Category: Bibel

  • Lidenskapleg lengt etter Gud

    Salme 119,10 Eg søkjer deg av heile mitt hjarte, la meg ikkje villast bort frå dine bod!

    I dei fleste salmane finn vi lovprising, bønner og vedkjenningar av tru og lære. Det har vi alt sett i Salme 199 også. I vers to snakkar han om den glede og velsigning dei får som søkjer Herren. Det er nok dette han har i tankane i dette tiande verset når han ber denne bønna: Eg har lengta lidenskapleg etter deg av heile mitt hjarte, la meg ikkje villa meg bort frå dine befalingar!

    Dei fleste norske omsetjingane seier, eg søkjer deg (i notid), medan dei fleste engelske omsetjingane mine seier, eg har søkt deg (i fortid). Dette er noko som går att i heile Salmane, det blir omsett i ulik tid, nokre omsetjingar er i notid og andre er i fortid. Eg har ikkje språkkunnskap nok til å meina noko om kva som er rettast, men tykkjer at det er interessant å leggja merke til. Her i dette verset (10) har det ikkje så mykje å seia, men salmisten vil understreka at han har søkt Gud av heile hjartet og gjer det framleis. Han har smakt den gleda og velsigning det er å søkja Gud og halda hans ord. Dette er noko han ikkje vil mista. Difor ber han slik han gjer: La meg ikkje villa meg bort frå dine ord.

    I Salme 27,8 seier David: Eg kjem i hug at du har sagt: «De skal søkja mitt andlet.» Ditt andlet søkjer eg, Herre. Legg merke til korleis han tek Gud på ordet: Du har sagt, – eg gjer det du har sagt! No må du høyra meg når eg ber!

    Det er den same haldninga som kjem fram i her i vers ti. Eg har søkt deg, eg søkjer deg dagleg av heile hjartet, difor ventar eg at du vernar meg så eg ikkje villar meg bort, men får halda fram med å leva i di velsigning.

    Det er eit stort alvor i denne bønna, for ho understreker ei viktig sanning: Jamvel om vi har søkt Gud og gått på hans vegar, er det likevel mogleg å villa seg bort. Det er litt skremmande og helst noko vi ikkje liker å snakka om. Det er ikkje nok å begynna å gå på Guds veg, vi må halda fram heile livet med å søkja Gud og halda hans ord. Det er ikkje nok å starta bra, vi må også fullføra rett. Alle som går kan falla. Dei som tidlegare har søkt Gud kan villa seg bort. Difor ber vi om nåde: Herre, miskunna deg over oss!

    Han som har makt til å verna dykk mot fall og føra dykk jublande og utan feil fram for sin herlegdom, han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid, no og i all æve! Amen (Jud 24-25).

  • Korleis kan vi leva reint?

    ב  Beth

    Sann glede

    I avsnittet frå vers 9 til 16 i Salme 119 startar kvar linje med den hebraiske bokstaven Beth. Dette avsnittet på åtte vers handlar svært mykje om sann glede og det første verset som tek til med beth legg eit fundament for pur glede.

    Salme 119,9 Korleis held den unge stigen (Strong 734) sin rein? Ved å akta på dine ord(Strong 1697).

    Dette verset har følgt meg sidan eg var ein ny og ung kristen. Eg er så takksam for det bedehusmiljøet eg vaks opp i, for der lærte vi å setja Guds Ord høgt og lata det styra livet vårt. Salmisten stiller her eit svært viktig spørsmål og gjev oss sjølv det rette svaret: Korleis kan eit ungt menneske leva reint? Berre ved å leva i Guds ord og vandra i sanningane i Ordet.

    Sjølvsagt gjeld denne sanninga ikkje berre unge menneske. Men unge menneske møter i sin ungdom for første gong alle desse driftene og lystene som kan gjera livet ureint. I vår barndom var vi ukjende med mykje av dette ureine, men i ungdomstida møter vi dette med full styrke. Barndommen er ei uskuldstid, men i ungdommen møter vi alle dei freistingane som høyrer det vaksne menneskelivet til.

