Eg har ein draum om ein ny generasjon av radikale kristne

Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, – ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!

Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!

Eg drøymer om kristne som omfamnar det evangeliet som knyter dei saman med andre og set dei fri frå den øydeleggjande påverknaden til den sjølvstendige og uavhengige sjølvviljen.

Eg drøymer om kristne som ikkje er redde for følgjene av å følgja Ordet og Anden fordi dei ikkje lenger tenkjer på å berga sitt eige skinn.

Eg drøymer om kristne med ei pionerånd som held ut i prøvingar og motgangar og som ikkje slår seg til ro med noko anna enn å sjå heile Guds plan fullført.

Eg drøymer om kristne som ikkje er styrt av det materielle og timelege, men som har det usynlege for auga og lever for noko som vil vara ved når det jordiske og forgjengelege er borte.

Eg drøymer om kristne som ikkje er redde for å konfrontera dei mørke maktene og som ikkje let seg lamma av frykt

Eg drøymer om kristne som ikkje ventar at andre skal gjera for dei det dei kan gjera sjølve.

Eg drøymer om kristne som får ting til å skje og ikkje passivt ventar at nokon andre skal få noko til å henda.

Eg drøymer om kristne som ikkje går på kompromiss med sanninga i evangeliet for å tilpassa seg ytre religiøse skikkar, eller for å halda fast på stilling eller status i den organiserte kristendommen eller i samfunnet.

Eg drøymer om kristne som set visjonen sin ut i livet gjennom hardt arbeid og trufast innsats og ikkje lever i drøymeland.

Eg drøymer om kristne som vågar å leva ut draumen sin og ikkje let seg skræma eller stengjast inne av andre sine meiningar.

Eg drøymer om kristne som er radikale i å rydda bort alt som ikkje har si rot i Gud i det kristne fellesskapet.

Eg drøymer om radikale kristne som ikkje gjev opp i kampen for å frigjera det kristne fellesskapet for menneskelege ritual, tradisjonar, filosofiar, eller noko anna som bind Guds folk i religiøse lekkjer, eller som blindar dei i religiøse blindskap.

Eg drøymer om radikale kristne som ivrig og uthaldande arbeider for at Gud må vera kjelde, midtpunkt og endemålet for alt Guds folk er og gjer.

Eg drøymer om radikale kristne som med heile livet som innsats arbeider for at Guds vilje skal råda på jorda slik som i himmelen.

Eg drøymer om radikale kristne som med stort frimod tek eit oppgjer med politisk korrekte meiningar og kulturelt aksepterte veremåtar som ikkje samsvarar med Guds rettferd og heilagdom, som til dømes homoseksuell praksis, provosert abort eller rettare sagt fosterdrap, seksuelle forhold utanom ekteskapet mellom mann og kvinne, rasisme, familievald, utnytting av fattige og veike, osv.

Eg drøymer om radikale kristne som forstår Guds skapande orden der alt har si rette tid, så dei ikkje let seg styra av tilfeldige innfall og tilsynelatande gode idear som ikkje heng saman, men som er målretta medarbeidarar av Han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje.

Eg drøymer om radikale kristne som heile tida let Guds målestokk leggjast over alt dei er og gjer, og som gler seg over det som held mål og tek eit radikalt oppgjer med alt Gud ikkje liker.

Eg drøymer om radikale kristne som tek djuptgåande oppgjer med keisam og øydeleggjande uniformering, men fremjer eit mangfaldig liv i fargerike fellesskap ved å sleppa Kristus og hans frigjerande nåde til på alle område av livet.

Eg drøymer om radikale kristne som trur at Guds plan er uendra og difor arbeider for at ingenting på jorda skal vera i uharmoni med himmelen, for Gud vil ha ei jord og ein verden som er fri for alle dei øydeleggjande følgjene av synda.

Eg drøymer om radikale kristne som lever i gode ekteskap og familieforhold, kjenneteikna av kjærleik, respekt og frigjerande underordning, så desse heimane vert byggeklossar i eit samfunn i endring til å verta slik Gud vil.

Eg drøymer om radikale kristne som tek på alvor at Gud har sagt at han vil avskaffa krig og militær opplæring og som tek ansvar som fredskaparar i nærmiljø og i internasjonale konfliktar.

Eg drøymer om radikale kristne som er skapande i sitt daglege yrke, som finn vørdnad i å gjera eit ærleg arbeid, og som finn si gleda i å fullføra oppdraget dei har fått frå Gud.

Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, – ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!

Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!

Leave a Reply

Comments

11 responses to “Eg har ein draum om ein ny generasjon av radikale kristne”

  1. Are Karlsen Avatar

    Hei Erling! Du skriver blant annet:
    “Eg drøymer om kristne som er radikale i å rydda bort alt som ikkje har si rot i Gud i det kristne fellesskapet.”
    Jeg er redd det blir få mennesker igjen i dette fellesskapet. Er det ikke en fare for at slike sterke renhetskrav kan gå over i åndelig fascisme (dyrkingen av det rene og sterke)?

