Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

Salme 119,1

Alef

Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov.

Første verset startar med å prisa dei lukkelege som er heile i si ferd, dei som lever eit liv i integritet. Noko som berre kan gjerast når dei følgjer Herrens Lov. Sæle er dei, eller lukkelege er dei, eller kanskje endå betre: velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord. Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt, seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens lov. I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som målast med den velsigning det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer den komande generasjonen i landet skal få oppleva dette velsigna livet.

Herrens Lov – Adonais Torah – er det første uttrykket vi møter i denne salmen for Guds Ord og det er svært viktig å forstå kva som ligg i dette uttrykket som vi finn mange gonger i Bibelen. Det er vanleg å omsetja det hebraiske ordet «torah» med lov, men i følgje «The Complete Jewish Study Bible» tyder dette ordet heilt enkelt instruksjon, rettleiing eller vegen vi bør gå. Herrens Torah har sitt opphav i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias – det levande Ordet – vart Guds vilje synleggjort. Jesus døyper oss i Den Heilage Ande som leier alle oss som er læresveinane hans til sanninga og set oss i stand til å halda alle Guds instruksjonar. Jesus stadfesta Herrens Torah ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine» (Joh 14,15). Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Messias. Det handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit.

Leave a Reply to Audun Reed AasgaardCancel reply

Comments

12 responses to “Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.”

  1. Torgeir Sævik Avatar
    Torgeir Sævik

    Slike set ein gode fotefar etter seg i livet!

  2. Kristin Dahl Avatar
    Kristin Dahl

    Amen! Herrens lov er Ånd og er liv.

  3. Hilde Lauten Halvorsen Avatar
    Hilde Lauten Halvorsen

    Takk for at du gjør dette, Erling! Innimellom har jeg prøvd å grunne på et vers fra salme 119 hver dag. Gleder meg til å lese dine kommentarer.
    For meg er vers 1 ganske enkelt en stor motivasjon. Det forteller meg at lykken er å finne hos Gud, ikke andre steder. Så når livet er tøft og jeg ikke føler meg lykkelig, så kan vers 1 styrke meg og motivere meg til å fortsette å søke Gud, for jeg vet at det er der jeg vil finne gleden før eller siden!

  4. Erling Thu Avatar

    Det er heilt rett, Torgeir, det er slik ein set gode spor etter seg som andre kan følgja!

  5. Erling Thu Avatar

    Amen! Ånd og liv! Lukkeleg er den som oppdagar det!

  6. Erling Thu Avatar

    Så bra at du har grunda på Salme 119 og funne glede og motivasjon i Ordet. Eg håper at mange lærer det du har lært: å halda fram å søkja GUD når livet er tøft.

  7. Gunn Avatar
    Gunn

    ‘Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Messias’, skriver du. Her tror jeg det ligger en nøkkel til hjelp og åpenbaring!

  8. Audun Reed Aasgaard Avatar
    Audun Reed Aasgaard

    Bra start. Gleder meg til resten!

  9. Hanna Kaupang Avatar
    Hanna Kaupang

    Det er deilig at kjærligheten ikke er følelser, som svinger så mye, men at det er å gjøre. Jeg har også bestemt meg for å grunne på 119 i år! Takk for dette Erling!

  10. Erling Thu Avatar

    Amen! Det er ei viktig side du får fram her om at kjærleik ikkje er å føla, men å gjera! Så flott at du vil grunna på denne salmen i år. Det er flott å gjera det saman og eg set pris på tilbakemeldingane.
    Eg har litt vanskar med å gjera dette kjend på fjesboka, og set pris på om du deler nokre av innlegga med vennene dine!’
    Ver velsigna!

  11. Erling Thu Avatar

    Amen! Måtte mange ta denne nøkkelen i bruk!

  12. Erling Thu Avatar

    Takk! Det vil vera fint om du gjer dette kjent for vennene dine!

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading