I denne komande bolken, frå vers 89 til 96 startar alle versa med den hebraiske bokstaven Lamed. Vi har no kome til midten i salmen. Det er eit slag vendepunkt frå denne bolken. David har vore i djup fortviling og i fare for å mista livet. No slår han an ein meir optimistisk tone. Det er som om han i dei elleve tidlegare bolkane har sagt: Heilt til i dag har Herren vore med meg, skal eg no gå til grunne? Medan han i dei neste elleve bolkane seier: Herrens ord står fast! Trass i alle vonde varsel vil Herren fullføra det gode verket han har begynt i meg!
Salme 119, 89 I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen.
David har vore ute i hardt ver. Sterke fiendar har gått til åtak på han og mest gjort ende på han. Store bølgjer har slått mot han og han har vorte kasta hit og dit av sterke vindar av motløyse. No verkar det som han har hoppa av den gyngjande båten og kome seg til land og fått fast grunn under føtene. Han har sett føtene sine på fjell og står støtt.