Du har vist meg nåde

Herre, eg takkar deg for du har vist meg nåde.
Du gløymde meg ikkje då eg gjorde feil
Du gjekk ikkje frå meg då eg svikta
Du let meg ikkje vera åleine då eg synda
Då eg var bortkomen, sa du: Kom heim!
Då eg var stygg, sa du: Kjære barn!
Då eg var trøtt av vonde kampar, sa du: Kvil hos meg.
I ein vanskeleg og vakker verden
er din trufaste kjærleik og nåde
mi einaste kvilepute for mi trøtte sjel.
Å kvila i deg, gjer livet nytt.
Herre, eg takkar deg for du har vist meg nåde!
Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

2 responses to “Du har vist meg nåde”

  1. Elisabeth W. Osland Avatar
    Elisabeth W. Osland

    Å, så nydelig sagt! Takk, Gud, for din nåde! Og for de som viser oss den! Herre, la meg bringe din nåde til mange..!

  2. Erling Thu Avatar

    Tusen takk Elisabeth for oppmuntrande tilbakemelding. Herrens nåde kviler over både deg og Knut og det arbeidet dokker gjer! Ver velsigna!

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading