Category: Profetisk meditasjon

  • Bønnens kraft

    Rettferdig manns bønn har stor kraft og verknad. Jak.5,16

    • Bønn har utretta ting som har vore sett som umulege og uoppnåelege.
    • Bønn har overvunne alle naturkrefter og naturlege element som eld, luft, jord og vatn har måtta bøya og føya seg som svar på bønn.
    • Bønn opna Rødehavet.
    • Bønn fekk vatn til å strøyma frå berget i øydemarka.
    • Bønn fekk brød til å falla ned frå himmelen.
    • Bønn fekk eld frå himmelen til å falla på altaret som Elija reiste på Karmel.
    • Bønn fekk Assyrarhæren til å røma.
    • Bønn har gjort sjuke frike.
    • Bønn har gjeve blinde syn og døve hørsel.
    • Både små og store under kan førast tilbake til bønn.
    • Bønn har ført til vekking og frelse for tallause mengder menneske.
    • Heile folkeslag er vunne for trua på Jesus som svar på bønn.
    • Heile byar og bygder har vorte forvandla på grunn av bønn.

    Be dei største bønner du kan førestilla deg! Du kan aldri be så store bønner at Gud når han svarar ikkje vil ønska at du hadde bede om meir (Ef.3,20). Ikkje be om krykker til å støtta deg på. Be om venger så du kan fly til nye høgder!

  • Andens vind bles

    På ny bles Gud nytt liv inn mellom oss i ei grunnleggjande fase med utviding slik han har gjort mange gongar før. Gjennom undervisninga om grunnvollen for kristenlivet, om det å kjenna Kristus, har openberring og ny forståing kome til mange av oss. No kjem Den Heilage Ande for å føra oss vidare så det som vert bygd på grunnvollen kan verta ståande.
    Jesus sa at det berre er ved ein ny fødsel ved Den Heilage Ande at vi kjem inn i Guds rike. Den som er født av Anden vil vera leia og ført av Anden som bles som ein vind i verda. Vinden er svært følbar og har synlege verknader, men vi veit lite av kor han kjem frå eller fer av. Dei ulike årstidene er også kjenneteikna av ulike slags vindar. Når vi har ei åndeleg forståing av tida vi lever i, vil vi lettare kunna forstå korleis Andens vind bles og kva han gjer i denne tida.
    I 1.Kong.19,9-18 fortel Bibelen oss om den brennhuga profeten som var harm på Herrens vegne over synda og gudløysa i samfunnet han levde i. Då kalla Herren han til å koma og stå for hans åsyn, i hans nærvær, for det var noko han ville visa han. Medan han stod på fjellet for Herrens åsyn, kom det ein sterk storm som knuste knausar, men Herren var ikkje i stormen. Etter på kom det eit stort jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet. Så kom det ein sterk fortærande eld, men Herren var ikkje i elden heller.
    Profeten var harm og oppøst i si ånd, men det var ikkje på den måten Herren ville koma til folket. Det var mange ting i samfunnet å verta harm over, men Herren ville i sin nåde koma på ein annan måte for å gjera sitt verk. Han kom som ein mild og linn vind som kjærleg strauk over profeten og stilna harmen hans. Herren kom ikkje i bulder og brak, men i ein stille sus av Andens vind.
    Vi treng å læra at Herren gjer kva han vil, når han vil på sin måte! I desse dagar bles Anden forfriskande krusedullvind som skapar glede og modnar hausten. I desse dagar bles Anden med sin milde og linne sus av sitt nærvær mellom oss. Det er ei tid med nåde, tilgjeving, frigjering, gjenreising og lækjedom på mange område.
    Anden vil gjera oss milde og vennlege så vi kan tala ord med lækjedom og lindring i. Når vi gleder oss i Den Heilage Ande og gjer det han vil, vil vi frigjera liv og glede i andre som vil opna seg opp og dela av det gode Gud gjer i deira liv.

