Category: Bibel

  • Hald meg langt borte frå det som er falskt!

    Salme 119,29 Hald løgns veg borte frå meg, gjev meg i nåde di lov (Strong 8451)!

    Når livet er tungt og vanskeleg, er det lett å lytta til sjelefienden vår. Han pumpar hovudet fullt av løgner som er lette å tru på. At det ikkje nyttar. At det ikkje er håp for deg. At du like godt kan gje opp. At alt er meiningslaust. At du er håplaus og utan framtid. At du har sagt nei og vendt deg frå Gud, så det finst ikkje meir tilgjeving for deg. At du ikkje er god nok og aldri vil bli det. Berre gje opp. Eller kanskje han seier at du er god nok slik du er og kan leva slik du vil etter dine eigne lyster, utan at det får negative konsekvensar for deg.

    Vi står i ein åndeleg kamp mot falske sanningar. Djevelen tutar tankane fulle av løgner som han vil vi skal tru på. Han er ein løgnar og alt han seier er løgn. Til og med når han siterer Bibelen lyg han. Av og til verkar det som om han kjenner Bibelen betre enn oss, når han prøver å få oss bort frå den høgheilage trua som ein gong vart overgjeven til oss. Det er grunn til å vera på vakt når lausrivne ord i Bibelen blir brukt til å fornekta det som har vore den kristne kyrkja sitt syn i 2000 år. Å forkasta den apostoliske kristne læra fører aldri til noko godt.

    (more…)

  • Når livet druknar i tårer av smerte

    Salme 119,28 Mi sjel græt av sorg. Reis meg opp slik du har sagt!

    På ny fortel David korleis han har det. Livet er vanskeleg. Han græt av sorg. Han bruker sterke uttrykk for å setja ord på den stoda han er i. «Det er som om mi sjel smeltar bort i dei rennande tårene.» Faktisk seier han at sorga held på å ta livet av han. I ei engelsk omsetjing seier han at han har drukna i tårer av smerte (SPCL). Han ber på ei verkande sorg som er tung å bera. Sorga overveldar han. Sorga held på å eta han opp. Han blir kvelt av den vonde sorga.

    Det er litt greitt at han ikkje fortel oss årsaka til denne tynande sorga, men sorg er ofte knytt til noko vi har mista. Det gjer det lettare å gjera oss til eitt med det han seier, for vi har alle opplevd sorg på ein eller annan måte. Vi lever i ein forgjengeleg verden. Alt går til grunne. Tap av noko som er oss kjært er ein del av livet. Sorga råker oss alle, både fromme kristne og gudlause ateistar.

    (more…)

  • «Lat meg forstå!»

    Salme 119,27 Lat meg skjøna den vegen dine påbod (6490) viser! Eg vil grunda på dine under.

    I møtet med dei mange utfordringane i livet ber David ei bønn som vi treng å be igjen og igjen: «Lat meg forstå!» Slik han bad om å kunna skjøna i både vers 12 og 18. Vi møter ting i livet som vi ikkje skjøner. Det er ikkje alltid at det går slik vi hadde venta eller håpt på. Kanskje draumane våre var for store eller urealistiske? Eller kanskje er dei utfordringane vi møter ein del av treninga for å hjelpa oss å få draumane våre oppfylt?

    Men David si bønn om å forstå handlar ikkje så mykje om å skjøna kvifor livet er vanskeleg. Han ber om å forstå  den vegen Guds påbod viser. Det ligg i denne bønna eit ønske om å skjøna den djupare meininga med Herrens påbod. Kva er Guds intensjon med påbodet? Kva vil vår gode og kjærlege Far med det bodet han gjev oss? Det er dette David ber om, og det er det vi også treng å be om. At Gud skal visa oss den livsvegen, den gode livsførselen, som hans påbod handlar om. Guds meining er alltid at ordet hans skal hjelpa oss til å leva gode og meiningsfulle liv, – uansett korleis dei ytre omstenda er.

    (more…)

  • Snakk sant om livet, det gjer godt for sjela!

    Salme 119,26 Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg. Lær meg dine forskrifter (2706)!

    Eg fortalde deg om mine vegar. Eg sanna mi synd for deg. Ope la eg fram for deg alt eg har gjort. Eg rekna opp for deg alle vegane mine. Og du svara meg!

