Retten til å gjera folk til disiplar

For kristne menneske er misjonsarbeid og
det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til.
Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me
ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein
naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det
ikkje like opplagt.

Sterke krefter har i lang tid arbeidt på
å gjera tru og religion til ein privatsak som ikkje høyrer heime i det opne
samfunnslivet som skal vera sekulært. Religionsfridom er då fridomen til å ha
si eiga tru, men inneber ikkje rett til å misjonera og utbreia denne trua. Både
politikarar og byråkratar kan forståast slik når dei uttalar seg i asylsakar og
sender heim folk som har gått frå muslimsk til kristen tru. ”Det er inga fare
om dei held trua for seg sjølv,” seier dei. Det seier dei også i dei totalitære
statane som forfylgjer kristne menneske
i dag, og det seier alle dei ulike fundamentalistane som forfylgjer dei som
trur annleis enn dei sjølve.

Reint menneskeleg tala kviler retten til
å gjera folk til disiplar og driva misjon i vårt eige land og andre land på to
grunnleggjande rettar: ytringsfridomen og religionsfridomen. Me vil kjempa for
denne retten ved å visa til dei ålmenne menneskerettane som dei fleste land har
underskrive. Men for kristne menneske er retten til å misjonera like mykje ei
plikt til å misjonera, for ho har ikkje sitt opphav i menneskerettane, men i
misjonsbefalinga.

Vår Herre og Frelsar Jesus Kristus, som
har overvunne synd og død, har gjeve oss eit oppdrag om å forkynna evangeliet
om Guds rike og å gjera alle folkeslag til læresveinar. Det er ei kristen plikt
å ta del i dette arbeidet. Misjonsbefalinga gjeld alle som trur på Jesus og er hans
disiplar. Når religiøse eller sekulære styresmakter vil leggja restriksjonar på
oss i å misjonera seier me slik dei fyrste kristne som vart forfylgde sa: ”Ein
skal lyda Gud meir enn menneske!” Han har gjeve oss påbod om å forkynna ”heile
bodskapen om livet” for alle menneske.

Når me bed for og velsignar styresmakter
og dei som er i høg stilling er det for at dei skal få visdom til å styra slik
at alle kan leva eit stille og fredeleg liv der dei fritt kan forkynna og gjera
folk til disiplar. Kristne menneske kan ikkje teia, men må forkynna godt nytt
til andre. Å driva misjon er ein innebygd del av det kristne livet.

Leave a Reply

Comments

One response to “Retten til å gjera folk til disiplar”

  1. Geir Tore T. Hanssen Avatar
    Geir Tore T. Hanssen

    Med mitt hjerte og min munn vil eg alltid fortelja, også i det nye året, til mennesker at Jesus Kristus er Kjærligheten..Frelsaren..Den Salvede..Sannheten & Livet..Den Gamle Av Dage..Ordet..Venn..Bror..Fredsfyrste..Rådgivar..Helbredar..Kraften..Veien..Davids Rotskudd..Sønnen..Det Levande Vannet..Hodet..Visdommen..Begynnelsen & Enden..Kongenes Konge..Utfrieren..Forløseren..Utgangen & Inngangen..Morgenstjernen..Hodet & Kroppen..Løsepengen..Klippen..Messias..Kilden..Styrken..Underet..Gleden..Frigjerar..Mesteren……..Brudgommen!

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading