok. Dei la ikkje ned dei kananeiske offerhaugane der heidningane dyrka avgudane sine (1 Kong 15,14; 22,44; 2 Kong 12,3; 14,4; 15,4,29) slik Herren gjennom Moses sa dei skulle gjera. I staden ofra dei til Herren på desse offerhaugane. Dette vart ei snare for dei, for det førte til at heidenske skikkar og tankegods fekk innpass hos Guds folk. Profetane kjempa mot denne religionsblandinga. 

    Salomo starta si kongegjerning med å ofra til Herren på den store offerhaugen i Gibeon og Herren synte seg for han i ein draum og talte til han på den plassen (1 Kong 3,4-15). På sine eldre dagar var han ikkje heilhjarta for Herren, men bygde offerhaugar for heidenske gudar (1 Kong 11,1-8). Det er ei skremmande utvikling, som profetane såg ville koma og åtvara imot. Han greidde ikkje “kristna” offerhaugane, men offerhaugane førte han bort frå den rette trua.

    Mange av leiarane og Israelsfolket frykta nok Herren, men gjorde nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane. Dei gjorde det andre folkeslag gjorde (2 Kong 17,32). Dei halta til begge sider (1 Kongg 18,21). Herren sende profetane sine til dei for å kalla dei til oppgjer med det menneskelege og heidenske. 

    Herren kallar alltid folket sitt til å vera heilhjarta for han. Han kallar alltid folket sitt til å helga seg, innvia seg og skilja seg frå det mennerskelege og det ureine. 

    Også i våre dagar bruker Guds folk desse verdslege offerhaugane når dei dyrkar Gud. Kristne menneske blir påverka av moderne tankegang og tilpassar seg kulturen og samfunnet. Vi trur nok på Gud, men lever som om Gud ikkje finnest, som Magnus Malm seier.

    Bibelen seier at alle menneske er skapte i Guds bilete, som mann og kvinne. Det skulle vera vår identitet, og ikkje kva slags seksuelle lyster vi til ei kvar tid kjenner på. I naturen er det berre to biologiske kjønn, mann og kvinne, men dei biologiske fakta blir ofra på dei moderne offerhaugane når vi bruker ord som skeive, trans, homofile og så vidare som identitet og forklaring på kva eit menneske er. Som kristne bør vi slutta å bruka slike ord om våre medmenneske, for dei er menneske skapte i Guds bilete, same kva slags tankar dei gjer om seg sjølv. 

    Statskyrkja har forlate den bibelske forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne ved å gje rom for såkalla samkjønna “ekteskap” og andre samlivsformer. Samfunnet legg press på alle kyrkjesamfunn om å bli politisk korrekte og vera mot “diskriminering”, men vil diskriminera dei som held seg til det bibelske synet på ekteskap og seksualmoral. 

    Biskopar, prestar og kristne leiarar tilpassar seg humanistisk tankegang når dei seier at helvete og fortapinga ikkje finst. På offerhaugane er ingen utanfor eller innanfor, for trua er at alle blir frelst til slutt, uansett korleis dei lever.  

    Når snillismen får rom, sluttar vi å gjera folk til læresveinar som seier nei til seg sjølv og sine syndige lyster. Når vi kristne prøver å erstatta bibelsk rettleing om radikal omvendig med psykologi og sjølvhjelpkurs, då ofrar vi på heidenske offerhaugane. Følgjene er katastrofale.

    Jesus har sagt kva gudsdyrking og tilbeding Gud vil ha. Jerusalem eller Garisim er ikkje viktig. Gud vil ha tilbedarar som tilbed han i ånd og sanning. Gud vil at huset hans skal vera eit bønnehus for alle folk, men vi gjer det ofte til ei kommersiell røvarhole, eit religiøst sermonihus for sjølvdigging eller eit sjukehus kor alle får feil diagnose og feil medisin.

    Offerhaugane er eit uttrykk for at vi vil gjera ting på vår måte. Vi vil inkludera det menneskelege, det tradisjonelle, det akseptable. Det som til kvar tid er politisk og kulturelt korrekt.