    Ei open vedkjenning gjer godt for sjela. Det er ikkje godt å teia stille og berre gå i sine eigne tankar. Når vi teier stille tærest livskrafta bort. Når vi grublar og strevar med tunge tankar om noko dumt vi har sagt eller gjort, blir livssafta borte. Då mistar vi motet. Då blir vi lamma. Då blir vi tappa for energi og pågangsmot. Når vi høgt og tydeleg sannar vår synd for Gud og ikkje dekkjer over skulda vår, då svarer Gud og det endrar alt.

    Vi kan koma til Gud med alle ting. Han veit alt og kjenner oss betre enn vi gjer. Likevel er det rett og godt å fortelja han alt. Vi kan rekna opp for han all vår sorg og uro. Vi kan fortelja om både sigrar og nederlag. Vi kan rekna opp både nedturar og oppturar. Ingenting er for smått og ingenting er for stort eller for vanskeleg. Vi kan ope og ærleg leggja heile livet vårt ope for Gud og fortelja koss livet er. Vi kan fortelja kva vi strevar med og kva vi gler oss over. Ingenting er for trivielt. Ingenting er for kvardagsleg. Salmane lærer oss å bera heile livet fram for Gud, for han bryr seg om heile livet vårt. Når vi ærleg og ope fortel om vegane våre, vil han svara oss.

    David seier med stor glede: «Du svarte meg!» Då han sanna si synd, svarte Gud med å tilgje han all hans syndeskuld. Lukkeleg er det mennesket som har fått sine misgjerningar tilgjeve og sine synder dekt over. Lukkeleg er den som Herren ikkje tilreknar skuld og som i si ånd er utan svik! Lukkeleg er den som har lært å leva i lyset og dagleg reinsing. Lukkeleg er den som ope fortel om alle sine vegar og lever i eit tilgjevande fellesskap.

    Når vi snakkar sant om livet, kjenner vi ofte trong til å be den bønna David bad: «Lær meg dine forskrifter.» Vi treng hjelp frå Gud til å forstå hans plan og vilje og til å leva etter hans ord. Vi treng heile tida å bli minna på kva Gud vil vi skal gjera, koss han vil vi skal leva.

    «Herre, eg tømmer ut hjartet mitt for deg og fortel deg alt, for du er alltid der for meg. Eg ber deg om å læra meg meir om dine heilage forskrifter, så eg kan leva eit liv til di ære.

  • Eg er pressa, – gje meg liv etter ditt ord!

    Dalet

    Dalet er den fjerde bokstaven i det hebraiske alfabetet. Alle dei åtte neste versa tek til med denne bokstaven som svarer til d i vårt alfabet. Det verkar som David har det vanskeleg og er deprimert og trykt ned i opninga av dette avsnittet på åtte dalet vers.

    ד

    Salme 119,25 Eg ligg pressa mot støvet. Gjev meg liv slik du har sagt (1697)!

    Det er ei ganske drastisk skildring David gjev oss i den første setninga: «Mi sjel ligg nedi støvet», «mi sjel er nedtrykt», «eg ligg pressa mot støvet»! Han har det ikkje godt. Livet er vanskeleg. Han kjenner seg pressa og trykt ned i støvet. Det er ikkje mykje ære og kongeleg vørdnad i denne stoda som han no er i.

    Den realismen som vi møter i Salmane fascinerer meg. Livet er ikkje ein danse på roser for nokon av oss. Livet kan vera vanskeleg. Livet kan vera herleg og full av glede. Vi veit ikkje kva vi vil møta i dagane som ligg føre oss. Kanskje får vi stå på høgdene og nyta lukka. Eller kanskje vi blir trykte ned i søla og må streva for å overleva. Livet kan vera veldig godt, men også vondt og vanskeleg. Eg liker Salmane for dei taler sant om livet. Dei viser at alle menneskelege kjensler og opplevingar kan berast fram for Gud. Vi treng ikkje leggja band på oss. Vi treng ikkje å prøva å vera frommare enn vi er. Vi kan seia til Gud koss vi har det. Han bryr seg om alle dei små detaljane i livet vårt.

    Denne første setninga kan også forståast på ein litt annan måte enn at stoda er vond og vanskeleg. Det kan faktisk vera at han har hatt det for godt, slik at han har vorte limt fast til det jordiske. Kanskje han har oppdaga at han sit fast i materialismen, at det jordiske støvet har trykt han ned og gjort sjela hans sløv? Kanskje har han hatt velstand og gode dagar så lenge at det har fått taket på han? Kanskje velstanden held på å kvela det åndelege livet? Kanskje han er fanga i rikdom, jordisk ære og karriere? Kanskje er det tidsklemma som pressar han ned i støvet?

