Visjonen
Ein type kom bort til meg og sa: ”Kva er visjonen? Kva handlar det om?”
Eg opna munnen min og orda kom ut som dette:
Visjonen?
Visjonen er JESUS – den altoppslukande, farlege, unektelege Jesus
Visjonen er ein hær av unge menneske
Du ser bein? Eg ser ein hær. Og dei er FRIE frå materialisme!
Dei ler av dei små 8-4 slavane
Dei kunne eta kaviar på måndag og brødskorper på tysdag
Dei ville ikkje eingong merka skilnaden
Dei forstår meininga med The Matrix, dei veit koss Vesten vart vunnen
Dei er mobile som vinden. Dei tilhøyrer nasjonane. Dei treng ikkje pass.. Folk skriv adressene deira med blyant, og undrast over deira merkelege liv. Dei er frie, men er likevel slavar for dei såra, skitne og døyande.
Kva er visjonen?
Visjonen er eit heilagt liv som blendar augo. Det får barn til å le og vaksne til å verta forarga. Det gav opp spelet om minimum integritet for lenge sidan, men strekkjer seg etter stjernene. Det foraktar det som er bra og strevar etter det beste. Dette livet er farleg reint!
Lyset når inn i kvart skjult motiv, i kvar private samtale.
Det elskar folk bort frå deira sjølvmordstankar, deira leik med Satan.
Dette er ein hær som ofrar livet for Oppdraget.
Millionar gongar kvar dag kjem soldatane til å
Velja å mista alt
Så dei ein dag kan få høyra
Det store ordet: ”Bra gjort, trufaste søner og døtrer!”
Slike heltar er like radikale på måndag morgon som på søndag kveld. Dei søkjer ikkje ros. I staden smiler dei stille opp mot himmelen og høyrer vitneskaren ropa oppatt og oppatt ”STÅ PÅ! STÅ PÅ”
Lyden stig frå undergrunnen
Kviskring om historie på gang
Grunnvollar skakar
Revolusjonærar drøymer på ny
Hemmelege planar kviskrast
Ei mumling blant dei samansvorne
Og dette er lyden frå undergrunnen
Hæren er disipl(in)er(t)
Unge menneske som tvingar kroppane sine til lydnad
Kvar soldat er budd på å døy for sin våpenbror
Tatoveringa på ryggen seier skrytande: ”Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning” (Fil.1:21).
Offer kveikjer sigersgløden i deira oppvende augo
Vinnarar. Martyrar. Kven kan stoppa dei?
Kan hormon halda dei tilbake?
Kan fiasko lukkast? Kan frykt skræma dei eller døden drepa dei?
Og denne generasjonen ber
Som om det galdt livet
I djupe sukk
Som frå ein døyande mann
Med stridsrop, brennande tårer
og store lass av lått!
Dei ventar. Dei vakar: 24 – 7 – 365
Dei gjer det som kravst av dei: Dei bryt reglar. Dei skakar det middelmåtige frå sine koselege gøymestader. Dei legg ned rettane sine og dei små feilstega sine. Dei fastar frå det nødvendige og ler av merkevarer! Reklamefolka kan ikkje forma dei. Hollywood kan ikkje halda dei. Gruppepresset får dei ikkje til å skifta meining på nattlege festar før hanen gjel.
Dei er utruleg kule, farleg tiltrekkjande
– på innsida.
Og utsida? Dei bryr seg knapt. Dei ber kler som kostymer for å kommunisera og feira, men aldri for å gøyma seg.
Vil dei gje opp sitt rykte eller sin popularitet?
Ja, dei vil leggja ned sine liv. Dei vil bytta plass med den dødsdømde – skuldig som helvete. Dei vil bytta kongstolen med den elektriske stolen.
Med blod, sveitte og mange tårer, i søvnlause netter og dagar utan frukt, ber dei som om alt var avhengig av Gud, og lever som om alt var avhengig av dei.
Deira DNA vel Jesus (han andast ut, dei andast inn)
Det umedvite syng i dei. Dei har bytt blod med Jesus.
Orda deira får demonar til å skrika på kjøpesentera
Høyrer du ikkje at dei kjem?
Hylla dei merkelege! Kalla saman taparane og frikane. Her kjem dei redde og gløymde med eld i augo. Rakrygga står dei fram og trea klappar, skykraparane bøyer seg, fjella vert som dvergar mot desse barna av ein annan dimensjon. Bønnene deira kallar saman himmelens jakthundar og vekker opp den gamle draumen fra Eden.
Visjonen ber røyndomen i seg. Det kjem til å henda. Det kjem lett. Det kjem snart.
Koss kan eg vita det?
Jo, for dette er sjølve lengten hjå alt det skapte, det Anden stundar etter med djupe sukk, Guds eigen draum.
Min morgondag er hans i dag. Mitt fjerne håp er hans 3D.
Og mi svake, kviskrande, bønn utan tru, manar fram eit dundrande, gjallande, omskakande stort ”Amen!” frå tallause englar, frå heltar av trua, frå Kristus sjølv – den opphavelege drøymaren, Han er den største vinnaren.
Garantert!
Tekst: Pete Greig, skrive på veggen i eit bønnerom 1999. Brukt av Gud til å starta ei verdens vid bønnerørsle, 24-7-365! Omsett av Erling Thu, 2005