I desse dagane seier Den Heilage Ande til
mange kristne menneske over heile landet at det er tid til å søkja Gud. Mange
gode bønne og faste tiltak er sette i gang. Januar månad har vore ein månad med
felles bønn og faste mange stadar i landet vårt. Anden held fram med å seia at
det er tid til å søkja Gud. Det er tid til å bruka tid for Guds åsyn. Det er
tid til å spørja Herren til råds. Det tid til å koma nærare Gud så me kan tena
hans plan for vår tid og sjå ein ny profetisk generasjon reisa seg.
Grunnvollen i kristenlivet
Å søkja Gud er noko av det mest
grunnleggjande i det å vera ein kristen. Det er sjølve grunnvollen i
kristenlivet. Det er å venda seg frå alt syndig, verdsleg og menneskeleg for å
venda seg til Gud for å læra han å kjenna så me kan gjera hans vilje. Å tru på
Gud er å søkja Gud. Difor er det alltid tid til å søkja Gud for det er det som
er den kristne livsstilen. Sjå kva Guds ord seier:
Søk Herren medan han er å finna, kall på han den
stund han er nær! Den gudlause må venda seg frå sin veg og ugjerningsmannen frå
sine tankar og snu om til Herren, så skal han visa miskunn, til vår Gud, for
han er rik på tilgjeving. For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar
vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. Nei, så høg som himmelen er over
jorda, så er mine vegar høgare enn dykkar vegar og mine tankar høgare enn
dykkar tankar. (Jes 55,6-9)
Så rettferds sæde, og hausta truskaps frukt, bryt
dykk nybrot! For no er det tid til å søkja Herren, før han kjem og lèt rettferd
regna over dykk. (Hos 10,12)
Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer
han. (Klag 3,25)
Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For
den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer
han. (Hebr 11,6)
Når Den Heilage Ande taler til så mange
kristne i desse dagane om å søkja Gud må det vera fordi dette er ei tid kor Gud
er å finna. Detter er ei tid kor Gud ynskjer å koma med svar. Dette er ei tid
med gjennombrot og ny framgang for Guds rike. Dette er ei tid kor Gud er nær.
Han kjem til folket sitt med forfrisking og fornying. Han leitar etter dei som
søkjer han, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han (2
Krøn 16,9). Han løner dei som med iver og flid søkjer han. Han løner dei som
søkjer han grundig og alvorleg. Han let seg finna av dei som leitar og lengtar
han.
David formanar sonen sin til å søkja
Herren så han kunne læra Gud å kjenna og tena hans plan:
Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna
Gud åt far din, og ten han av eit heilt hjarta og ein viljug hug! For Herren
ransakar kvart hjarta og kjenner kvar tanke som stig opp i det. Dersom du
søkjer Herren, lagar han det så at du finn han. Men vender du deg frå han,
støyter han deg bort for alltid. Ta deg i vare! For Herren har valt deg ut til
å byggja hans hus og heilagdom. Ver modig og gå til verket! (1 Krøn 28,9-10)
Å søkja Gud er nært knyta til det å læra
Gud å kjenna og finna hans vilje, og er den einaste måten me kan vera med å
byggja Guds hus på. Då David gav oppdraget til folket om å byggja Guds hus kom
han med denne oppmodinga: Så legg no
hjarta og hug i å søkja Herren dykkar Gud! Og gjer dykk ferdige til å byggja
heilagdomen åt Herren Gud, så de kan få flytt Herrens paktkiste og dei heilage
kara som høyrer gudstenesta til, inn i det huset som skal byggjast for Herrens
namn (1 Krøn 22,19).
Å spørja Herren til råds
Å søkja Gud er å spørja Herren til råds.
Det er noko me verkeleg treng å gjera om me vil lukkast i å sjå Guds forsamling
verta slik Gud vil ha henne. Gud vil ha forsamlinga for seg, på sin måte, til
si ære. Han vil ha ei rein og herleg brur for Sonen sin. Difor treng me å
spørja Gud til råds når me legg planar for det kristne arbeidet og ikkje berre
fylgja dei siste trendane og det som er vanleg eller populært i kristne krinsar
for tida. Me må leva i ei frisk salving og alltid vera leia av Anden. Difor må
me heile tida søkja Gud og spørja han til råds.
