Å vera menneske er å lytta
til andre sine draumar og djupe lengtar
Utan å vurdera dei eller vega dei
Men ta dei for det dei er:
Ein hjartelengt frå eit visjonært menneske.
Å vera menneske er å lytta til hjartespråket
Og ikkje dømma folk med deira eiga fortid,
Eller koma med fasitsvar og eigne meiningar
Bygd på eigne vonbrot.
Å vera menneske er å våga å drøyma andre sine draumar
Ved å leva seg inn i deira hjartelengt,
Sleppa seg laus og drøyma saman med dei
Og stola på at dei har høyrd frå Gud,
Jamvel om du ikkje heilt forstår det dei drøymer om.
Å vera menneske leva i spenninga mellom draum og verkelegdom,
Og finna kvile i Guds nåde,
Som er nok i den stoda me er i no
Og for framtida slik me drøymer om ho.
Nåden skaper både røyndom og draum
Når me gjev rom for kvarandre sine draumar
I undring, kjærleik og velsigning.
Når me i tru og tillit til Guds nåde
Heiar på og set mot i kvarandre
Blir me knytt saman hjarte til hjarte
Og frigjer skapande krefter mellom oss.
(Desse tankane er inspirert av ei tilbakemelding frå Elisabet Mjanger på fjesboka på ein artikkel om å hjelpa andre til å drøyma)
Leave a Reply