Category: Bibel

  • For Guds venner er Bibelen som eit kjærleiksbrev

    Salme 119,19 Eg er ein framand på jorda, løyn ikkje boda (4687) dine for meg!

    David startar dette verset med å setja ord på kven han her. Han er ein gjest på jorda. Han er ein pilegrim. Han har ikkje heimen sin her. Han høyrer til ein annan stad og er på heimreise. Slik er det oss også. Det er det same kor vi er, kva stilling vi har, eller kor godt vi lukkast i livet, vi vil alltid kjenna oss som framande på jorda. Vi har ikkje vår verande heim i denne tidsalderen, for vår evige og permanente bustad ligg i den komande tidsalderen. Når jorda er nyskapt og alt i himmel og på jord er samla til eitt under Jesu Kristi herredømme, då vil vi ikkje lenger vera framande.

    Det er den sekulære kulturen og dei rådande filosofiane som gjer at kristne kjenner seg framande i verda. Det som er politisk korrekt i vår tid er ofte på kollisjonskurs med det som er rett, sant og godt for oss som held oss til Bibelen som Guds ord.

    Det er denne kjensle av å ikkje høyra til, kjensle av å stå utanføre, kjensle av å vera ein framand på jorda, som gjer at vi roper til Gud: «Skjul ikkje boda dine for oss!» Vi blir pressa på alle kantar, men har vårt fotfeste i openberringa av Guds ord. Vi treng å leva i openberring. Vi treng nytt lys i Ordet kvar einaste dag. Vi treng den trygge kjensla av å vera leia av Guds bod. Vi treng ei stadig påminning om dei lovandene som er knytt til å leva i samsvar med Herrens lov. Vi må finna trøyst og glede i Guds ord.

    Som framande på jorda treng vi ein open kommunikasjon med vår rette heim. Som pilegrimer og Guds venner treng vi å høyra dei levande orda som går ut frå Guds munn. Bibelen er Guds kjærleiks brev til oss. Vi ber om at vi alltid må høyra den herlege røysta til vår kjære brudgom gjennom det vi les.

  • Gje oss forstand til å forstå!

    Salme 119,18 Lat opp auga mine så eg kan sjå det underfulle i di lov (Strong 8451)!

    Denne bønna er kanskje løyndomen til alt det gode David skriv om Guds ord. Han ber om at Gud må opna hjarteauga hans, opna for ei åndeleg forståing og innsikt. Guds lov er full av underfulle ting, men det er ikkje alltid like lett for det menneskelege auget å få tak i det. Difor treng vi å be den bønna David ber i dette verset.

    Kvar morgon når eg set meg ned for å lesa i Bibelen ber eg om nåde og hjelp frå Den Heilage Ande til å høyra Guds røyst gjennom det eg les. Eg ber om nåde til å sjå Guds lys, at Ordet skal bli lys for meg og visa meg vegen eg skal gå. Eg ber om openberring, om nåde til å sjå det underfulle i di lov.

    I våre dagar blir vi bombadert av propaganda, meiningar, synsing og mykje info av tvilsam karakter. Om vi ikkje er vakne blir vi påverka av rasjonalismen og det materialistiske livssynet. Det sekulærhumanistiske verdsbilete pressar seg på oss og kan dominera tankane meir enn vi er medvetne om. Når vi då les Bibelen møter vi mykje som kan verka rart og underleg og ting som er vanskeleg å forstå for eit sinn som er mørklagd av sekulær og rasjonalistisk tankegang.

    Herre, lat opp auga mine, så eg kan sjå det underfulle i di lov! Guds lov er god. Guds lov er underfull. Guds lov er heilag og rettferdig. Guds lov er åndeleg. Guds lov er gjennomsyra av Guds kjærleik. Guds lov vart til for menneska si skuld, for å hjelpa oss til å leva det gode og lukkelege livet vi var skapt til å leva. Det er ikkje alltid vi ser dette. Det er ikkje alltid at vi greier å fatta det. Difor treng vi å be om at Herren opnar hjarte og forstand, så vi kan sjå og forstå Guds gode plan.

  • Gje din tenar overflod, så eg kan leva og halda dine ord.

    Liv i overflod kan vi setja som overskrift over dei neste åtte versa som alle startar med bokstaven gimel. Dette livet får vi del i gjennom bønn og ved trufast å halda seg til Guds ord.

    ג

    Gimel

    Salme 119,17 Gjer godt mot din tenar, eg vil leva og akta på dine ord (1697).

    David startar dette avsnittet med ei inderleg bønn: Gjer godt mot din tenar. Han kjem ikkje med eit krav, for han har ingen grunn eller rett til å krevja noko som helst av Gud. Men han kan venda seg til Gud i audmjuk bønn. Det er noko vi alle kan gjera. Vi kan koma fram for Gud med våre hjartesukk og inderlege bønner.

    Når vi ber er vi ærlege og viser vår avmakt. Vi vender oss til Gud fordi vi treng hjelp. Vi er faktisk heilt avhengige av at Gud gjer godt mot oss. Om ikkje Gud viser oss nåde er det ute med oss. Når vi ber om at Gud skal gjera godt mot oss, ber vi om at han skal vera vennleg mot oss. Ja, vi ber om å få leva i hans vennskap, – at hans vennskap og velsigning skal kvila over oss.

    «Eg vil leva og akta på dine ord», seier David i denne omsetjinga. Det høyrdest ut som eit godt ønskje, ein god intensjon. I andre utgåver at dette verset er alle orda forma som ei bønn: «Gje din tenar overflod, så eg kan leva og halda dine ord.» Meininga er då at vi er avhengige av at Gud gjer oss overflod, at han er nådig, god og vennleg mot oss, for å kunna leva og halda hans ord.

    Gud er livets opphav og kjelde. Alt godt kjem frå han. Livet kjem frå han. Det er han som held oss oppe og i live kvar einaste dag. Han gjev oss alt det vi treng for å leva. Det er overflod av nåde og velsigning som set oss i stand til å halda Guds ord. Å leva etter Guds ord er det gode livet. Å halda Guds ord er den største glede og velsigning eit menneske kan oppleva. For å kunna leva i dette er vi avhengige av at Gud gjer godt mot oss og tek oss inn i sin vennskap. I fellesskapet med Gud finst overflod av liv.

    «Lat meg, din tenar, vandra i overflod av liv, så eg alltid kan leva for å lyda dine sanningar.»

  • Det tryggaste vi kan gjera er å forlysta oss i Ordet

    Salme 119,16 Eg frydar meg over dine forskrifter (2708), eg gløymer ikkje dine ord (1697).

    David avsluttar dei åtte versa som startar med beth på ein nydeleg måte. Desse vera handlar stort sett om den gleda han finn i Guds ord. No fortel han korleis han frydar seg i Guds forskrifter. Han seier at han finn sin fryd i alle Guds lover og ikkje vil gløyma å vandra i hans ord. I Den Heilage Skrifta lyder dette verset slik: «Dine føresegner er mi lyst og mi glede.» Den gamle bokmålsbibelen sa det slik: «I dine forskrifter forlyster jeg meg.»

    Det Salmisten seier, er gjennomsyra av tillit og glede. Det fantastiske er at han knyter denne gleda til Guds forskrifter. Vi lever i ein kultur der bod, lov, påbod og forskrifter ikkje vekkjer særleg glede, heller det motsette. Vi lever i ein kultur der det å følgja sitt eige hjarte, sine eigne tankar og lyster, blir lyfta opp. Det gjeld å realisera seg sjølv. Lukka er det optimale fridomen til å gjera slik ein sjølv vil. Denne postmoderne innstillinga er langt frå bibelsk tankegang, og ingen vil finna den sanne glede på den måten.

    Dessverre finst det også mellom mange kristne ein aversjon mot alt som smakar lov eller forskrifter. Det finst dei som trur at å leva under nåden er å vera fristilt frå Guds lov og heilage forskrifter. Så feil går det altså an å ta. Må Herren miskunna seg over oss og gje oss å kunna gleda oss i Guds bod.

    «Dine forskrifter er mi lyst og mi glede.» Det er ein fantastisk påstand og for David var det verkeleg slik. Han forlysta seg i Guds forskrifter! For ei rein og god forlysting!

    Det er denne gledefulle haldninga til Guds ord eg vil vera med å fremja gjennom denne gjennomgangen av Salme 119. Heile salmen er gjennomsyra av tillit til og glede over Herrens lov.

    Vi få tilbake ei tillitsfull og gledefull innstilling til Bibelen og alt Gud seier til oss i dag gjennom denne heilage boka. Vi må læra å ha vår lyst og glede i Guds ord. Vi må læra å forlysta oss i Guds forskrifter. Då vil vi med frimod kunna forkynna Guds ord til frelse og frigjering.

    Sjølvsagt er det slik at når vi forlystar oss i Herrens lov, då gløymer vi ikkje Guds ord. Når vi finn vår glede i Ordet er det lett å gå på hans veg og gjera det han vil. Det er vanskeleg å gløyma det vi finn vår lyst og glede i.

