Nyklar til framgang i misjonsarbeidet

Eg har dei siste dagane vore på reise i
Nord Noreg med Zephry D’Souza frå India. Han fortalt nokre oppmuntrande og
gripande forteljingar om framgang for evangeliet midt i tider med forfylging.
Eg trur me har mykje å læra av dei kristne i India. Zephry vil gje Gud æra for
all framgang, men seia at han har gjeve dei tre bibelske prinsipp som på mange
måtar forklarar voksteren mange forsamlingar opplever i India.

Det fyrste prinsippet er knyta til ei
bibelsk forståing av lovnaden om at du og heile ditt hus skal verta frelst. Det
greske ordet oikos – hus – har eit mykje vidare innhald enn den norske bruken
av ordet hus. Apgj. 10,24 og  11,14 viser
oss at Kornelius sitt hus omfatta alle slektningane og dei nære vennane hans.
Evangeliet om Guds Rike er ikkje individualistisk innretta mot enkelt menneske
berre, men mot heile slekter, storfamiliar, venneflokkar for ikkje å snakka om heile
folkegrupper og nasjonar (Matt.28,18-20). Alle stadar der misjon har lukkast
har ein ved Guds nåde gjort bruk av dette oikosprinsippet og sett store
nettverk av menneske koma til tru. Alle tilhøyrer ei slekt og er ein del av eit
nettverk som vil høyra på oss meir enn ukjende folk vil.

Det andre prinsippet er knyta til det
kristne vitnemålet eller forteljinga om kva Gud har gjort for oss. Det har stor
verknad å fortelja folk me kjenner om kva Gud har gjort for oss og koss han har
forandra oss for dei kan sjå denne endringa med sine eigne auge. Forsamlingane
i India gjev stort rom for folk til å fortelja om Guds velgjerningar eller
undergjerningar i kvardagen. Desse forteljingane skaper trur i dei som høyrer.
Den Heilage Ande seier til dei at det Gud gjorde for vennene deira det kan han
og gjera for dei. Det gjer at dei kjem fram med behova sine og bed om forbøn.
Når dei kristne bed for dei og velsignar dei i Jesu namn kjem Guds kraft og
møter dei med lækjedom og frelse.

Det tredje prinsippet gjeld nettopp dette
å møta behov og velsigna folk. Det handlar om å bry seg om folk og deira stode
og syna praktisk kjærleik i kvardagen. I Jaipur fekk ei kristen kvinne auga på
ein familie som såg så trist ut utanføre sinnsjukehuset ho gjekk framom på veg
til arbeid. Ho tok seg tid til å spørja kva som plaga dei og kvifor dei var så
triste. Då ho fekk høyra om dei plagene sonen til denne familien hadde hatt og
at korkje doktorar eller ”healarar” kunne hjelpa, gav ho dei pengar til å ta
drosje til to systrer i forsamlinga som ho visste kunne be for sjuke. Familien
reiste med ein gong til desse to systrene som bad for guten som vart momentant
frisk. Det førte til at heile denne familien kom til tru på Jesus og gav seg
over til han. Dei kunne sjølvsagt ikkje halda denne gledelege hendinga for seg
sjølve, men dei fortalde venner og slektningar om kva Gud hadde gjort for dei.
Denne familien var muslimar og i løpet av dei 4-5 månadene sidan dette hendte
har meir enn 50 muslimar kome til tru i forsamlinga i Jaipur!

Desse tre nyklane er universelle fordi dei
er bibelske. Me har sett dei verka i Noreg og i mange land. Det er tid til å
vera frimodig og ta dei i bruk på ny for å sjå framgang for Guds rike.

Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading