Profeten Samuel er eit ypparleg døme på heilaggjord autoritet. Han var ein sann Guds tenar. Det finst to slags autoritet. Den første er den som må haldast oppe med makt og den andre er den kjem av karakter og usjølvisk teneste. Samuel var av denne andre typen. Den første er vanskeleg å få og kanskje endå vanskelegare å halda på. Han er tyrannane sin eigedom. Den andre kjem av seg sjølv til dei fattige i ånda, dei audmjuke og reine av hjarta. Samuel hadde autoritet i kraft av det reine og heilage livet han levde. Han kunne leia folket på grunn av den han var. Han var den han var på grunn av tidleg fostring og framhaldande vokster i karakter. Ingenting har større påverknad enn eit reint liv!
Heilaggjord autoritet
Comments
2 responses to “Heilaggjord autoritet”
-
Amen!
Men jeg må tilstå at det er lett å tenke, at hvis jeg vil ha autoritet så må jeg…
…ydmyke meg, underordne meg, bygge god karakter og integritet, søke visdom, rense hjertet (hva nå det måtte bety), osv.
Da vil jeg få autoritet og inflytelse, og alt det der.
Men hva er målet mitt og motivet mitt?
Vel, egentlig: Å være det Gud vil jeg skal være!
Men trenger jeg autoritet og inflytelse for å være Guds barn?
Nei, men jeg trenger inspirasjon og inflytelse for å betjene denne verden med Guds nåde. -
Hei Jan Einar!
Du peikar på nokre viktige ting i kommentaren din. Det er rett som du seier at det kan vera lett å tenkja slik du seier og prøva å få innflytelse og autoritet, men då er kanskje ikkje hjartet reint?
Poenget mitt i det eg skreiv er at heilaggjord autoritet er innebygd i eit reint og heilagt liv, på same måte som den som taler ut frå erfaring – røynsle – har meir tyngde enn den som berre formidlar teoriar!
Dei fattige i ånda, dei audmjuke og reine av hjarta, søkjer ikkje autoritet. Dei søkjer berre Guds rike og hans rettferd. Dei ønskjer berre å velsigna og tena utan å få noko att for det.
Leave a Reply