    Avgudsdyrkinga gøymer seg i missunning, psykologisering, havesjuke, materialisme og rasjonalisme. Mange kallar Jesus for Herre, men stengjer han ute frå mesteparten av livet. Mange seier dei trur, men lever som om Gud ikkje finnest. Mange har magen og kroppen til gud. Mange er blinda av ein rasjonalistisk tankegang og har naturlege og menneskelege forklaringar på alt. Dei ser ikkje Guds finger i kvardagen. 

    Desse offerhaugane og mange andre må leggjast ned! Dette er den åndelege kampen vi står i. Gud kallar oss til radikal omvending og heilhjarta etterfølging. Gud vil ha radikale oppgjer med alt det ureine og verdslege!

  • Jesus er det sanne vintreet

    Eg høyrer Jesus tala til meg frå Johannes evangeliet 15. I nokre innlegg framover vil eg dela det som eg trur Anden seier til si kyrkje i desse dagar. 

    Når Jesus seier at han er det sanne vintreet, går tankane mine tilbake til mange ord i Det gamle testamentet. Det er som om Jesus seier at han er kvisten som skyt opp av Isais rot og er oppfyllinga av det profetiske ordet. 

    Gjennom profetane fortalde Gud korleis han planta folket sitt – Israel – til å vera hans vingard. Han  gjorde alt han kunne for vingarden, men Israel svikta og bar beisk og roten frukt. Han planta vingarden sin på den feitaste jorda, på den grøderike haugen: på hornet til Olje-Sonen (Jes 5,1-7) slik det også kan omsetjast. Kva meir kunne han gjera for folket sitt – vinhagen sin?

    (more…)

  • Alt for Jesus

    Det føregår ein ganske absurd debatt i media i dag om å gje alt for Jesus. Å utfordra unge menneske til å gje alt for Jesus og leva brennande og heilhjarta for han, blir framstilt som usunt og skadeleg. Ei storsamling av kristen ungdom, som vil kalla unge menneske til radikal etterfølging av Jesus, blir kritisert og omtalt som noko negativt. Eg er forundra over at kristne leiarar kjem med åtvaringar mot å bruka uttrykket – all in for Jesus – alt for Jesus.

    (more…)

  • Vi har ein tendens til å gå våre eigne vegar

    Salme 119,176 Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau. Leit etter meg, din tenar, eg har ikkje gløymt dine bod.

    Dette er punktum finale, den endelege konklusjonen på denne lange bønnesalmen på 176 vers. Eg har villa meg bort. Eg er som ein hjelpelaus og bortkomen sau. Eg treng hjelp. Leit etter meg og gje meg ikkje opp. For ei audmjuk avslutning. For ei djup sjølvinnsikt. David har tidegare kome med mange frimodige utsegn. Han har sett ord på sine gode ønskje og intensjonar. Frimodig har han sagt kva han vil følgja Guds lover og påbod. Så avsluttar han med å seia at gode intensjonar er ikkje nok. Det er lettare å seia kva vi trur og ønskjer enn å leva etter Guds ord.

    (more…)

  • Lat meg få leva fullt ut!

    Salme 119,175 Lat meg leva og lovsyngja deg, lat dine lover vera mi hjelp!

    Lat meg få leva! For ei universell og enkel bønn. Lat meg få leva livet fullt ut er vel det innarste ønskje til alle menneske. Vi ønskjer jo alle eit godt og meiningsfullt liv. Vi ser dei øydeleggjande dødskreftene verksame rundt oss. Det er så mykje liding i denne verda som er merka av synd. Difor ber vi at Livsens Ande skal fylla oss med sitt overflodsliv så det kan renna elvar av liv frå oss til andre. Det verkeleg gode livet er å kjenna Gud, det er å bli ein ny skapning ved trua på Jesus Kristus, Guds Son. Med hans liv på innsida kan vi møta det vonde og vanskelege med tru og håp.