    Dessverre kan det sjå ut til at mange kristne gløymer Guds ord. Mange gløymer å ta til seg næring frå Ordet gjennom dagleg bibellesing og bønn. Om vi ikkje har gode vaner i å vera stille for Gud og grunda på hans ord, er det lett å gløyma kva Ordet seier. Om vi ikkje granskar Ordet og lærer bibelorda utanåt, er det lett å gløyma Guds ord. Då blir sinn og tankar lett påverka av sekulær og materialistisk tankegang.

    Det tryggaste vi kan gjera er å forlysta oss i Ordet for det vil halda oss på sporet og gje oss stor glede når vi går på Guds veg.

  • Eg vil meditera på Guds ord og gå på hans vegar

    Salme 119,15 Eg vil grunda på dine påbod (6490), festa blikket på dine stigar (734).

    På seier David kva han vil halda fram med å gjera. Han vil grunda på Herrens påbod og festa blikket på hans vegar. Det er ikkje noko han vil ta til med no, men noko han vil fortsetja å gjera. Han elskar Guds ord og tek det på alvor. Difor meditera på Herrens påbod for å kunna forstå dei og leva i samsvar med dei. Dette ordet, påbod, er eit sterkt befalande ord og er alltid i denne salmen brukt i fleirtal. David seier med andre ord at han vil grunda på alle Herrens påbod og tenkja grundig gjennom alt det Gud har sagt. Han vil festa blikket på Herrens vegar for å læra å gå på dei.

    (more…)

  • Guds ord gjev oss stor glede

    Salme 119,14 Dine lovbod (5715 – edut) viser meg veg, dei gjev like stor glede som all rikdom.

    Det er ei vedunderleg innstilling vi møter i dette verset. Det er Guds lovbod eller vitnemål som står i fokus. Salmisten seier at Guds ord viser han korleis han skal leva og at han finn stor glede i å leva etter Ordet. Han bruker sterke ord: «Eg frydar meg, eg gler meg, eg finn den høgaste lukke i dine lovbod! Eg gler meg over å vandra etter dine vitnemål.» Han seier faktisk at han finn større glede i å følgja det Gud seier enn i all verdens rikdom.

    Legg merke til at gleda finst i å vandra etter Guds lovbod. Gleda fyller oss når vi gjer det Gud seier. Herrens vitnemål viser oss den rette og gode vegen, men det er berre når vi går på denne vegen at vi får oppleva den djupe gleda det er i å vandra med Gud.

    Guds lovbod viser oss korleis vi er meint å leva, korleis vi er skapt til å leva. Når vi tek til oss av Guds ord og lever i samsvar med det, vil vi oppleva ei kjensle av djup tilfredsstilling. Det er ei utruleg stor glede når vi kjenner i heile oss: å, det er dette eg er skapt for! Det er så meiningsfullt. Det er så godt. Det er så trygt og rikt at det er vanskeleg å finna ord som til fulle uttrykkjer den lukkelege tilstand vi er i når vi veit at vi gjer det Gud vil.

    Det å kunna gleda seg i Herrens lovbod, er eit trygt teikn på at Guds ord har slått rot i hjartet og ber frukt i eit reinsa liv. David seier at dette er noko han har gjort i lang tid: Eg har gledd meg over å vandra etter dine vitnemål! Som konge hadde han stor rikdom og han hadde mange ting han kunne gleda seg over. Likevel seier han at har funne større glede i Herrens ord enn i alle dei rikdomane han hadde fått del. Han er veldig personleg når han fortel om denne djupe gleda han finn ved å leva i Ordet.

    David var vel kjend med motgang. Han måtte kjempa mange kampar. Han kunne vera svært fortvila og djupt nede. Han måtta takla mange vanskelege utfordringar. Midt i det mørke og kaotiske hadde han likevel ei djup glede i Guds ord som bar han gjennom både gode og vonde kvardagar. Eg kan seia det same. Eg har vore ein kristen i meir enn 60 år. I alle desse åra har Guds ord vist meg veg og gjeve meg ei djup glede. I motgang og vanskar har Guds ord gjeve meg glede. Å, kor eg ønskjer at både unge og eldre skal få oppleva den gleda det er å leva i Guds ord!

  • Vi må stå opp for Guds ord ved å ha Ordet på leppene våre gjennom heile dagen.

    Salme 119,13 Leppene mine reknar opp alle lovene frå din munn.

    I dette verset finn vi ein tilfreds tone. David fortel om korleis han har bygd opp og oppmuntra Guds folk med det han sjølv hadde lært av Guds lov. Dette er noko han har gjort i dagleglivet i sine samtalar med folk. Detter er noko han gjer heile tida. Han seier at han liker å seia det Guds ord seier. Dette er ikkje ein stille prosess i hjartet, men noko han gjer med leppene. Han siterer Guds ord høgt, både for seg sjølv og for at andre skal høyra kva Gud lov seier.

    Dette er i samsvar med rettleiinga som Gud gav Israelsfolket gjennom Moses:

    Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine (5 Mos 6,6-9)

    Det er svært viktig å gøyma Guds ord i hjartet for å kunna fortelja kva Guds ord seier. Skal vi kunne praktisera Guds ord og fortelja hans lov til andre, må vi kunna Ordet utanåt. Når vi har gøymd Guds ord i hjartet er det alltid tilgjengeleg for oss. Dette er i samsvar med Jesu lære om at det hjartet er fylt av, det taler munnen. Då kan vi gjera det Gud seier, vi skal gjera: Å innprenta Guds lov i barna våre og snakka om Ordet både heime og ute. Vi skal snakka om Guds gode lov og ordningar når vi sit heime og når vi går på vegen, når vi legg oss og når vi står opp.

    I dette verset seier David at dette er noko han praktiserer. Leppene hans reknar opp alle lovene frå Guds munn. Det er ein god ting å gjera dette høgt for seg sjølv, for det styrkjer oss i trua og hjelper oss å hugsa på kva Guds ord seier. Andre omsetjingar støttar dette: tev seier “I will repeat aloud.…” neb seier: “I say them over, one by one“  og BJ seier “I will enumerate them all”.

    Det er viktig å leggja merke til at han reknar opp, fortel og snakkar om alle lovene frå Guds munn. Han seier dei omatt og omatt, den eine etter den andre. Han kuttar ikkje uten nokon av boda. Han vel ikkje bort nokon av dei, men forkynner dei alle.  NJV  seier: “all the rules You proclaimed”; NJB seier: “all the judgments you have given”; NEB seier: “the decrees that thou hast proclaimed.” TEV seier: “all the laws you have given.” Det det rike hebraiske ordet “mispat” som er brukt i dette verset og det forklarer dei mange ulike omsetjingane.

    Vi lever i tider der det er viktigare enn nokon gong før å vera frimodige i å forkynna kva Guds lov seier. Vi har ikkje råd til å vera stille. Vi må stå opp for Guds ord ved å ha Ordet på leppene våre gjennom heile dagen. Vi må la folk forstå at Guds ord er livskjelda vår. Det er Guds ord som gjev oss styrer livet vårt. Vi skjemmest ikkje over Guds lover for dei er alle gode og til det beste for alle menneske.

  • Lukka i livet er å følgja Guds ord

    Eg møter det nye året fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Etter eit langt liv som kristen gler eg meg meir enn nokon gong over Guds Ord og priser Herren for alle velsigningane eg finn i Ordet frå Gud. Eg har prøvd å vera uthaldande i å forstå og leva etter Guds Ord. Eg har lært Ordet utanåt. Eg har grunda på Ordet. Eg har venta på at Ordet skulle opna seg for meg. Kvar gong det skjer blir eg fylt av glede. Eg har prøvd å lata Ordet styra livet og oppførselen. Eg har funne håp og fred når eg har late Ordet leia meg. Guds Ord er min rikaste skatt.

    Salme 119 har heilt frå ungdommen vore motiverande og oppmuntrande for meg. Eg trur at denne salmen er svært viktig for alle kristne. Den gleda salmisten finn i å leva etter Guds ord, er ei glede vi treng i vår tid. Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt, seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens lov.

    I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som kan målast med den velsigning det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer den komande generasjonen i landet skal få oppleva dette velsigna livet. Velsigna er dei menneske som lever etter Herrens lov. Lukkelege er dei som er heile i si ferd, dei som lever eit liv i integritet. Velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord.

    Herrens lov har sitt opphav i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias – det levande Ordet – vart Guds vilje synleggjort. Jesus stadfesta Herrens lov ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine» (Joh 14,15). Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Jesus. Det handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit.

    Glede og velsigning er knytt til det å ta vare på Guds lovbod og søkja han av heile sitt hjarte.

    (more…)

  • Lær meg den livsforvandlande krafta i dine forskrifter!

    Salme 119,12 Velsigna er du, Herre! Lær meg dine forskrifter!

