Kona mi og eg er nett heimkomne frå reise i
India og Nepal for å vera
saman med Guds folk. Me har gjort det same som apostelen Peter gjorde. Han reiste
omkring overalt og besøkte dei heilage (Apg 9,32). Medan han gjorde det såg han mange
behov og vart brukt av Gud til hjelpa folk til lækjedom og nytt liv. På grunn
av det Gud gjorde gjennom han då han var saman med Guds folk kom mange folk til
tru, ja ein heil by vende om til Herren (Apg. 9,35,42). For eit effektivt
misjonsarbeid! For ein enkel måte å driva misjon på!
På denne reisa vår har me fått mange
tilbakemeldingar frå førre besøk. Me har fått høyra om folk som har vorte
friske frå sjukdom etter me bad for dei førre gongen me var saman med dei. Me
har høyrd om barnlause ektepar som har fått barn eller vorte gravide som svar
på våre bønner. Me har høyrd om elevar og studentar som har gjort det bra på
eksamen etter forbønn. Men det største er at me har fått høyra at folk har kome
til tru på Jesus Kristus, at dei har vendt seg bort frå avgudar, vorte døypte
and lagde til det kristne fellesskapet.
Før me reiste frå Noreg fekk me profetiske
ord for denne turen om at me skulle sjå frukt av arbeidet vårt og at Gud ville
gje meir frukt i dagane som kjem. Kvar einaste stad me har vore har me fått
tilbakemeldingar om frukt utan at me har bede om det, men folk har kome av seg
sjølv for å fortelja oss kva Gud har gjort.
Den første som fortalde om frukt av
arbeidet var Kul Bahadhur frå Nepal. Han kom til ei samling me hadde i India
for seks år sidan. Dette var første gongen me såg han på seks år. Etter alle
desse åra kunne han framleis minnast undervisninga vår om kristent fellesskap
og familieliv. På desse åra har han planta to store og tre mindre forsamlingar.
Meir enn seks hundre hinduar har teke imot Jesus Kristus som Herre og Frelsar
og vorte ein del av det kristne fellesskapet. Dei har fått skikk på ekteskapa
sine og lever no i fred og velsigning. Heilt enkelt fordi nokon reiste til dei,
brydde seg om dei og gåve dei Guds ord.
Ein stad stod ein eldre mann fram med ei
sliten notisbok kor han hadde skrive ned undervisninga me gav for tre år sidan.
Han fortalde at undervisninga hadde vore til stor hjelp for han og han kunne
vitna om at Ordet hadde bore frukt i livet og familien hans, ja også i
forsamlinga han tilhøyrde. Han hadde fått nåde til å sjå menneske verta lagde
til det kristne fellesskapet.
Me driv ikkje med mykje preiking, men me
snakkar med folk. I samlingane les me frå Bibelen og samtalar om kva Ordet
seier. Når folk er sjuke ber me for dei. Ja, folk vil ha forbønn for seg sjølv
og andre for mange ulike ting. Me legg alt dette fram for Gud. Så kjem me
attende etter eit år eller to og får høyra at Gud har gjort under og at nye
menneske har kome til tru. Gud er god.
Leave a Reply