Guds Ord – vår rikaste skatt

Det siste året har eg lese Salme 119 fleire gonger. Kvar gong blir eg fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Denne salmen er den lengste i Bibelen og kanskje den mest forseggjorte når det gjeld stil og struktur. Salmen er delt inn i 22 bolkar, ein bolk for kvar av dei 22 bokstavane i det hebraiske alfabetet i alfabetisk rekkjefølgje. Kvar bolk er på 8 vers og kvart av desse versa startar med same bokstav.

Salmisten, som sannsynlegvis er David, gler seg over Guds Ord og priser Herren for alle velsigningane han finn i Ordet frå Gud. Han bruker minst 10 ulike ord for Guds lov, men eitt av desse orda tek han som regel med i kvart einaste vers. Salmisten er ivrig og uthaldande i å forstå og leva etter Guds Ord. Han lærer Ordet utanåt. Han grundar på Ordet. Han lengtar eller Ordet. Han ventar på Ordet. Han let Ordet styra livet og oppførselen. Han finn håp og fred når han let seg leia av Ordet.

Eg trur at Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Difor har eg tenkt å ta lesarane mine med meg gjennom denne salmen, vers for vers, dag for dag. Dette er ein god måte å starta det nye året på: å ha fokus på Guds Ord! Eg planlegg å starta med første vers på måndag den sjette januar og ta eit vers for dagen fem dagar i veka. Om eg greier å gjennomføra dette nyttårsforsettet mitt vil berre tida visa, men eg gler meg til å gjera det.

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den Heilage Ande, skulen til Sanninga, og det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege dydar skin gjennom alt. Denne salmen er som ein kristen ABC som lærer oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik, kraft og viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen.

Leave a Reply

Comments

12 responses to “Guds Ord – vår rikaste skatt”

  1. Robert Avatar
    Robert

    Høres bra ut, Erling!

  2. Anders Avatar
    Anders

    Wow! Et godt mål. Åpne skattkammeret!

  3. Torgeir Sævik Avatar
    Torgeir Sævik

    Dette ser eg fram til å vera med på. Spennande å få vera med på ei ferd gjennom akkurat denne salmen.

  4. Gunn Avatar
    Gunn

    Spennende. Jeg blir med!

  5. Frank-Roger Mathias Tverfjeld Avatar
    Frank-Roger Mathias Tverfjeld

    Høres interessant og spennende. Gleder meg til å følge med på dette.

  6. Odd Markus Avatar
    Odd Markus

    Hei ☺️ Eg er med! Korleis gjer vi det reint praktisk?

  7. Jan-Kristian Viumdal Avatar
    Jan-Kristian Viumdal

    Jeg vil også gjerne være med på dette.

  8. Tom Kleve Avatar
    Tom Kleve

    Interessant, Erling! Den vil jeg være med på 😀

  9. Anne-Linda Bratsberg Thorsen Avatar
    Anne-Linda Bratsberg Thorsen

    Så spennende! Jeg vil være med 😊

  10. Kim David Avatar
    Kim David

    Så nydelig! Gleder meg til å bli med! Guds ord vår skatt

  11. Erling Thu Avatar

    Takk for gode tilbakemeldingar! Om vi les og grunder på versa i Sal 119 dag for dag slik eg har tenkt å gjera, vil det vera fint om folk legg inn sine eigne kommentarar frå det same verset. Slik vil vi få fram ny innsikt og dela skattar med kvarandre.

  12. Erling Thu Avatar

    Om vi les og grunder på versa i Sal 119 dag for dag slik eg har tenkt å gjera, vil det vera fint om folk legg inn sine eigne kommentarar frå det same verset. Slik vil vi få fram ny innsikt og dela skattar med kvarandre.