Før Gud let dei få det dei vil ha, må profeten åtvara dei om følgjene av det valet dei har teke (1.Sam.8,11-18). Er det verkeleg slik at dei vil gje opp republikken for å få ein eineveldig konge som godt kan visa seg å vera ein tyrann? Ville dei verkeleg gje opp det fredelege, glade og rolege livet dei hadde som Guds folk, berre for å få ein konge som ville tvinga sønene deira til å verta soldatar og føra krig? Ville dei verkeleg gje opp draumen om å leva i Guds vern og velsigning, for å få ein konge som ville leggja tunge bører på dei? Krig i ein skala dei aldri før hadde visst om, ville verta deira del, om dei valde å etterlikna styresettet til dei verdslege nasjonane. Guds draum for Israelsfolket var at dei skulle vera eit folk av kongar og prestar, styrte direkte av Kongen som har sin kongstol i himmelen. Ved å vraka å vera styrt av Gud, ville dei verta trælar, slavar, av eit anna menneske. Ved å velja ein konge, gav dei opp all politisk og sosial fridom. Ei styreform som inneber éin sterk leiar med stor makt har aldri vore Guds modell.
Profeten åtvarar folket om følgjene av valet deira, å ha ein konge
Comments
3 responses to “Profeten åtvarar folket om følgjene av valet deira, å ha ein konge”
-
Erling Thu,
Du skriver: “Ei styreform som inneber éin sterk leiar med stor makt har aldri vore Guds modell.”
Det hadde vært interessant å få høre hva du tenker om hva som er “Guds modell”? -
Hei Are!
Eg held for tida på med nokre artiklar om leiarskap til neste nr. av Folk der dette er tema. Eg har tenkt å leggja desse artiklane ut på nettet.
For meg er forholdet mellom dei tre personane i Guddommen utgangspunktet for leiarskap og fellesskap. Difor er ord som likeverd, kjærleik,lys, samhald, sanning, fellesskap, utfylling av kvarandre, semje, einskap, frivillig underordning, truskap og anndre liknande ord nøklar til å forstå leiarskap i Guds familie. -
Hei Erling!
Flott! Jeg følger med på bloggen din, så da fanger jeg nok opp det. Takk!
Leave a Reply