    Uansett korleis vi har det, er nøkkelen å be den bønna som David bad: «Gjev meg liv slik du har sagt!» Han ber om fornying og forfrisking. Han ber om nytt åndeleg liv. Han ber om at Gud må skapa endring i livet og den stoda han er i. Det er det same kva vi slit med og kva utfordringar vi strevar med i livet, vi treng ny livskraft frå Gud. Det er berre Gud som kan gje liv. Det er berre han som gjer livet rikt og meiningsfullt. Difor vender vi oss til han i bønn.

    «Gje meg liv etter ditt ord, etter dine lovnader, slik du har sagt!» Det er alltid godt å kunna visa til Guds ord og lovnader når vi ber. Då kan vi be med frimodig tru og venta svar frå Gud. Når vi har fått eit ord frå Herren, anten det er eit ord frå Bibelen som har vorte levande for oss, eller det er ein profetisk lovnad som er talt over oss, då kan vi når som helst koma fram for Gud og minna han på ordet han har gjeve oss.

    Gje meg liv etter ditt ord! Gjer med meg etter ditt ord! Lat det gå slik du har sagt! Det er nokre av dei tryggaste bønnene vi kan be. Då ber vi om at Guds plan og vilje med livet vårt skal fullførast. At Gud skal føra oss vidare frå der vi er, anten vi er vanæra og pressa ned i støvet eller er fanga i det materialistiske. Gud ønskjer alltid at vi skal få liv og fornying.

    Herre, eg visnar bort. Eg er motlaus og ligg i støvet. Forny meg ved ditt ord, slik du lova at du ville!

    Tekst: Erling Thu (c)

  • Det mest fornuftige menneske kan gjera.

    Salme 119,24 Ja, eg frydar meg over dine lovbod (5713), det er dei som gjev meg råd.

    Dette verset er det siste som startar med den hebraiske bokstaven gimel. I det første verset fann vi ei bønn om liv i overflod. Så har vi sett at salmisten møtte litt av kvart i livet som ikkje var heilt enkelt for han med motgang og negativitet. Difor tykkjer eg at den måten han avsluttar dette avsnittet på er ekstra flott.

    Midt i alt det som kan vera vanskeleg å takla i livet: Han møtte hån og spott frå folk. Leiarar snakka negativt om han og motarbeidde han. Livet er ikkje lett. Han har mykje å stri med. Likevel har han ei kjelde til glede. Guds vitnesbyrd gjer at han kan fryda seg. Han kan gleda seg over Herrens lovbod. For ein rikdom å eiga ein Bibel. For eit privilegium at vi kan lesa Guds ord. Uansett korleis det går og kva som skjer rundt oss, kan vi fryda oss i det Gud seier.

    «Dine vitnesbyrd er mi fryd og mine rådgjevarar» (BGO). Han kan fryda seg over Guds lovbod, for det er dei som gjev han råd. Desse to tinga heng saman. Dei verkar begge vegar. Når vi frydar seg over Guds vitnesbyrd, er det lett å finna råd og rettleiing i Guds ord. Når vi let oss leia av Ordet, gjev det oss stor glede.

    David seier at Guds lovbod eller vitnesbyrd gjev han råd. Han har den enkle trua at Skaparen veit best korleis vi er skapt til å leva gode liv. Difor tek han i mot råd frå ordet frå Guds munn. Han let Ordet forma dei indre verdiane. Han let Ordet vera sitt indre kompass som han styrer heile livet etter. «Dine lovbod gjev med råd.»

    Dette ordet råd er eit viktig ord. Det inneber å få del i Guds plan. Det er å få sjå Guds evige hensikt. Å få del i Guds råd er å finna meininga med livet. Å følgja Guds råd er det tryggaste vi kan gjera. Alle menneskeleg råd og planar har grenser. Dei kjem til kort og blir før eller seinare forelda. Nye tider og utfordringar krev nye planar. Dette får spesielt politikarar oppleva. Dei råda som vi får frå Bibelen blir aldri forelda for dei har sitt opphav i Skaparen. Å leva etter Guds evige plan er det mest fornuftige noka menneske kan gjera.

    Text: Erling Thu

    Det er fint om du trykker på Twitter eller Facebook knappen og deler dette med andre! Tusen takk!

  • Det beste vi kan gjera når vi møter motgang og negativitet

    Salme 119,23 Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg, grundar din tenar på dine forskrifter (8451).