David er eit godt døme på det å spørja
Herren til råds. Han gjorde det ofte. Dette er nok den viktigaste grunnen til
at han lukkast i si gjerning som konge for folket sitt. I 2.Sam.5,17-25 har me
ei forteljing som syner dette på ein god måte. Då David hadde vorte sett inn
som konge over heile Israelsfolket samla filistarane seg for å gå til krig mot
han og leggja Israelsfolket under seg på ny. Men David fekk greie på det og fór
ned til fjellborga. Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa'im-dalen.
Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra opp mot filistarane? Vil du gje
dei i mine hender?» Herren svarte David: «Dra du; eg vil gje filistarane i dine hender.» Så fór David til
Ba'al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Herren har brote igjennom fiendens rekkjer for meg liksom vatn bryt
igjennom ei demning.» Her ser me ei krise verta avskaffa og vend til
framgang. Løyndomen var at David spurde Herren til råds og gjorde det Gud sa.
Eg liker denne enkle framstillinga: David spurde Herren, og han svarte med ein
gong. Så slo David fienden og gav Gud ære.
Det er ei flott historie, men ho sluttar
ikkje der. Filistarane kom att endå ein gong og spreidde seg ut over
Refa'im-dalen. No kunne David vore trygg på siger. Han hadde jo fått røynsle
med å slå filistarane i denne dalen. Han kunne gått ut mot dei slik han gjorde
førre gongen og venta at han skulle slå dei på same måte som sist. Men David
gjorde ikkje det. Han visste at han var avhengig av Guds hjelp. Då han slo
filistarane førre gongen gav han Gud ære for det var Gud som hadde brote
gjennom fiendens rekkjer for han. David forsto at det er ikkje i eiga kraft
mannen er sterk, for framgang kjem ikkje med menneskeleg makt og kraft, men med
Herrens Ande.
Endå ein gong spurde David Herren til
råds, og han svara: «Du skal ikkje dra beint opp mot dei. Ta ein omveg og kom
attanfor dei! Gå så på dei midt for balsamtrea! Når du høyrer lyden av steg
over tretoppane, skal du storma fram. For då har Herren drege ut framføre deg
og vil slå filistarhæren.» David gjorde som Herren hadde sagt; og han slo
filistarane og forfylgde dei frå Geba til bort imot Geser.
Me møter også dei same utfordringane på ny
og på ny. Fienden slår tilbake gong på gong. Då er det viktig at me ikkje berre
gjer ting slik me alltid har gjort ting. Det er viktig at me ikkje sit fast i
gode og velprøvde metodar eller strategiar, men heile tida spør Herren til
råds. Om me berre flyt på erfaring og tilvande måtar å gjera ting på, kan me gå
på store nederlag. Men om me høyrer friskt frå Gud vil me fylgja nye strategiar
gjevne av Den Heilage Ande og sjå gjennombrot på gjennombrot og stor framgang
for Guds rike.
For David var det vorte ein livsstil å
søkja Gud og spørja Herren til råds. Når han møtte utfordringar og store
vanskar søkte han styrke hjå Herren og ikkje hjå menneske. Difor var Herren med
han og let det han gjorde lukkast til Guds ære og til velsigning for Guds folk.
Men kong Saul var på mange måtar sjølve motsetnaden til David. Han søkte ikkje
råd hjå Herren slik David gjorde. I staden sveik han Herren og heldt seg ikkje
etter Herrens ord, men spurde daudingånder til råds. Difor lét Herren han døy,
og kongedømet gjekk over til David (1 Krøn 10,13-14).
Men jamvel David gløymde å spørja Herren
til råds i nokre tilfelle og då gjekk det galt for han og folket hans. Då han
hadde sett seg føre at paktkista skulle plasserast i det teltet han hadde sett
opp i Jerusalem samla han heile folket for å ta del i denne store hendinga.
Grunngjevinga til David var god, at han ville ha paktskista, som var teiknet på
Guds nærvær hjå folket sitt, i Jerusalem slik at han kunne spørja Herren til
råds der. Det hadde ikkje Saul gjort (1.Krøn.13,3). Det var eit godt og rett
tiltak som Herren hadde hugnad i, så langt. Men David gjorde det ikkje på rett
måte. Han sette paktskista på ei vogn i staden for å lata levittane bera henne
slik Gud hadde sagt til Moses. Det var rett og godt å føra paktkista til
Jerusalem, men David han spurde ikkje Herren til råds om den rette måten å
gjera det på (1.Krøn15,13 TNIV). David fylgde berre sine eigne tankar om kva
som var ein fornuftig og moderne måte å flytta paktskista på. Fordi han gløymde
å spørja Gud om den rette måten å gjera dette på var det fyrste forsøket hans
mislukka og ein av hans beste menn mista livet som ei fylgje av det. Denne
hendinga syner oss kor viktig det er å søkja Herren i alt me gjer så me kan
gjera det rette på rett måte og lukkast til Guds ære.
