Det er palmesøndag! Dei religiøse likte ikkje at barna og læresveinane song og dansa av glede medan dei hylla Jesus. Då Jesus dette til dei: ”Har de ikkje lese?” Så synte han dei at Skrifta er full av oppmodingar til takkseiing, lovsong og lovprising av Gud.
Salmisten seier at Gud har lagt ein ny song i vår munn. Det er sjølvsagt rett å lova Gud for hans velgjerningar mot oss. Jesus sa at om vi teier skal steinane ropa!
Vi trur med hjarta og sannar med munnen, då vert det vårt, det vi seier (Rom.10,19-10)! Vi trur difor talar vi! Vi talar, fordi vi har den Anden som gjev tru (2.Kor.4,13). Fordi Gud har sagt noko, kan vi vere trygge og seia noko i samsvar med ordet frå Gud (Hebr.13,5-6).
Velsigna vere Herren!
Jesus er den første og den siste.
Han er alfa og omega, opphavet og enden!
Han er Den Levande!
Han var død, men sjå, Han lever i all æve!
Han har nyklane til døden og livet!
Han er den som er og som var og som kjem.
Han er igår og i dag den same, ja til evig tid!
Han har all makt i himmel og på jord
Velsigna vere Herren!
Jesus Kristus er det truverdige vitne om Gud.
Han er den førstefødte av dei døde.
Han er Herren over kongane på jorda.
Han elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod.
Han har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far.
Han skal ha æra og makta i all æve. Amen.
Velsigna vere Herren!
Han er Israels Konge, Verdens Frelsar
Han er rettferds Konge
Han er Fredsfyrste
Han er Konge over tidsaldrene
Han er Konge i himmel og på jord
Han er herlegdomens Konge
Han er Konge over kongane
Han er MIN Konge
Velsigna vere Herren!
Herren er mild og nådig
Herren er langmodig og rik på miskunn
Han gjer ikkje med meg etter mine synder
Han løner meg ikkje etter mine misgjerningar
Så høg som himmelen er over jorda
Så stor er Herrens nåde mot meg
Så langt som aust er frå vest
Så langt tek han mine synder bort frå meg
Velsigna vere Herren!
Kristus er min visdom,
han lærer meg å leva vist
Kristus er mi rettferd,
som fører til eit rett liv
Kristus er mi helging,
heile livet mitt er vigd til han
Kristus er mi utløysing,
eg er fri frå alle syndeband
Velsigna vere Herren!
Han tilgjev meg all mi skuld,
slettar ut alle mine synder
Han lækjer all min sjukdom,
tek bort all mi smerte
Han friar mitt liv frå grava,
han frelser meg
Han kronar meg med godleik og miskunn,
paradiskrona av evig paktskjærleik
Velsigna vere Herren!
Han fyller mitt liv med det som godt er,
hyllar meg inn i nåde
Han gjer meg ung att
eg er alltid forfriska i hans nærvær
Han grip inn til frelse i livet mitt
gjev meg rett mot undertrykkjaren
Velsigna vere Herren!
Eg er frikjend frå alt som ville anklaga meg
Gud er den som frikjenner meg!
Ingenting kan fordømma meg
For Kristus døydde for meg!
Ja, meir enn det, Kristus stod opp for meg!
Ja, meir enn det, Kristus sit ved Guds høgre hand for meg!
Ja, meir enn det, Kristus lever for å gå i forbønn for meg!
Difor har eg ei fullkomen frelse i Jesus Kristus, min Herre!
Velsigna vere Herren!
Jesus tok mine sjukdomar på seg
Jesus bar mine pinsler på kroppen sin
Jesus vart såra for mine brot
Jesus vart sundbroten for mine synder
Straffa låg på han, så eg skulle ha fred
Ved Jesu sår har eg fått lækjedom
for alle mine sjukdomar og syndeplagar
Leave a Reply