    Det er ei fantastisk haldning David gjev uttrykk for i det han her seier. Han viser oss kva som har høgste prioritet hos han. Når stormenn sit og snakkar negativt om han, er det ikkje viktig for han å forsvara seg. Det som er viktig for han er å gje Ordet den rette plassen i tankane hans.

    Det er ikkje ei lett stode David skildrar i dette verset, men det kjem ikkje tydeleg nok fram i denne 2011 omsetjinga som eg bruker. Her er nokre andre omsetjingar: «Sjølv om hovdingar sit og samrår seg mot meg» (NB). «Også fyrstar sit og talar imot meg»(BGO). «Fyrster har også sittet og talt sammen mot meg» (1930). Viktige leiarar sit altså saman og snakkar negativt om han. Det verkar også som om dei samrår seg mot han, og legg vonde planar mot han. Han møter med andre ord stor motgang og mykje negativitet. I førre verset var det snakk om spott og forakt, men no er det endå verre. Stormenn, hovdingar, mektige leiarar motarbeider han.

    Når vi forstår denne vanskelege situasjonen som David var i, er reaksjonen hans oppsiktsvekkjande! Han ser seg sjølv som Guds tenar. Denne identiteten hans, eg er Guds tenar, hjelper han å ha rett fokus. Han treng ikkje vera oppteken av kva folk meiner om han, eller korleis dei motarbeider han. Reaksjonen hans er fantastisk: «Eg grundar på dine forskrifter!»

    Det er faktisk det beste vi kan gjera når ting er vanskeleg. Når folk snakkar negativt om oss. Når folk motarbeider oss. Når folk legg vonde planar mot oss. Då er det tid til å ignorera desse folka og heller å venda oss til Guds ord for rettleiing i korleis vi skal reagera. Guds ord vil då visa oss at vi ikkje har kamp mot menneske, men mot vonde og mørke makter som manipulerer og bruker folk.

    Asaf var ein av dei som møtte mange vanskar og strevde med vonde spørsmål. Dette fortel han om i Salme 73. Det dei gudlause sa og gjorde, gjekk inn på han. Han vart fortvila og motlaus og heldt på å gje opp. Heilt til han tok til å sjå ting frå eit evig perspektiv, frå Guds synsvinkel. Når vi grundar på Herrens forskrifter får vi ei positiv motgift mot det negative snakket som vi blir utsett for. Når vi grundar på Guds ord, prellar dei negative ord frå fienden av oss. Dei sårar oss ikkje lenger, dei mistar si kraft. Når vi grundar på Guds ord blir vi motstandsdyktige i den åndelege kampen mot det negative snakket.

    The Passion Translation seier det slik: Sjølv om prinsane og leiarane mine kritiserer meg, vil eg fortsetta å tena deg og vandra i dine planar for livet mitt.

    Tekst: Erling Thu (c)

  • Spar oss for hykleri og falskneri

    Salme 119,22 Ta spott og forakt bort frå meg, for eg tek vare på dine lovbod.

    David ber om nåde til å bli spart frå spott og forakt. Han liker sjølvsagt ikkje å bli sett ned på. Han ønskjer, slik vi alle gjer, å bli respektert for den han er og for det han trur på. Han veit av beisk røynsle, av bitter oppleving, at det ikkje alltid er slik.

    Vi kan møta spott og forakt av minst to grunnar. Ateistar eller folk som hatar Gud, vil berre ha forakt for dei som trur på Gud. Når vi er Guds venner, blir verden fort vår uvenn. Når vi elskar Gud og hans ord, må vi rekna med å bli håna og spotta på ulikt vis. Denne spotten kan vi bera med lyfta hovud, for han er eigentleg retta mot Gud. Då er det ei ære for oss å måtta lida for hans namn.

    Det er verre om spotten råkar oss på grunn av vårt hykleri. Vi fortener forakt om vi ikkje er ærlege i trua og ikkje etter beste evne lever etter Guds ord. Vi fortener forakt om vi seier noko, men gjer noko heilt anna. Folk har lett for å avsløra hykleri og inkonsekvent tru.

    Når David ber om at Gud skal ta spott og forakt bort frå han, er det ei bønn om å bli spart for hykleri og falskneri. Han har eit ønskje om å vera ærleg i tru og liv. Han har eit ønskje om å leva til Guds ære. Han ønskjer å leva rett.