    Velsigna er du, Herre! Salmisten er personleg når han seier, «du Herre», og han er full av beundring og tilbeding. Vedunderleg er du, Herre, som har gjeve oss ei slik god og herleg lov. Di lov vitnar om kor kjærleg og omsorgsfull du er. Di lov viser oss din herlege og heilage karakter. Di lov er god, heilag og åndeleg, difor tilber og lovpriser vi deg som har  gjeve oss dine livgjevande ord.

    Velsigna er du, Herre! Dette er noko av det beste vi kan seia både om og til Gud. Når vi bruker dette uttrykket, seier vi at han er fullkomen, at han er verdt tilbeding og lovprising.

    Gud er god og alt Gud gjer er godt! Han er heilag og rettferdig. Han er trufast og miskunnsam. Han er nådig og mild. Gud er kjærleik. Difor elskar vi han og tilber han av heile hjartet. Med ei slik hjartehaldning av tilbeding får vi eit rett innstilling til Guds ord.

    Då blir det født ei bønn i hjartet: Lær meg dine forskrifter! Lat meg blir meir og meir kjend med di herlege lov og ditt gode ord. Denne tilnærminga er heilt nødvendig om Ordet skal bli til hjelp og velsigning for oss. Vi set oss ikkje over Bibelen. Vi møter ikkje det vi les i Bibelen med skepsis, vantru og kritikk. Vi er som barn som kjem til sin kjære far for å få rettleiing og opplæring i å meistra utfordringane i livet. Vi kjem som læresveinar for å læra av Meisteren. Vi kjem som ei forelska brur til brudgommen for å høyra kjærlege oppmuntringar.

    Lær meg dine forskrifter! Dette er bønna til dei som elskar Gud. Når vi elskar Gud, elskar vi hans ord. Dess meir vi kjenner Gud, dess meir forstår vi kor mykje vi har å læra. Vandringa med Gud inneber livslang læring.

    Vedunderlege Gud, du fortener lovprising framfor alle! Velsigna er du, Herre! Lær meg den livsforvandlande krafta i dine forskrifter!

  • Gøym Guds ord i hjartet

    Salme 119,11 Eg gøymer ditt ord i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg.

    Dette er også eit ord som har følgt med heilt frå ungdommen. Eg har opplevde det salmisten snakkar om. Difor har eg skrive inn denne sanninga framme i Bibelen: Denne boka vil halda deg borte frå synd, eller så vil synd halda deg borte frå denne boka. Det er ei djup sanning i dette.

    Når vi gøymer Guds ord i hjartet, vil vi vera leia og motivert av Ordet til å gjera det som er rett og godt og å unngå det som er synd. Med Guds ord i hjartet vil vi vera medvetne om kva Gud ønskjer å gjera for oss og gjennom oss. Når Guds ord bur i hjartet, vil vi kjenna Guds vilje og kunne velja rett veg når vi blir stilt på val.

    Å gøyma Guds ord i hjartet er å memorera Ordet, læra det utanåt. Det handlar også om å meditera og grunda på Guds ord. Dette er ein kraftfull kombinasjon: Memorera og meditera på Ordet. Det er noko eg har prøvd å gjera heile livet og det har vore til rik velsigning for meg. I min ungdom tok eg eit kurs i å memorera Guds ord frå Navigatørane. Eg er veldig takksam for det eg då lærte. Eg vil anbefala alle å ta dette kurset frå Navigatørane om bibelmemorering. Det er ei god investering.

    Med uttrykket «ditt ord» bruker salmisten det niande hebraiske uttrykket for Guds ord: «imra». Det betyr ord, tale, utsegn og kjem av «amar» som er å snakka, tala, seia noko til seg sjølv (tenkja), byda, befala eller lova. «Imra» er brukt nitten gonger i Salme 119 og blir mest brukt i dei poetiske skriftene. Elles er det ikkje stor forskjell i tyding frå ordet «dabar», som vart brukt i førre vers, og kan brukast som synonym.

    Når vi gøymer Guds ord i hjartet, handlar det om å høyra kva Gud seier og ta var på det i hjartet slik at vi lever etter det. Det handlar om å høyra og gjera det Gud seier. Det er ikkje nok å lesa Bibelen. Det er ikkje nok å læra bibelvers utanåt. Vi må høyra frå Gud gjennom det vi les og memorerer frå Bibelen.

    Eg reknar Guds profetiske ord for min største skatt, og eg memorerer og skriv dei på mi hjartetavle, slik at eg ikkje med synd skal svika Han.