    Den første sanninga vi må ta inn over oss i dette verset er at det finst både ein rein og urein måte å leva på. Noko er rett og noko er galt. Noko er godt og noko er vondt. Noko er heilagt og noko er vanheilagt. Det finst noko som er fint og flott, men dessverre også noko som er stygt. I vår postmoderne tid er det mange røyster som vil bortforklara dette og seia at alt er like bra. Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for meg, seier dei, for alt er relativt. Denne postmoderne løgna må vi ta skikkeleg avstand frå. Bibelen gjer det klart at det finst absolutte sanningar og urikkande lover for kva som er rett og galt. Dei ti boda saman med Jesu bergpreike gjev oss trygg og god rettleiing i å leva reine liv.

    «Dine ord» er det åttande uttrykket salmisten bruker for Guds ord. Her bruker han det hebraiske ordet «dabar» som ofte er brukt i GT og blir omsett på svært mange ulike måtar, alt etter samanhengen. Når det blir omsett med ord, er den grunnleggjande og enkle tydinga det Gud har sagt eller seier. Dei ti boda blir også kalla dei ti orda (2 Mos 34,28; 5 Mos 4,13; 10,4), dei ti utsegna. Dei ti orda er det Gud sa, dei er ti bod på grunn av måten dei vart sagt på. Dei er Guds befalingar.

    Profetane bruker ofte uttrykket: Herrens ord kom til meg. Her er også «dabar» brukt. Ordet frå Gud er eit openberrings ord som gjev oss kunnskap om Gud og hans vilje. Herrens ord er reint (Sal 33,4) og viser oss korleis vi kan leva reint. Når vi les i Bibelen med bedande hjarte vil vi stadig få oppleva at Herrens ord kjem til oss, det blir levande for oss og rører ved oss. Når vi lever i denne friske openberringa av Ordet ved Den Heilage Ande finn vi stor glede i å halda stigen vår rein. Å akta på Ordet er å tru det og lyda det, slik at vi lever det ut i kvardagen.

  • Eit godt forsett og ei realistisk bønn

    Salme 119,8 Eg vil halda dine forskrifter, du må ikkje svikta meg!

    Eg liker måten salmisten avsluttar Alefavsnittet på. Han gjer det på ein veldig personleg måte. Han fortel Herren om sitt forsett, om kva han ønskjer å gjera, om den intensjon han har. Men fordi han kjenner seg sjølv så alt for godt og veit at han ofte kjem til kort, sukkar han: du må ikkje svikta meg! Det er underforstått at salmisten kan koma til kort, men han set si lit til Guds miskunn og nåde.

    Salmisten lovar på ein måte å vera trufast og gjera alt Ordet openberrer for han. Det er vel noko dei fleste kristne ønskjer å gjera. Samstundes er han realistisk og ber om at Herren ikkje må gje han opp når han kjem til kort. Her er det ein fin balanse som vi har mykje å læra av.

    Det er godt å ha gode intensjonar. Det er ein god ting med gode forsett. Det er flott å planleggja og ha stor tru på kva vi kan få til i vår vandring med Gud. Eg har god erfaring med det. Eg har også opplevd mange gonger at det er lettar å ha gode forsett enn det er å gjennomføra. Heldigvis har eg fått nåde til å kvila i Guds nåde. Jamvel om eg ikkje har greidd å gjera alt eg hadde lyst til å gjera, har eg fått nåde til å ikkje bli fortvila.

    Det var slik Salmisten også hadde det. Av heile sitt hjarte ønskte han å halda alle Herrens forskrifter. Men dessverre kan han til kort. Difor kom dette hjartesukket: Du må ikkje reint forlata meg! Gud høyrer slike hjartebønner og svarer oss: Eg har teikna deg i begge mine hender. Eg skal ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg! Den gode gjerning eg har begynt i deg, vil eg fullføra heilt fram til Jesu Kristi dag.

  • Det lukkelege livet er livslang læring

    Salme 119,7 Eg prisar deg av eit ærleg hjarte når eg lærer dine rettferdige lover.

    Her skildrer salmisten det glade og lukkelege livet når han lærer å kjenna Guds rettferdige lover. Då prisar han Gud av eit ærleg hjarte. Kvar gong vi får innsikt i Guds Ord får vi lyst til å takk og prisa Gud. Når Ordet opnar seg for oss, blir vi fylte av glede og takk. Når vi lærer Guds ord å kjenna må vi prisa Gud av eit ærleg hjarte.

    Dette verset fortel meg at ein Jesu læresvein på ein måte aldri er utlært. Guds rettferdige lover og bod står fast for dei kan ikkje endrast, men det er meir visdom og innsikt i Ordet enn det vårt naturlege auge ser. Å vandra med Gud er ei livslang læring. Der er lett å lesa og forstå boda på ein lovisk og bokstavleg måte. Då trur vi at vi kan alt, ved berre å sitera bodet. Når vi lever med Gud, oppdagar vi at bodet er mykje djupare enn vi først trudde. Vi får ny innsikt og ny visdom. Denne læringa er eit verk av Den Heilage Ande. Jesus sa at Anden skulle læra oss alle ting og leia oss til heile sanninga. Når vi lærer kva hans rettferdige lover inneber, blir vi fylt av takk og lovprising.

    No bruker salmisten det sjuande uttrykket for Guds Ord: Dine rettferdige lover. «Dine rettferdige lover» vart tidlegare omsett med: Dine rettferdige dommar. Det er det hebraiske ordet «mispat» som er brukt her. Dette ordet er brukt svært mange gonger i Bibelen og kjem av ordet «shapat» som betyr å styra, regjera, ta avgjerd. Mispat er då denne avgjerda, denne dommen som er felt og som er ei tyding av lova. Dommen seier kva lova tyder. Guds dom er Guds rettferdige lov. Det er noko som er avgjort. Noko vi må innretta oss etter. Men også noko vi kan læra å forstå meir og meir.

  • Ingen som lever etter Guds ord blir til skamme

    Salme 119,6 Då blir eg ikkje til skamme når eg har alle dine bod for auge.

    Salmisten reknar med bønnesvar og i dette verset finn vi ei trygg visse i trua. Då,  – når Gud svarer på hjartelengten og gjer stega våre faste så vi held hans forskrifter, då blir vi ikkje til skamme. Då blir vi ikkje skuffa. Då blir vi ikkje vonbrotne. Gud er trufast. Han vaker over sitt ord. Han held det han lover. Velsigningane er tallause når vi gjer Guds vilje. Ingen som set si lit til Herren og går på hans vegar blir til skamme. For Herren tek seg av oss og lønner oss med ære når tida er inne.

    Vi kan møta motstand og motgang. Vi kan bli håna og spotta. Vi kan bli gjort til latter og gjort narr av. Vi kan bli skjelt ut og bli snakka stygt om. Men alt dette er berre midlertidig. Det vil koma ein dag då vi vil sjå alt i eit nytt lys. Det kjem ein rekneskaps dag for alle menneske. Det kjem ein dag då Gud skal lønna kvart menneske etter sine gjerningar. Den dagen vil vi ikkje bli til skamme, om vi har halde Guds bod.

    No tek salmisten fram det sjette uttrykket for Guds Ord: dine bod. Det er det hebraiske ordet mitzvah som er brukt her og tyder heilt enkelt bod eller befaling. Ordet er brukt om dei ti boda (2 Mos 24,12) og om dei boda ein lærar gjev til ein læresvein (Ord 2,1; 3,1).

    Herrens lov er fullkomen, ho gjer livet nytt. Herrens vitnemål står fast, det gjer den uvitande vis. Herrens påbod er rette, dei gjer hjartet glad. Herrens bod er klårt, det gjev auga lys (Sal 19,8-9).

    Den som elskar Gud, held hans bod (5 Mos 11,1; Joh 14,15). Slik viser vi ærefrykt for Herren og kan leva i fellesskap med han. Gud viser oss sin trufaste kjærleik (hesed),  når vi lyder han og held boda hans (5 Mos 8,6; 13,4; Joh 14,21).

    «Når eg har alle dine bod for auge», eller når eg festar auga på alle boda dine. Det inneber å vera vaken for og oppteken av Guds Ord på ein slik måte at vi held boda og lyder dei.

    På ny vil eg understreka at salmisten slår fast at Guds Ord er hans bod og befalingar. Dette må vi ta på alvor. Gud krev av oss at vi lever slik han seier.

    Legg merke til at han seier: alle dine bod. Det er ikkje slik at vi kan velja ut nokre bod som vi liker og sjå bort fråd ei vi ikkje liker. Nei, vi må ha som ønskje og heilag intensjon å leva i samsvar med alt Guds Ord.

    Vårt ansvar er å høyra og ta imot Ordet. Vi må ta imot i tru og tillit for å kunna lyda boda. Vi må også søkja å forstå boda i lys av han, som er Ordet, som vart menneske og levde ut Guds vilje på jord.

  • Dei som elskar Gud, er nøye med å gjera det Han seier!

    Salme 119,4 Du har gjeve dine påbod for at dei skal haldast nøye.

    Den Gud, som har skapt oss, har også gjeve oss instruksjonar om å leva rett. Han har gjeve oss påbod. Han har sagt korleis han vil vi skal leva. Han har vist oss at det finst ein rett måte å leva på. Vi kan ikkje leva slik vi vil om vi vil finna lukke og velsigning i livet. Det finst berre ein måte å leva rett på: å vera nøye med å halda Guds Ord!

    Dine lovbod, er det fjerde uttrykket for Guds Ord i denne salmen. Lovbod er eit sterkt ord. Her er det ikkje rom for forhandling eller kompromiss. Gud har gjeve oss sine befalingar og vi må vera nøye med å gjera det han seier. I Bibelen finn vi Guds påbod og befalingar. Det er ikkje opp til oss å velja og vraka mellom dei. Vi har berre ein ting å gjera og det er å lyda!

    Paulus sa at oppdraget hans var å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for Guds namn (Rom 1,5). Det er det oppdraget Jesus gav til alle læresveinane, å læra folk å lyda og halda alt det han har bode oss. Rett lydnad kjem av tru og tillit til Jesus Messias. Dei som elskar han, gjer det han seier.

    Då djevelen freista dei første menneske, gjorde han det ved å stilla dette spørsmålet: Har Gud verkeleg sagt? Og han vrei på det Gud hadde sagt og stilte spørsmål ved Guds motiv. Han har mange følgjarar som gjer det same i vår tid. Mange menneske trur dei er så kloke og smarte at dei veit betre om kva som er godt for barn og unge enn Skaparen. Dei snakkar forakteleg om å leva etter det ei gammal bok seier. Rett nok kan dei seia at det nok kan finnast litt livsvisdom i den gamle boka som kan vera nyttige og gode. Bibeltru folk vil seia at vi lyder ikkje Guds Ord fordi det gjer oss lukkelege og er godt for oss. Nei, vi held oss til Guds Ord fordi Gud krev det. Guds Ord er ikkje berre velmeinte og gode råd som vi kan gjera kva vi vil med. Det er hans påbod og befalingar det gjeld. Våre moderne og såkalla intellektuelle bortforklaringar rikkar ikkje ved Guds befalingar. Vi må vera nøye med å gjera det Gud seier, fordi det er Gud som seier det!

  • Å gå på Guds vegar er å leva etter Guds ord

    Salme 119,3 Dei gjer ikkje urett, men går på hans vegar.

    Det er med stor tru og tillit til Guds gode ord og ordningar at Salmisten seier dette. Når vi følgjer Herrens lov og tek vare på hans lovbod eller vitnemål, då vil vi ikkje gjera noko urett. Gud er god og alle hans vegar er gode for alle menneske, ja for alle samfunn. Det er godt å ha denne enkle trua på Guds Ord. Det er trygt å gå på Guds vegar. Det er aldri galt å gjera det Gud seier. Det er alltid rett å følgja Herrens lov og leva i samsvar med hans vitnesbyrd. Dei som gjer det vil aldri gjera det som er urett, men vil velja å gjera det som er godt for dei går på Guds veg. Dei gjer ikkje urett, fordi dei er rettferdige og har Guds liv i seg (sjå 1 Joh 3,9). Guds karakter har vorte forma i dei. Det har vorte ein vane for dei å gjera det Gud seier i sitt Ord.

    Å gå på Guds vegar er det tredje uttrykket i denne salmen for å leva etter Guds Ord. Veg blir ofte i Bibelen brukt som eit uttrykk for levesett. Guds vegar handlar då både om kva Gud gjer og korleis han gjer ting, både hans hjartelag og hans handlemåte. Å gå på Guds veg er å leva på Guds måte. Dette kan vi berre gjera i tru og tillit til Herrens nåde og ved krafta i Den Heilage Ande som bur i oss.

    Lova kom med Moses, men nåden og sanninga kom med Jesus Messias. Ingen har nokon gong sett Gud, men Jesus Messias er det synlege bilete av den usynlege Gud. Jesus Messias har vist oss kven Gud er. Han har vist oss kor nådig og kjærleg han her. Han har også vist oss kor heilag Gud er og at synda må straffast og sonast. I Jesus kjem Gud til oss som både dommar, forsonar og frelsar. Å gå på Guds veg er også å leva i forsoning og visa kjærleik til alle menneske.

  • Lukka i livet er å leva etter Guds ord

    Salme 119,2 :Sæle er dei som tek vare på hans lovbod, som søkjer han av heile sitt hjarte.

    Det andre verset startar også med å prisa folk lukkeleg. Desse to versa er dei einaste i denne lange salmen som bruker dette hebraiske ordet esher, som tyder lukkeleg eller velsigna. I dette andre verset er gleda og velsigninga knytt til det å ta vare på Guds lovbod og søkja han av heile sitt hjarte.

    Salme 119 startar altså med ei dobbel velsigning til dei som har eit rett forhold til Guds ord. Dette treng vi å gje akt på i våre dagar når så mange trur dei veit betre enn Guds ord. Mange bortforklarer og nokre fornektar det Gud har sagt i Bibelen for å leva slik dei sjølv vil. Dersom vi som kristne ønskjer å leva i velsigning må vi ta vare på Guds ord som vårt arvegods. Det viktigaste vi kan gje vidare til dei som kjem etter oss er tillit til Guds ord.

    Å ta vare på Guds lovbod er å halda dei og leva i samsvar med Ordet slik Jesus baud oss: Gjer alle folkeslag til læresveinar ved å døypa dei og læra dei å halda alt det eg har bode dokker! Bibelen skal ikkje stå til pynt i ei bokhylle, men levast ut i kvardagen. Lukka i livet er ikkje å få mange likes i sosiale media, men å lyda Guds Ord trass i kva andre meiner.

    Lovbod er det andre uttrykket vil finn i denne salmen for Guds ord. I tidlegare omsetjingar vart det hebraiske ordet, «edut» omsett med vitnesbyrd (slik Bibelen, Den heilage skrifta, framleis gjer). Ordet har sitt opphav i rettsvesenet og når eit vitnesbyrd var beviskraftig fekk det avgjerande for den påfølgjande dommen. Guds lovbod eller vitnesbyrd er det avgjerande ordet frå Guds munn. Guds vitnesbyrd finn vi gjennom heile Bibelen. Dei to tavlene, som dei ti boda var skrive på, blir kalla for vitnesbyrdet (2 Mos 16,34). Desse tavlene er vitnesbyrdet om Guds pakt med folket sitt, men også om Herrens vilje. Heile Skrifta vitnar om Jesus Messias (Joh 5,39). Det er dette «Jesu vitnesbyrd» vi må prøva å få tak i når vi les Bibelen. Jesu vitnemål er Anden i profetordet (Op 19,10).

    Å ta vare på «Jesu vitnemål» og leva i samsvar med læra hans, er noko vi berre kan gjera når vi søkjer han av heile vårt hjarte. Å søkja han er å venda oss til han og spørja om råd og rettleiing. Det har med vår hjarteinnstilling å gjera. Det handlar om kva vi prioriterer. Det handlar om kva vi drøymer om og lengtar etter. Her har vi mykje å læra av apostelen Paulus:

    Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap. Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men med den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua.

    Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk. Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

    Følg føredømet mitt, sysken, og sjå opp til dei som lever etter det førebiletet de har i oss (Fil 3,7-17)

  • Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

    Salme 119,1

    Alef

    Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov.

    Første verset startar med å prisa dei lukkelege som er heile i si ferd, dei som lever eit liv i integritet. Noko som berre kan gjerast når dei følgjer Herrens Lov. Sæle er dei, eller lukkelege er dei, eller kanskje endå betre: velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord. Velsigna er dei som lever etter Herrens lov.

    Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt, seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens lov. I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som målast med den velsigning det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer den komande generasjonen i landet skal få oppleva dette velsigna livet.

    Herrens Lov – Adonais Torah – er det første uttrykket vi møter i denne salmen for Guds Ord og det er svært viktig å forstå kva som ligg i dette uttrykket som vi finn mange gonger i Bibelen. Det er vanleg å omsetja det hebraiske ordet «torah» med lov, men i følgje «The Complete Jewish Study Bible» tyder dette ordet heilt enkelt instruksjon, rettleiing eller vegen vi bør gå. Herrens Torah har sitt opphav i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias – det levande Ordet – vart Guds vilje synleggjort. Jesus døyper oss i Den Heilage Ande som leier alle oss som er læresveinane hans til sanninga og set oss i stand til å halda alle Guds instruksjonar. Jesus stadfesta Herrens Torah ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine» (Joh 14,15). Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Messias. Det handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit.

  • Guds Ord – vår rikaste skatt

    Det siste året har eg lese Salme 119 fleire gonger. Kvar gong blir eg fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Denne salmen er den lengste i Bibelen og kanskje den mest forseggjorte når det gjeld stil og struktur. Salmen er delt inn i 22 bolkar, ein bolk for kvar av dei 22 bokstavane i det hebraiske alfabetet i alfabetisk rekkjefølgje. Kvar bolk er på 8 vers og kvart av desse versa startar med same bokstav.

    Salmisten, som sannsynlegvis er David, gler seg over Guds Ord og priser Herren for alle velsigningane han finn i Ordet frå Gud. Han bruker minst 10 ulike ord for Guds lov, men eitt av desse orda tek han som regel med i kvart einaste vers. Salmisten er ivrig og uthaldande i å forstå og leva etter Guds Ord. Han lærer Ordet utanåt. Han grundar på Ordet. Han lengtar eller Ordet. Han ventar på Ordet. Han let Ordet styra livet og oppførselen. Han finn håp og fred når han let seg leia av Ordet.

    Eg trur at Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Difor har eg tenkt å ta lesarane mine med meg gjennom denne salmen, vers for vers, dag for dag. Dette er ein god måte å starta det nye året på: å ha fokus på Guds Ord! Eg planlegg å starta med første vers på måndag den sjette januar og ta eit vers for dagen fem dagar i veka. Om eg greier å gjennomføra dette nyttårsforsettet mitt vil berre tida visa, men eg gler meg til å gjera det.

    Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den Heilage Ande, skulen til Sanninga, og det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege dydar skin gjennom alt. Denne salmen er som ein kristen ABC som lærer oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik, kraft og viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen.