Salme 119,67 Før eg vart audmjuka, var eg på villspor, no held eg det du har sagt.
Det rører meg å lesa dette verset. David er jordnær og personleg. Han opnar opp livet sitt på ein ærleg måte. Slik er han eit stort førebilete for oss. Han er ikkje redd for å innrømma at han har gjort feil. Han seier ope at Gud tukta han og audmjuka han, fordi han var på villspor.
I Salme 19,13 seier David noko som har vore ein vekkjar for meg: «Kven kjenner sine eigne feilsteg? Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om!» Det er ikkje alltid vi forstår at vi gjer feil. Vi kan vera på villspor utan å vera klar over det. Å vera på villspor er å slutta eller å gløyma å leva etter Guds ord. Då er det godt å vita at Gud ikkje slår hand av oss, men grip inn for å berga oss.
I dette verset seier David at han var på villspor heilt til Gud audmjuka han. Gud har heldigvis mange måtar å audmjuka oss på. Eg er så glad at han ikkje er snar til å gje oss opp. Han miskunnar seg over oss gong på gong. Andre omsetjingar seier: «Før eg vart plaga» eller «før eg vart tukta» eller «før du straffa meg». Det seier meg at Gud bruker både menneskelege omstende, vanskar og utfordringar, samt direkte tukt for å audmjuka oss og få oss på sporet. I dette lyset må vi berre takka for at han ikkje går frå oss eller gjev oss opp. Gud elskar oss så høgt at han tek seg bryet med å tukta og audmjuka oss. Har vi harde hjarte kan dette bli ein smertefull prosess, men om vi har eit mjukt hjarte vil vi vera kvikkare til å venda om.
«No held eg det du har sagt!» Når vi har vorte audmjuka og har vendt om til Herren, blir det viktig for oss å gjera det Gud seier vi skal gjera. Må vi alltid kunna seia: No held eg det du har sagt!
«Før eg vart audmjuka var eg på villspor, men no ser eg visdommen i orda dine!»
Leave a Reply