I den seinare tida har Gud gjeve oss eit fornya fokus på fellesskap. Eg tala om det på gudstenesta sist søndag i Kristent Fellesskap Bergen. Om du les vidare kan du sjå preikeutkastet mitt!
Levande, veksande fellesskap
Gud oppfyller draumar!
Våg å drøyma store draumar!
Er levande, veksande fellesskap muleg?
Kan vi sjå ei grasrotrørsle av disiplar som vinn disiplar som vinn disiplar osv, som kan famna vidt i heile landet vårt og fylla det med levande fellesskap som er veksande og strålande Guds Rike lys som fyller alle nærmiljø, skular og arbeidsplassar med Guds nærvær?
Set ord på draumen!
Ord er fylla av skapande kraft
Ord er levande frø som frigjer nytt liv i andre
Ord får folk til å handla, å gjera ting
Ord set folk i rørsle og skaper samhandling og framgang
Anden skaper eit fellesskap kor tillit, ansvar og truskap er meir enn fine ord
eit fellesskap kor folk lærer å vera pålitelege
eit fellesskap kor folk lærer å ta ansvar, – både for seg sjølv og andre
eit fellesskap kor folk bryr seg om kvarandre
eit fellesskap kor folk lærer å setja dei andre først
eit fellesskap kor folk syner truskap både i det dei seier og gjer
eit fellesskap kor pakt er ein levande røyndom for folk
Anden skaper eit forpliktande fellesskap
eit fellesskap kor kjærleiken bind folk til folk
eit fellesskap som knyter menneske til menneske trass alder og bakgrunn
eit fellesskap kor det å forplikta seg ikkje er noko skremmande, men den største glede
eit fellesskap kor folk er viktigare enn aktivitetar og forsamlingsprogram
eit fellesskap kor mellommenneskelege forhold er viktigare enn tru og meiningar
ei forsamling som fremjar vennskap og fellesskap i alt dei gjer
Anden skaper eit fellesskap kor alle har eit nettverk av venner i små grupper
eit fellesskap kor livsnære grupper ikkje er ein av mange aktivitetar, men sjølve forsamlingslivet
eit fellesskap kor alt vert gjort gjennom livsvære grupper
eit fellesskap kor livsnære grupper er mykje meir enn eit husmøte, men eit jordnært kvardagsliv
eit fellesskap kor alle får hjelp til å vera trufaste venner og vinna vennene sine for Jesus
eit fellesskap kor det er nettverket av venner i små grupper som er den plassen kor vanskar vert løyste
eit fellesskap kor dei tette vennskapsforholda er frigjerande og hjelper til å vinna nye venner
Anden skaper eit fellesskap med overnaturleg liv og kraft
Kjenna Gud og la seg leia av Anden
Vera salva av Anden til å tena andre menneske med Guds kraft
Leva i og bera Guds nærvær med seg i kvardagen
Bry seg om andre og bruka alle høve til å vinna menneske for Jesus
Kristent Fellesskap i Bergen
Kristent Fellesskap i Bergen skal vera ein apostolisk base og ein pådrivar for disippelgjering og fellesskapsbygging.
Det skal verta minst ei stor levande forsamling i alle dei 40 skulekrinsane i Bergen.
Det skal verta store samlingar kor folk frå heile distriktet kjem saman til feiring og forkynning – 5-6 gongar i året.
Det skal verta 5000 livsvære grupper spreitt over heile byen!
Vi skal trena og senda ut hundrevis av folk som vil planta nye forsamlingar og byggja nye fellesskap kvart einaste år – både i Noreg og i mange andre land!
Leave a Reply