    Faktisk seier han: eg tek vare på dine lovbod! Så langt han veit, lever han etter Guds ord. Han finn si glede i Herrens lov. Han grundar på Guds bod. Han gøymer det i hjartet sitt, så han ikkje skal synda mot Herren. Han lengtar etter Ordet og ber om innsikt og openberring. Han ønskjer å sjå dei underfulle tinga i Guds ord. Han elskar Ordet og tek vare på Herrens lovbod. Alt dette har han sagt tidlegare i denne salmen.

    Han lever med andre ord med godt samvit. Han meiner at han ikkje fortener spott og forakt. Det er difor han med frimod ber denne bønna: Ta spott og forakt bort frå meg. Når vi med godt samvit lever i samsvar med vår kristne tru, som byggjer på Guds ord, kan vi be store og frimodige bønner!

    Text: Erling Thu (c)

  • Å setja seg sjølv over Guds lov er toppen på overmot

    Salme 119,21 Du refsar dei frekke og bannstøytte, som villar seg bort frå dine bod.

    Tidlegare i denne salmen har vi sett at salmisten har ei audmjuk og lærevillig innstilling. Han lengtar etter Gud og ønskjer å få innsikt i hans bod, slik at han kan leva etter Guds vilje. Han er fylt av glad tillit til Guds ord. Han bøyer seg for Herrens dommar og vil følgja hans forskrifter. Han grundar på velsigningane i å lyda Herrens lov.

    Det er dette som er samanhengen med det han seier i vers 21. No ser han på det motsette av å lengta etter Gud. Det er å vera stolt og uavhengig. Det er å gå sin eigen veg. Det er setja seg sjølv først og følgja sitt eige hovud, sine eigne tankar og lyster. Gjennom heile Bibelen blir ei slik innstilling fordømd. Bibelen seier at Gud står imot dei frekke og overmodige, men dei audmjuke får nåde.

    Å setja seg sjølv over Guds lov er toppen på overmot. Folk som gjer det er ofte frekke i måten dei omtaler Gud og hans ord. Gud trugar med å bannstøyta stolte, overmodige og frekke folk. Dei har inga lys framtid i vente. Forbanning og ikkje velsigning ventar dei.

    Overmotet deira gjer at dei villar seg bort frå Guds bod. Dei snakkar ned Guds ord. Dei taler med forakt om Bibelen, som ei gammal og avdanka bok. Dei bryr seg ikkje om Guds lover, for dei elskar å gå sine eigne vegar og følgja sitt eige forderva hjarte.

    I sin store kjærleik refsar Gud dei. Han har ikkje gjeve dei opp. Han finn inga glede i at dei øydelegg seg sjølv. Gud ønskjer å berga og frelsa dei. Difor refsar han dei og trugar med å bannstøyta dei. Han ønskjer at dei skal venda om og finna frelse, slik apostelen Peter seier:

    Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending (2 Pet 3,9).

    Tekst: Erling Thu

  • Lengten etter Gud er ein lengt etter Guds ord

    Salme 119,20 Eg fortærest dag og natt av lengt etter dine lover (4941).

    Det er eit sterkt ord David bruker når han seier: «Eg fortærest dag og natt!» «Mi sjel er knust!» (NB). Han blir eten opp. Han blir fortært. Han blir knust. Han mistar kreftene. Han held på å forgå. Det er ikkje ytre motgang eller vanskar i livet som stel kreftene hans, det er hans eigen lengt.

    David hadde denne djupe og inderlege lengten etter å læra å kjenna Gud betre. Lengten etter Gud var så sterk at det rett og slett vart ei påkjenning. Han var knust av lengt etter Gud. Han vart fortærd av dette brennande ønsket om å kjenna Guds lover. Det var ikkje kjennskapen til Gud som utmatta han, men det var den intense lengten etter Gud som fortærde han.

    Å, om Guds folk i dag kunne ha den same iver etter å læra Gud å kjenna gjennom hans ord! Eg skulle ønskja at vi alle hadde denne lengten i oss etter å sjå meir av Guds venleik og godleik gjennom lovene hans. Vi må aldri slå oss til ro. Vi har berre så vidt smakt og sett at Gud er god. Det er så mykje meir å sjå. Guds herlegdom er så stor at vi treng heile æva til å utforska djupna i Gud.

    Det er også verdt å merka seg at lengten etter Gud er ein lengt etter hans lover. Det er i Ordet vi finn Gud. Det er der han openberrar seg for dei audmjuke og lærevillige, dei som lengtar etter han.