Verdiar styrer alt vi gjer. Difor er det viktig å setja ord på det som er verdifullt for oss som kristne og vera medvetne om dei grunnleggjande kristne verdiane våre.
Category: Profetisk meditasjon
-
Gravferder er betre enn festivalar!
Eg har den seinare tid vore til stades ved fleire gravferder, her til lands og i andre land. Eg har faktisk vore med på kristen gravferd og ikkje-kristen gravferd (sikh kremasjons seremoni). Desse hendingane får meg til å tenkja, både på dette livet og på det komande livet, og om det å ha æva som perspektiv over alt vi gjer. Det er i samsvar med det som Forkynnaren seier:
”Det er betre å bruka tid i gravferder enn på festivalar. For du kjem til å døy, og du skulle tenkja på det medan du enno har tid. Sorg er betre enn lått, for sorga har ei foredlande verknad på oss. Ein vis person tenkjer mykje på døden, medan dåren tenkjer berre på å ha det gøy no.” Forkynnaren 7,2-4 (Omsett frå New Living Translation) -
Gamle og nye former
Eg har dei siste månadene besøkt fleire ulike kyrkjelydar. Dei har stått i ulik tradisjon og har hatt ulik bakgrunn. Dei har vore både gamle og nye med høg og låg gjennomsnittsalder. Dei har brukt både gamle og nye former, nokon har vore høgtidelege og stive andre uformelle og frie. Eg har møtt både gamle og unge menneske, folk som har vore kristne i mange år og folk som har vore nye på vegen. Gudstenestene har vore av varierande kvalitet og kor stor grad folk har teke del og vore med å skapa liv og glede har det vore veldig stor skilnad på.
-
Frelse til folk rundt oss
Gong på gong minner Herren oss om sitt frelsande forsett og sine frelsande gjerningar. På mange ulike måtar talar han til oss for å få oss til å ha rett fokus i livet vårt og gjera oss til medarbeidarar for sin frelsesplan i vår tid. Anden seier med tydelege ord at vi lever i ei tid med vekking og innhausting, vi må berre intensivera bønnelivet og fortelja med stort frimod til alle menneske at Gud frelsar.
-
Elvar av levande vatn
Det sentrale i Jesu forkynning og undervisning var evangeliet om Guds rike. Gjennom sine gjerningar demonstrerte han Guds rike som hadde vorte kjøt og blod i han. Han brukte mange bilete for å hjelpa læresveinane å få tak i det inste vesen i dette riket. Sjølvsagt auste han frå den rikdom av førestillingar og bilete som dei profetiske skriftene i Det Gamle Testamente er fulle av.
-
Eit sunt kristenliv
Eit sunt kristenliv har fleire klare kjenneteikn. I dag vil eg dela nokre tankar om dette med alle som kjem innom. Det er mi bønn at desse tinga eg her deler skal verta til velsigning og hjelp til ny vokster og åndeleg utvikling.
Eit sunt kristenliv inneber å vera oppteken av det apostoliske oppdraget om å forkynna evangeliet Guds rike slik at folk vender om frå synd og bøyer seg under Jesu Kristi Herredømme. Alle kristne står under Jesu ordre om å gå ut i all verda og forkynna evangeliet for alle menneske. Sunne kristne vil alltid fokusera på å gjera Jesus Kristus kjend, elska og etterfølgd. -
Bønn for byen vår
Vi som er kristne er kalt til å be for byen eller bygda vår. Vi er kalt til å velsigne alle mennesker. Vi er kalt til å nedbe Guds velsignelse over den plassen vi bor på. Derfor har jeg lagt ut en bønn som alle kan gjøre bruk av når de løfter heimplassen sin opp til Gud. Denne bønna ble født i samband med en felleskristen bønnemarkering på de sju byfjella i Bergen.
Sett inn navnet på din heimplass der vi nevner Bergen! -
Bønnetenesta
Frå Guds ord forstår vi at bønn har førsteprioritet framfor alle andre ting (1.Tim.2,1). Apostelen seier at det viktigaste av alt, det vi må gjera før vi gjer nokon andre ting, er å koma fram for Gud i bønn og takk for alle menneske. Den viktigaste og største av alle tenester er å stiga inn i Guds nærvær, vera for hans åsyn og bruka tid med Gud. Når vi brukar tid med Gud, kan vi bera fram for han bønner, forbønner, påkalling og takk for alle menneske.
-
Ei tid med vokster – ei tid med mangfald
Gud har den siste tida tala til oss på mange ulike måtar om ei ny tid med vokster og med mangfald. Herren har tala til oss gjennom bilete om å så og hausta, om å skyta nya skot, om at det skal spira og gro mellom oss og om å vera innhaustingsarbeidarar. Folk kjem med ny styrke frå Herrens åsyn og ber fram ord om at vi går inn i ei ny tid med vokster og framgang for Guds rike. Nytt liv skal frigjerast, gåver skal delast ut og vi skal ta nye steg i tru. Guds vind skal blåsa, regnet frå himmelen falla og jorda skal bera si grøde, som er frelse til mange menneske!
Difor kallar Herren oss til eit nytt fokus på bønn og det å forkynna evangeliet for det er det som gjev vokster. Herren vil på ein spesiell måte arbeide mellom to store grupper av menneske: Dei fråfalne, det vil seia dei som har smakt Guds kraft eller sett Guds Ande verka i heimen sin, og dei som ikkje har noka kristen bakgrunn og som ikkje kjenner evangeliet. Dei fleste menneske i vårt land er i ei av desse gruppene. Difor kan vi vera veldig frimodige i å forkynna evangeliet for dei.
Fordi vi lever i ei tid med vokster kan vi alle ta initiativ på nye område og våga å ta nye steg inn i det Gud har tala til oss om! Difor må vi elska fram eit mangfald mellom oss og i den enkelte. Vi må ikkje slå oss til ro med det vi er, men tøya oss etter alt Gud har for oss. Det er ei tid med personleg vokster og fornying. Det er tid med vokster for heile fellesskapet! Det er ei tid med framgang for Guds rike! -
Det er ikkje godt å vera åleine!
Då Gud skapte såg han på det han hadde laga og sa seg overlag nøgd med det han hadde gjort. Heilt til det første mennesket tok fatt på si livsgjerning åleine, var alt godt. Men Skaparen sa da at det ikkje var godt for menneske å vera åleine. Det streid mot mennesket sin natur, det var jo skapt i Guds bilete, i Guds likning. Og Gud har aldri vore åleine. Han har alltid eksistert som tre i ein og ein i tre, – det er tre personar i Gud. Den Allmektige Gud er eit heilagt samfunn, ein heilag familie: Fader, Son og Heilag Ande.
Difor finn vi at Gud gjer ingenting åleine. Faderen, Sonen og Den Heilage Ande arbeider alltid saman i alt Gud gjer. Då mennesket vart skapt sa Gud: ”Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal ..!” Legg merke til korleis Gud snakkar i oss og vårt når han snakkar om seg sjølv og med ein gong han snakkar om mennesket si oppgåve, seier han dei! Han snakkar om eit fellesskap av menneske som saman skal bera hans bilete og saman vera ein avglans av hans herlegdom!
Fordi Gud er treeining, avspeglar alt Gud gjer mangfald! Han skapar ikkje kopiar, berre originalar. Kvart einaste menneske er unikt og har ein plass i Guds frelsesplan. Det er Guds vilje at kvart menneske skal avspegla sin eineståande del av Guds herlegdom. Alle menneske er skapt i Guds bilete til å vera til lov og pris for hans herlegdom.
Det er ikkje godt å vera åleine. Ingen av oss kan fullføra Guds plan åleine. Vi er skapt for fellesskap. Det vi kan vera saman, er større enn summen av det vi kan vera kvar for oss! Difor må vi læra å tenkja og snakka i det guddommelege og inkluderande oss! Det er for smått å tenkja i meg og mitt! Det er for smått å tenkja på mi forsamling, mitt kyrkjesamfunn! Det er ikkje godt å vera åleine! Vi er skapt for noko større!
Vi er Guds familie! Alle som ved trua på Jesus Kristus er født på ny, er våre søsken. Vi høyrer saman, vi har ansvar for kvarandre! Vi må visa at vi er glad i kvarandre!
Vi er Jesu Kristi lekam. Vi er alle lemmar for kvarandre i ein lekam! Vi har ulike nådegåver, oppgåver og funksjonar, men vi er sett saman på den same lekamen! Saman med alle kristne er vi Kristi skjønne brud!
Vi er ein bustad for Gud i Anden. Vi er levande steinar bygd saman til Guds hus. Måten vi lever saman på, avgjer kor godt Gud kjenner seg heime mellom oss! Lat oss halda saman og byggja saman, for vi treng kvarandre! Ein stein skaper ikkje ein bustad!
Alle kristne på kvar plass er skapt for eit rikt fellesskapsliv! Vi må ikkje stengja oss inne på kvar våre forsamlingshus. Vi er kalla til eit felles liv som avspeglar Guds herlegdom! Lat oss difor verdsetja kvarandre og gje rom for alle individuelle variasjonar mellom forsamlingane og stå fram som eitt folk, ei kyrkje, – eit nytt menneske i Kristus. Lat oss sleppa alle kreative krefter laus! Lat oss vera fargerike og mangfaldige, – til velsigning for alle menneske der vi bur!
Det er tid for kristne leiarar å ta dette på alvor og leggja til rettes for fellesskap og samhandling på tvers av kyrkjesamfunnsmessige skiljelinjer.