  2. Erling Thu Avatar

    Hei Are! Den draumen eg skildrar har sitt opphav i Gud og hans draum for ei heilag, rein og lytelaus brur for Sonen sin. Det kjem nok til å verta fleire og fleire som er med i dette fellesskapet som vi er skapt for og lengtar etter og får oppleva av berre nåde! Det verker som om du blandar saman draumar og krav, men dei to er viktige å skilja frå kvarandre. Lat krava liggja og lat draumen bløma!
    Den draumen eg ber er mykje større enn eg har skildra i dette innlegget i bloggen min. Det kan godt henda at eg vil dela meir av draumen min i komande innlegg.

  3. Are Karlsen Avatar

    Erling,
    Er ikke den drømmen allerede oppfylt i Kristus?

  4. Erling Thu Avatar

    Hei Are! Alle draumar finn si oppfylling i det Gud har gjort for oss i Kristus? Difor drøymer eg om å sjå dette verkeleggjort på jorda, mellom menneske av kjøt og blod. Alt som er oppfylt i Kristus drøymer eg om å så levd ut i heimar, nærmiljø, arbeidsplassar, politikken, samfunnlivet nasjonalt og internasjonalt. Fordi draumen alt er oppfylt i Kristus har eg von om å sjå han verta røyndom mellom menneske på jorda!

  5. Marton Jacobsen Avatar
    Marton Jacobsen

    Denne draumen deler nok flere med deg. Men hvor finner vi en eneste rettferdig.Ikke èn søker Gud. Så lenge kirkemed-lemmene er tilfreds med det programerte fasste og tradisjonelle, og elsker seg selv og sit eget, sin far og sin mor, sin sønn og sin datter, mer enn Jesus Kristus, som er HANS minste, de faderløse, enker, ensomme fanger, og fortapte. Og ingen reiser seg og tar Jesu ord på alvor:…det er barmhjertighet jeg vil ha… Så blir nok din, og min drømm ikke noe mer enn en drømm. Dagens forkynnelse er stortsett repriser på: Hva vi skulle ha gjordt. Og de flesste er tilfreds med den “forkynnelsen”.

  6. Helge Eide Avatar
    Helge Eide

    Amen, broder til det du sier!
    I disse dager kommer drømmen din i oppfyllelse. Over hele verden reiser nå Herren opp sin Brud for å gjøre den rede. Han gjenoppretter sin Menighet. I over 3000 byer kan du møte hellige brødre og søstre og kjenne duften av Kristus.
    Evangeliet om riket blir spredt over hele verden, slik at Jesus også i virkeligheten kan være Konge i våre liv.
    Herren vekker i dag opp folk i ånden slik at de kan dra opp og bygge Herrens hus i Jerusalem (Esra 1.5)
    Jeg har sett litt av hva som skjer. Vær snill og tro meg! Selv drømte jeg ikke om det jeg nå vet. Jeg kunne ikke forestille meg i hvilken grad Gud nå gjenoppretter sin Brud og gjør den rede.
    Pris Herren!

  7. Are Karlsen Avatar

    Erling,
    Jeg tenker at drømmen om å “rydda bort alt som ikkje har si rot i Gud” kan stå i veien for innhøstingen. Har ikke vi som Guds folk historisk isolert oss fra verden i redselen for “alt som ikkje har si rot i Gud”. Vil ikke Guds åker alltid inneholde ugress, jfr. Jesu ord?
    Det vi er i Kristus er vel heller ingen drøm, er ikke det realiteter?

  8. Marton Jacobseno Avatar
    Marton Jacobseno

    HEI ERLING !
    DET VAR ET HÅPEFULLT OG OPPMUNTRENDE SVAR DU MEDDELTE. JA SOM EN FLOMMBELYSNING I ET ELLERS SÅ STUPMØRKT “KIRKEMILJØ” SOM JEG FAMLER I. MOTLØSHET, KRITIKK, VANNTRO, GLEDES DREPERE, OG ELLERS LIKEGYLDIGHET ELLER MOTARBEIDELSE, HOLDER PÅ MED Å STRAMME TIL KVELETAKET PÅ MEG.
    MEN DA ER DET ALTSÅ ENDA HÅP ?

  9. Erling Thu Avatar

    Hei Marton!
    Det er enno håp! Det Gud har sett seg føre å gjera, vil han fullføra. Det har har lova, vil han gjera, fordi det alt er fullført i Kristus! No kan vi gå i ferdige gjerningar.
    Eg bruker uttrykket draum for å seia at dette er noko eg lengtar etter og er på veg mot, men som eg ikkje fullt ut har opplevd. Eg lever i tru, for eg har håp til Gud!

  10. Harald Hæreid Avatar

    Hei!
    Har hørt om Erling Thu, men har vel neppe truffet dere. Derfor var det interessant å oppdage denne rikholdige nettsida. Det fins jo fremdeles noen trofaste i landetHerren sier jo: 1Kong. 19:18 Men jeg vil la syv tusen bli tilbake i Israel, alle som ikke har bøyd kne for Ba’al, og alle som ikke har kysset ham med sin munn.
    Hilsen Harald (og Laila) Hæreid, Hokksund

  11. Erling Thu Avatar

    Hei Harald!
    Takk for gild tilbakemelding! Det er fleire enn mange veit om som framleis er trufaste mot Herren og Ordet hans. Og me skal verta fleire. Framtida tilhøyrer dei som tek Guds ord på alvor!

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading