Det finst mange meiningar om Bibelen og mange grunnar for å lesa og ikkje lesa denne boka som har hatt så mykje å seia for heile sivilisasjonen vår. Vil du vita kvifor du bør studera Bibelen kan du lesa meir!
Category: Profetisk meditasjon
-
Musikken i livet vårt
I salme 119 skildrar forfattaren (sannsynlegvis David) si haldning til Guds ord og kva Guds ord er og har vore for han gjennom eit langt og spennande liv. Mange av versa i denne salmen eignar seg godt til å læra utanåt for å hjelpa oss til å halda stø kurs i kristenlivet. Det gjeld ord som dette:
Korleis skal ein ungdom halda sin stig rein? Når han held seg til dine ord (v9). I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg (v11). Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig (v105).
Siste veke har eg brukt tid med studentane Bibelskulen. Det er ungdom som har sett til sides eit heilt år for å arbeida med Ordet og la Ordet få arbeida med dei for å forma dei og utrusta dei til teneste for Gud i samfunnet og i det kristne fellesskapet. Eg vi ønskja dei til lukke med prioriteringa dei gjorde då dei sette av eit år til å studera Ordet og ønskja dei Guds rike velsigning i dagar som kjem. Dei snart går tilbake til vidare studiar eller arbeid det vil syna seg kva dei har lært og kva Gud har fått gjort med dei medan dei brukte tid med Ordet. -
Å ha ein Gudsrikegrunnvoll for livet
I kvar einaste byggverk er grunnvollen det viktigaste og mest grunnleggjande. Sviktar grunnvollen vil heile byggverket falla frå kvarandre. Er grunnvollen liten kan det berre byggjast eit lite hus oppå. Er grunnvollen stor og sterk, kan det reisast eit stort byggverk som vil verta ståande.
-
Kven eg er i Kristus
Før eg møtte Jesus Kristus gjekk eg min eigen veg og var fortapt i mine synder. Då Jesus fann meg og kalla meg til omvending og frelse, fekk eg tilgjeving og nytt liv, – bare på grunn av hans store og ufortente nåde. Mi frelse kviler ikkje på noko eg har gjort eller må gjera, men bare på det Gud har gjort for meg i Jesus Kristus, min Herre!
-
Evangeliet i ei ny tid
Evangeliet vart til i ei ny tid. Den gamle tida med lovtrældom var over. Dei religiøse leiarane forsto ikkje det tidsskifte dei levde i. Difor var dei ikkje i stand til korkje å forstå tida dei levde i eller dei folka dei var sett til å hjelpa. Dei hadde berre gamle svar på avleggse problemstillingar! Dei hadde ferdige formuleringar som hjelpte folk i farne tider, men dei hadde ikkje noko å seia til dei lengtane folk bar på i si eiga tid! Difor hadde dei ikkje noka godt nytt å fortelja til folk, berre gamle klisjear og utslitne ord som vart opplevd som fordømmande.
-
Ikkje eigen interesse, men Guds vilje!
Det er Jesus som på denne måten skildrar sitt eige liv. Fleire gonger ser vi at han seier kvifor han er komen. Han seier han er sendt på eit oppdrag. Han har ei klar meining med livet. Han veit kvifor han er her. Ikkje for seg sjølv, men for noko som er større. Ikkje eigen interesse, men Guds vilje. Ikkje eigen ære, men Guds ære.
-
Gud vil bu i gata vår!
Det går ein rød tråd gjennom heile Bibelen: Gud elskar menneske! Mennesket vart skapt til samfunn med Gud. Synda øydela dette nære forholdet, men Guds frelsesplan er å føra mennesket tilbake til seg. Då Gud frelste Israel ut av trældomen Egypt sa han: ”Eg vil bu midt i mellom dei!” (2.Mos.25,8-9). Når Guds store frelsesplan i Jesus Kristus er fullført, vil Guds bustad vera hjå menneska (Op.21,3-4).
-
Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!
Då eg i 1977 arbeidde på ”Condeepen”, oljeplattforma som no er kalla Statfjord A og vart bygd i Jåttåvågen ved Stavanger, hadde eg ei natt ei sterk oppleving med Herren. Eg hadde nett lese profeten Esekiel fortelja korleis Herrens hand kom over han og førte han til ein dal full av tørre bein. Det synet Esekiel såg og det han opplevde, opptok meg svært mykje. Eg gjekk på dekket, mellom dei 120 meter høge skafta på ”Condeepen” og venta på å få ein av kranførarane i tale for å flytta noko utstyr til dei som skulle montera det. Denne natta var det mange som hadde bruk for kranane og eg måtte venta på tur, difor brukte eg ventetida til å be.
-
Kva er synd?
Jesu syndeliste
Då eg var ung hadde vi lange lister over ting som var synd og ting som ikkje var synd. Mi syndeliste var veldig lang for eg tilhøyrde den radikale fløyen på bedehuset. Sminke var synd, permanent var synd, øyrepynt var synd, men halskjede var ikkje synd. Det var synd å plystra, det var synd å gå på kino, det var synd for jenter å gå i bukser (mannfolk klede). Ei stund var det faktisk synd å ha skjegg! Alt som var på mote var synd for kristne, dei kunne berre bruka dei kleda som var på mote for eit par år sidan.
Det tragiske var at vi var heilt og fullt overtydd at vi hadde rett, men vår forståing av synd var heller mangelfull. Vi var hovudsakleg opptekne av ytre ting og forstod lite av syndas verkelege vesen. Vi skal i denne artikkelen sjå litt på Jesu undervisning om synd. Han sette lyset på heilt andre ting enn eg gjorde i min ungdom! Eg trur vi har mykje å læra av han på dette området! -
Å sjå Gud i kvardagen
Gud kjem ofte på andre måtar enn det vi ventar.
Han er ikkje bunden av menneskelege tankar og førestillingar. Han kjem slik han vil, han oppfyller profetordet etter sin eigen plan og ikkje etter våre program. Om vi er audmjuke og åndelege vil vi kunna gjenkjenna Anden i det som hender og forstå at det er Gud som kjem, jamvel om det er på ein uventa måte.