  • Andens tid

    Når vi oppsummerar Bibelen si skildring den tida vi lever i, må vi kalla denne tida for Andens tid. Vi lever i ei tid kor den tredje person i guddommen på ein serskilt måte er nærverande og verksam i det kristne fellesskapet og i samfunnet. Jesus sa at dette var til gagn for oss, for det var slik Den treeinige Gud hadde sett seg føre å fullføra sine planar med sitt folk.
    Det er berre når vi slepper Anden til mellom oss at vi kan vera den kyrkjelyd Gud ønskjer seg. Det er berre når han får koma til i våre eigne liv at vi kan verta alt det Gud har etla oss til. Det er berre når vi let Anden få leia oss og bruka oss i kvardagen at vi kan vera med å fremja Guds rike der vi bur og arbeider.
    Alle åndelege kristne vil merka at det i desse dagane er eit sterkt åndeleg trykk i den usynlege verda. Fienden har trappa opp sine frekke åtak, men han er dømt til å mislukkast. Viktigare er det at Guds Ande i desse dagane pressar på med sitt nærvær for å gjera sitt verk og fullføra Guds plan i oss og gjennom oss. Difor er det så viktig å leva i åndeleg fornying og forfrisking, så vi ikkje vert proppar som hindrar Anden i å gjera alt han vil.
    Vi må vera villige å frigjera oss frå tilvante måtar å gjera ting på. Vi må vera villige til å setja til sides gamle former, så nytt liv får strøyma fram. Vi må vera villige til å vera snare til å lyda Anden som tilskundar oss til handling. Vi må vera villige til å våga å dumma oss ut om nødvendig, for at Anden skal få sin veg og vilje.
    Andens tid er ikkje vår tid til å gjera våre eigne ting på. Læresveinane hadde mange gode forslag til kva Jesus skulle gjera, men han svara at hans tid endå ikkje var komen. Vi må slutta å prøva å få Anden inn i våre tidsskjema og menneskelege opplegg. Vi må heller seia nei til vår bruk av tid, for å bruka tid med Anden. Vi må læra å venta i hans nærvær. Vi må lytta etter hans røyst med forventing og vera kvikke til å lyda. Andens tid for oss er når Anden får føra og leia oss slik han vil og gjera sine gjerningar mellom oss til Guds ære.
    Over heile verda lærer kristne menneske å lyda Anden meir enn menneskelege tradisjonar og former. Det er ei veksande sannkjenning mellom kristne i dag at vi er fullstendig avhengig av Andens gjerningar mellom oss for å kunna gjera Jesus Kristus kjend og elska av stadig fleire menneske. Der vi på grunn av den postmoderne samfunnsutviklinga står overfor store kommunikasjonsvanskar, kjem Anden oss til hjelp i ei forkynning av Ordet om krossen med provføring av Anden og kraft som ingen kan stå imot.
    Der Anden får sleppa til, kjem Guds ord i høgsetet. Anden som inspirerte profetane til å skriva gjer Ordet til lys på vår veg ved å forklara det for oss. Ordet og Anden høyrer saman. Anden gjer Ordet levande i våre hjarte og let det verta den styrande krafta i alt vi gjer. Anden viser oss kva Gud har lova og kva han i sin nåde har gjeve oss i sin kjære Son. Anden utløysar ein overstrøymande rikdom av nåde mellom Guds folk.
    Guds lovnader for dei siste dagane er at han skal renna ut sin Ande over alle menneske slik at unge og eldre, guttar og jenter, kvinner og menn kan høyra hans røyst og tala ord frå Gud. Alt Gud har lova skal oppfyllast. Dette er dagar kor Gud innfrir lovnadene sine, dette er dagar med oppfylling av det Gud har tala. Difor er det tid til å søkja å verta fylt på ny av Anden. For vi kan berre sjå Guds lovnader oppfylt ved Andens kraft. Det er berre det folket som let seg leia av Anden som vil sjå Guds plan fullført. Vi lever i Andens tid, det er ei tid med kraft og utrusting til teneste for å fullføra oppdraget vårt.
    Erling Thu

  • Folk spør etter å få sjå Jesus!

