Category: Bibel

  • Sjå meg og miskunna deg over meg

    Salme 119,159 Sjå, eg elskar dine påbod (6490)! Herre, gjev meg liv i di miskunn!

    For andre gongen i denne bolken ber David om å bli sett og vurdert. Først sa han: sjå mi naud, og no seier han, sjå kor eg elskar dine påbod. David elska ikkje berre Guds gode lovnader, han elska Guds påbod. Det er lett å vera glad i dei gode orda og lyse lovnadene, men det er dessverre mange som ikkje er like glad i Guds bod. Nokre vil helst gløyma eller motarbeida Guds påbod når dei går på tvers av den livsstil dei har lagt sin elsk på.

    (more…)

  • Eg ser dei trulause og kjenner avsky

    Salme 119,158 Eg ser dei trulause og kjenner avsky, dei tek ikkje vare på ditt ord.

    David er ein mann med integritet. Han elskar Herren av eit heilt hjarte og er heil i si ferd. Når han ser trulause menneske kjenner han avsky, seier han. Slik viser han at å elska Herren er å hata urett og vondskap. Eg ser dei trulause, seier han, og meiner at han forstår den indre karakteren deira. Han skjønner kva dei prøver oppnå og måten dei oppfører seg på. Når han tenkjer på kva enden deira vil bli kjenner han både sorg og avsky.

    (more…)

  • Å kompromissa på sanninga i Guds ord har inga framtid.

    Salme 119,157 Det er mange som jagar meg og står meg imot, men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod (Strong 5715).

    David er forfølgd og har mange fiendar. Dei som jaga han og hadde avsky for han var mange. Den vondskapen og fiendskapen han møtte frå menneske står i grell kontrast til Guds gode miskunn som han nemner i førre verset. Det er litt underleg å tenkja på at ein slik from og gudfryktig mann som David hadde mange som jaga han og stod han imot. Kanskje er det den fromme gudsfrykta som er sjølve grunnen for den motstanden han møter?

    (more…)

  • Be i samsvar med Guds store hjartelag og gode lover

    Salme 119,156 Herre, di miskunn er stor, gjev meg liv etter dine lover!

    David lært Gud å kjenna som nådig, kjærleg og miskunnsam. Dette gjev han frimod til å koma fram for Gud og be store bønner. Guds mangfaldige hjartelag er stort og det tek David utgangspunkt i når han ber. Det kan også vi gjera.

    Når vi kjem fram for Gud har vi ingenting i oss sjølv å rosa oss av. Vi har ikkje rett eller krav på noko frå Den Heilage og Allmektige Gud, for vi har alle synda og manglar hans herlegdom. Likevel kan vi koma med frimod og bera fram bønnene våre. Det er Guds store miskunn eller hans trufaste kjærleik som gjer at vi kan stiga fram for han med våre små og store bønner, med bønnerop og stille sukk. Gud elskar oss med ein evig kjærleik, elles hadde det vore ute med oss, og difor kan vi koma til han uansett korleis vi har det.

    Legg merke til at David tek utgangspunkt i Guds varme hjartelag og ber om å få liv etter Guds lover. Når vi har desse to enkle tinga på plass, kan vi rekna med at Gud høyrer og svarer. Å be om liv etter Guds lover er det same som å be om liv etter Guds vilje. Guds lover i dette verset handlar om Guds dommar, om hans avgjersler, om det han har bestemt. Det er alltid trygt å be om noko etter Guds lovnader og lover. Då ber vi etter hans vilje og kan ha vissa om at han høyrer oss.

    Vi treng med andre ord å vera trygge på Guds varme og mangfaldige hjartelag, på hans nåde, miskunn og trufaste kjærleik når vi ber. Då kan vi be med barnleg tillit til vår himmelske Far. Vi treng også å vera trygge på Guds lover, på hans kjærlege vilje og gode lovnader. Då kan vi be med tru og forventing. Guds kjærlege hjartelag og hans gode lover er det beste utgangspunktet for eit rikt bønneliv. Når Gud miskunnar seg over oss, fornyar og forfriskar han oss etter sitt ord.

  • Kva skjer når vi ikkje spør etter Guds forskrifter?