Guds tankar er høgare enn våre menneskelege tankar
Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje
vinn på å søkja Herren (2 Krøn 12,14).
Kong Rehaboam, som var son til den vise
Salomo og som hadde fått god oppseding og opplæring frå far sin slik Ordtøka
viser, gjorde likevel det som vondt var. Trass god kristen oppseding, trass god
undervisning, trass god kunnskap til bibelsoga, gjorde han likevel det som
vondt var. Han gjorde det han og den unge generasjonen tykte var fornuftig og
klokt, men han enda opp med å gjera det som vondt var. Kvifor gjekk det slik?
Av di han ikkje vende hjarta sitt til å søkja Herren. Han fylgde berre sin
menneskelege fornuft. Han vende ikkje hjarta sitt til å søkja Herren. Difor
gjorde han det som vondt var. Dette er litt skræmande. Om me ikkje søkjer
Herren, men berre fylgjer våre menneskelege tankar, vil me enda i det som vondt
er.
Her ser me kanskje ein av dei viktigaste
grunnane til å søkja Gud. For Guds tankar er ikkje våre tankar, og våre vegar
er ikkje Herrens vegar. Hans vegar er høgare enn våre vegar og hans tankar
høgare enn våre tankar. Om me ikkje søkjer Gud endar me opp med berre
menneskelege tankar og dei er på eit mykje lågare plan enn Guds tankar. Om me
ikkje søkjer Herren vil me bruka menneskelege metodar og vil ikkje få
guddommelege resultat. Det som er født av kjøt er kjøt, sa Jesus. Det er berre
det som er født av Anden som gjev åndelege frukter.
Då Israelsfolket var ført i fangenskap til
Babylon var det mange falske profetar som profeterte at dette kom til å verta
kortvarig og at Herren snart skulle føra dei tilbake til Jerusalem. Jeremia,
som var ein sann Guds profet og som hadde åtvara dei og sagt at Herren kom til
å føra dei i fangenskap, hadde eit anna synspunkt. Han sa at dei skulle slå til
i Babylon, at dei skulle byggja hus og be om velstand for byen dei var bortført
til.
Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia,
skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att
til denne staden. For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren,
fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Når de
kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk. Når de
søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta, lèt eg
dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå
alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren.
Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå (Jer
29,10-14).
Desse jødane var ikkje i ein ynskje
situasjon. Tvert om var dei i ei veldig vanskeleg stode, i fangenskap langt
bort frå heimlandet sitt. Likevel seier Herren at han har lete dette henda av
di han har gode tankar for dei. Han vil gje dei framtid og von. Denne
vanskelege tida er ei tid til å søkja Gud og finna han og leva i hans nærvær og
velsigning i det framande landet.
Daniel er ein av desse som trudde
profetordet frå Jeremia. Han sette seg føre å ikkje gjera seg urein, men å leva
etter Guds ord i dette framande landet. Utan å gå på kompromiss fekk han ein av
dei høgaste stillingane i samfunnet. Han var på alle måtar ein trufast mann og
fanst ikkje forsømming eller lovbrot hjå han. Det vart sagt at det var ei høg
ånd i han (Dan.6,4). Folk fann opplysning og skjøn hjå han og ein visdom som
dei kalla guddommeleg (Dan.5,11-12 +14). Grunnen til denne visdomen og gode
karakteren finn me i Daniel sine gode bønnevanar. Han la alle vanskar og
utfordringar fram for Gud som openberra løyndomar og gav han løysingar på
vanskar ingen andre greidde å løysa. Me vert fortald at han tre gonger for
dagen gjekk avsides for å søkja Gud (Dan.6,11). Ved å søkja Gud fekk han del i
Guds høge og gode tankar, han fekk visdom frå Gud. Desse høgverdige tankane forma
sjølve karakteren hans og han vart kjenneteikna av ei høg ånd. Folk rundt han,
som ikkje kjende Gud, måtte sanna at han hadde guddommeleg visdom og innsikt.
Når me søkjer Gud, høyrer frå han og gjer det han seier vil jamvel folk som
ikkje trur på Gud måtta innsjå at me har med Gud å gjera!