    I Johannes evangeliet finn vi forteljinga om grekarane som gjerne ville sjå Jesus. Andreas og Filip gjekk til Jesus med ønsket deira. Då gav Jesus dei eit uventa svar:
    Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. (Joh.12,24)
    Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. (Joh.12,25-26)
    Eg må ærleg seia at eg har stussa litt på dette svaret Jesus gav dei på bakgrunn av at folk ville sjå han. I første omgang verkar svaret avvisande, men ser vi nøyare etter oppdagar vi kva som ligg Jesus på hjarta. Det som ligg på Jesus hjarta er at mange skal få sjå han gjennom mange menneske. Skal det henda, må vi ikkje vera opptekne av oss sjølve og våre former eller måtar å gjera ting på. Det er berre når kveitekornet vert lagd i jorda og døyr, at det kan gje stor grøde. Om ikkje dette hender vil det berre verta verande eit korn åleine.
    Jesus er kveitekornet som vart lagd i jorda og døydde. Men frå hans død spirde det fram ein ny kropp, ei ny form, eit nytt uttrykk for livet i kornet, som gav liv til mange fleire korn med det same liv i seg. Når så desse nye korna vert lagde i jorda og døyr, gjev dei liv til stadig fleire menneske, – det vil seia at mange fleire menneske får sjå Jesus gjennom stadig fleire menneske som er livgjevande i heile sin måte å vera på.
    Når vi ser samanhengen denne forteljinga om grekarane står i, forstå vi at religionen hindra folk i å koma til Gud. Grekarane hadde ikkje tilgjenge til påskefeiringa i templet. Den jødiske religionen stengde dei ute som ureine. Dei ti boda hadde vorte til tusenvis av bod og reglar om kva ein kunne gjera eller ikkje gjera. Religionsvaktarane var harde og fordømmande.
    Heller ikkje i den religiøse begeistringa på palmesøndag fekk dei møta Jesus. Lovsong og glede er sjølvsagt rett, men den ytre begeistringa treng ikkje vera livgjevande! Det er skræmande kort veg mellom hosianna ropa på palmesøndag og krossfest han ropa på langfredag!
    Jesus seier at kveitekornet må leggjast i jorda og døy for å føra livet vidare! Det ytre skalet må gjennombløytast, mjuknast opp og brytast ned av fukta i jorda. Spirekrafta i kornet må frigjerast. Ei livsform må døy og vika for ei ny form for veksande liv. Den nye livsspiren syg næring frå det gamle kornet og jorda det er sått i! Parallellane til prosessane dei kristne fellesskapa må gå gjennom for å vera livgjevande er tydelege for dei som har opne auge og øyrer.
    Gud har kalla oss til å vera livgjevande. Då må vi minka så han kan veksa. Då må vi forstå at det er sælare å gje enn å få. Det må prega oss at det er større å bøya seg ned å tena enn å sitja høgt og styra! Den som elskar sitt eige liv vil missa det, medan den som seier ne til seg sjølv, vil gje liv og velsigning til mange. Dette må levast ut i nærmiljøet vårt. I heimen, på skulen, på arbeidsplassen, i cellegruppa, i bydelen, i byen, i fylket, i landet og heilt til verdens ende!
    Stadig fleire menneske spør om å få sjå Jesus! Det er ei åndeleg oppvakning i vår tid. Folk søkjer åndelege opplevingar. Materialismen og rasjonalistisk kristendom har kome til kort. Folk søkjer etter åndelege realitetar. Om vi følgjer i Jesu fotefar og døyr til oss sjølve, kan vi visa folk kven Jesus er og hjelpa dei til å oppleva korsets frigjerande kraft.