    Salme 119,155 For dei lovlause er hjelpa langt borte, dei spør ikkje etter dine forskrifter.

    David har nett med stor tru og tillit bede om hjelp, utfriing og frelse i trygg visse om at Gud vil høyra bønna hans og gripa inn. Stoda til dei lovlause står i grell kontrast til dette. Hjelpa er langt borte frå dei og dei har inga håp om berging. Guds ord gjev stor trøyst til menneske som angrar si synd og vender om frå si lovlause ferd, men for dei lovlause er det inga trøyst å få. Vi må gje akt på sanningane i dette verset og lata oss åtvara til ikkje å vera som dei lovlause eller ugudelege, for frelsa er langt frå slike folk.

    (more…)

  • Ver min advokat!

    Salme 119,154 Før mi sak og kjøp meg fri, gjev meg liv etter ditt ord!

    Det er tydeleg at David møter mange skuldingar. Fiendane kjem med mange klagemål mot han og gjer livet surt og utriveleg. Dei nøydde seg ikkje med løgn og falske anklagar, for dei gjekk også til åtak på han med hærane sine. David måtte forsvara eg på mange frontar. Dette vart for mykje for han og difor roper han til Gud: Før mi sak.

    (more…)

  • Sjå mi naud og fri meg ut!

    No har vi kome til den tjuande bolken i Salme 119. Dei åtte versa i denne bolken startar alle med den hebraiske bokstaven RES. David kjem fram for Gud med si naud og ber om hjelp. Eit nøkkelord i bønnene hans er «sjå» når han inderleg ber Gud om å sjå han og den stoda han er i, og gripa inn for å hjelpa han.

    ר

    Salme 119,153 Sjå mi naud og fri meg ut! For eg har ikkje gløymt di lov (Strong 8451).

    Sjå min sørgjelege tilstand! Sjå kor vanskeleg eg har det! David kallar på Guds miskunn og medkjensle. Han er i naud og treng utfriing, men han kjem ikkje med konkrete forslag til korleis Gud skal hjelpa han. Han ber rett og slett om at Gud skal sjå han, kva han er utsett for og kva han går gjennom. Det er som han seier: Sjå mi naud, sjå kva eg opplever, og sjå at eg treng berging.

    (more…)

  • Guds ord er truverdig og hans lovbod er evige, dei står alltid fast.

    Salme 119,152 Av dine lovbod har eg lenge skjøna at du har grunnlagt dei for evig.

    Når David seier at han har lenge skjøna at Herrens lovbod står fast for evig, så forstår vi at det er noko han har lært tidleg i livet. BGO seier frå gammal tid og Sepuaginta seier frå byrjinga. David hadde alt frå sin barndom lært Guds lovbod og vitnesbyrd å kjenna. Ut frå kjennskapen til Guds ord kunne han forstå at alt som kjem frå Guds munn har ein evig karakter fordi Gud sjølv er evig.

    (more…)

  • Gud er nær og hans bod er alltid gode!

    Salme 119,151 Herre, du er nær, alle dine bod er sanning.

    David har nett sagt at dei som jagar han er i hælane på han. Han er omringja og forfølgd av fiendar som ikkje bryr seg om Guds ord. Det var inga lett situasjon han var i. Likevel er han trygg, for han veit at Herren er nær. Det er fantastisk å vita at Herren er nær når alt omkring oss er vondt og vanskeleg. Om fienden er nær, er Herren nærare. Om motstandarane er mektige og skremmande, er Herren sterkare og større.

    (more…)

  • Anklagaren pustar oss i nakken!

    Salme 119,150 Dei som skamlaust jagar meg, er nær, dei er langt borte frå di lov (Strong 8451).

    På ny skildrar David den farlege situasjonen han er i. Vonde menneske jagar etter han i vondskap. Dei er i hælane på han. Han høyrer at dei er rett bak han, dei er nær. Dei er skamlause i si forfølging og dei held på å fatt i han. Desse skamlause fiendane hans har inga samvit for dei er langt borte frå Guds lov. Det er jo slik i dag også at dei som vender seg bort frå Guds ord vender seg mot dei som held fast på Guds ord.

    (more…)