Krisetider – vanskelege tider
Me har alt sett at det er mange gode
grunnar til å søkja Herren. Men om det er noka tid me treng å søkja Herren i,
er det i krisetider. Kristentrua har på mange måtar vanskelege kår i samfunnet
vårt for tida. Samfunnet går i ei utvikling som fører bort frå dei kristne
verdiane, bort frå Guds gode lovar og ordningar. I slike vanskelege tider med
mykje motstand treng me meir enn nokon gong å søkja Gud for å kunna vera med å
snu utviklinga i landet vårt.
På kristenfronten får me mange ulike
meldingar for tida. Mange forsamlingar slit og mistar medlemmar. Det er stor
mangel på leiarar. Nokre plassar står arbeidet i stampe og andre plassar er det
tilbakegang. Samstundes får me meldingar om framgang og vokster. Ungdom søkjer
Gud og det er ny giv på mange bedehus. DAWN rapporterer at det stadig vert
starta nye forsamlingar i landet vårt, men ikkje i like høgt tempo som for få
år tilbake. Det kan ikkje vera tvil om at det er tid til å søkja Gud for å
endra på denne stoda for å sjå større gjennombrot for Guds rike i landet vårt.
Guds ord gjev oss gode lovnader knyta til
det å søkja Gud i vanskelege tider. Gud seier om me kallar på han den dagen me
er i vanskar, så vil han fri oss ut og hjelpa oss(Sal.50,15). Me har også denne
lovnaden om at eit heilt land kan verta lækt om Guds folk søkjer Gud:
Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over,
gjer seg lite og mjukt og bed, søkjer meg og vender om frå si vonde ferd, så
vil eg høyra det i himmelen, tilgje synda deira og lækja landet deira (2 Krøn
7,14).
Både her og andre plassar er det å søkja
Gud knyta til å forlata vond ferd og menneskelege tankar (sjå Jes.55,7-8) for å
gjera Guds vilje. Når me som er Guds folk audmjuker oss og legg tilsides våre
meiningar og tradisjonar, for å finna kva Gud vil me skal gjera, kan me venta
at Gud grip inn og gjer store endringar i landet me lever i. Eg trur at kristne
menneske bør vera aktive i politikken og på alle område i livet for å påverka
utviklinga i samfunnet i rett veg. Men det viktigaste me kan gjera er å søkja
Gud fyrst og så gjera det han bed oss om å gjera. Då vil arbeidet me gjer bera
rik frukt. Difor må me be for alle kristne politikarar og næringslivsleiarar
spesielt, at dei får nåde til å fremja Guds rike i ord og gjerning på grunn av
sin kristne integritet.
Kong Asa var på mange måtar ein veldig god
konge som gjorde det som var godt og rett, men på slutten av styringstida hans
gjekk han på kompromiss og fekk motbør frå Guds profet på grunn av det. Då han
ikkje ville høyra på ordet frå Gud møtte både han og landet ei vanskeleg tid
med krig og sjukdom. I denne vanskelege stoda, endå han var sjuk, søkte han
ikkje Herren, men berre menneskeleg hjelp (2.Krøn.16). Å ikkje søkja Herren i
kriser og vanskelege tider er svært kritikkverdig!
Å handla på Guds ord
David sa det slik: Eg kjem i hug at du har
sagt: «De skal søkja mitt åsyn.» Herre, eg søkjer ditt åsyn (Sal 27,8). Dette
er ei fin innstilling som me alle bør ha. Det er å ta Gud på ordet og gjera det
han seier og venta at då kjem Gud til oss me den hjelpa me treng. Herren har
sagt at me skal søkja han, det er grunn nok til å gjera det! Gud seier: Søk meg
så skal de leva (Amos 5,4,6)! Me finn liv og lækjedom, forfrisking og fornying,
svar og løysingar om me søkjer Gud.
Når det gjeld å så og hausta og bryta nytt
land, så er det tid til å søkja Gud (Hosea 10,12). Mange som har hatt eit
forhold til Gud, men som har kome på avstand må førast attende til eit nært liv
med Gud. Me må søkja Gud for å få vita koss me kan hjelpa desse menneska på den
beste måten. Det er også tid for nybrottsarbeid i landet vårt. Skal arbeidet
vårt bera frukt må me søkja Gud og verta leia av Anden i alt me gjer.
Gud har lova at han vil lata seg finna av
dei som søkjer han. Han har sagt at han vil vera nær dei som søkjer han. Han
har lova å hjelpa og velsigna dei som søkjer han. Lat oss gjer det!
Tekst: Erling Thu
Leave a Reply