    (more…)

  • Frelse i fortid, notid og framtid

    Salme 119,174 Herre, eg lengtar etter di frelse, eg frydar meg over di lov (Strong 8451).

    Frelse er eit vedunderleg ord som skaper gode tankar og kjensler i oss som trur. Vi har fått del i Guds frelse og vi lengtar etter henne. Ved trua har vi vorte frelst ein gong for alle, men opplever å bli frelst meir og meir gjennom heile livet. Ein gong i framtida skal vi få del i Guds frelse heilt og fullt. Det er dette perspektivet vi finn i det David seier i denne bønna si. Den frelse vi har opplevd skaper lengt etter den fullkomne og endelege frelsa som ventar på oss.

    (more…)

  • Lat di hand koma meg til hjelp!

    Salme 119,173 Lat di hand koma meg til hjelp, for eg har valt dine påbod (6490).

    På ny ber David ei enkel bønn som vi alle kan be: Lat di hand koma meg til hjelp! Eit av kjenneteikna på ekte bønner er at dei er enkle og rett fram, utan snikk snakk. Bønner som kjem frå hjartet treng ikkje pyntast med store og overtalande ord. Eit enkelt sukk om hjelp er nok til å røra ved Guds hjarte.

    Legg merke til at David seier, lat di hand koma meg til hjelp. Han ber om Guds direkte inngrep. Han ser ikkje til venner eller folk med pengar og makt, nei, han vender seg berre til Gud og set si von til han åleine. Lat di hand, som både har makt og styrke til å gjera under, koma meg til hjelp. Lat di hand, som skapte himmel og jord, gripa inn i min kvardag. Lat di skapande kunstnar hand gjera under i livet mitt!

    (more…)

  • Syng ut Guds ord!

    Salme 119,172 Lat tunga syngja ut ditt ord, for alle dine bod er rettferdige.

    Her går David frå å lovsyngja Gud til å syngja ut Guds ord. Gud har lært han sine forskrifter og no vil han gjera desse kjende for alle folk. Han vil få ut Guds ord til andre. Vi kan både preika og forkynna, tala og syngja ut Guds ord. Poenget er at vi bruker tunga vår til å gjera Guds ord kjend. Når Gud lærer oss sine forskrifter er det vårt naturlege gjensvar at vi taler og syng ut Guds ord til folk rundt oss.

    (more…)

  • Bønn og lovprising høyrer saman

    Salme 119,171 Lat leppene strøyma over av lovsong, for du lærer meg dine forskrifter.

    Bønn og lovprising høyrer saman. Dei som ber får svar og har mykje å takka for. Fellesskapet med Gud i bønn følgjer oss gjennom dagen og varer livet ut. Lovsong er ein svært viktig del av dette bønnefellesskapet med Gud. Dei fleste av oss har meir å takka for enn å be om. Det oppdagar vi fort når vi tek til å takka for dei daglege velsigningane i livet. Det er lett å ta ting for sjølvsagt, det at vi har mat og klede, hus og heim og liknande, men vi må ikkje gløyma at alt dette er ei gåve frå Gud. I verda er det mykje fattigdom og liding på grunn av krig, naturkatastrofer og urettferdig samfunnssystem eller politikk. Alle som lever i Noreg er priveligert og har svært mykje å takka for.

    (more…)

  • Når vi ber, går vi inn i ein relasjon, vi søkjer fellesskap

    Salme 119,170 Lat mi bøn koma fram for deg, berg meg, som du har sagt!

    Endå ein gong ber David om at bønna hans må koma fram for Gud. Han bruker litt andre ord enn i førre verset, men ber like audmjukt og inderleg. I førre verset ropte han til Gud, no går han djupare og naudber eller tiggar Gud inderleg om å gripa inn. Bønn i alle former har det same formålet, at Gud skal høyra og sjå oss. Når vi ber ønskjer vi å røra ved Guds hjarte slik at han svarer oss. Vi ber ikkje for å be. Bønn er ikkje eit pliktløp der vi lirer av oss ord eller går gjennom faste bønneritual.

    (more…)