Orkanherjingar på Cuba

Img_4927_2
Church
High_voltage
Roofhole

Eg har nettopp har kome heim frå ein tur
til Cuba kor eg har sett herjingane til orkanane og vore med på opninga av
metodistane sitt nye teologiske seminar i Havana.

Bakgrunnen for dette besøket på Cuba er
eit profetord eg fekk til Keri Kones frå Wales som var ein av hovudtalarane på
påskekonferansen vår i Bergen for fire og eit halvt år sidan. Ordet gjekk ut på
at han skulle reisa til Cuba kor han skulle møta nokre kristne han skulle
velsigna. Då han kom tilbake til UK la han profetordet fram for medarbeidarane
sine som bad over det og stadfesta det profetord med nye detaljar om koss Gud
skulle leia dei til rette folk.

<!–
/* Font Definitions */
@font-face
{font-family:"Cambria Math";
panose-1:2 4 5 3 5 4 6 3 2 4;
mso-font-charset:1;
mso-generic-font-family:roman;
mso-font-format:other;
mso-font-pitch:variable;
mso-font-signature:0 0 0 0 0 0;}
@font-face
{font-family:Calibri;
panose-1:2 15 5 2 2 2 4 3 2 4;
mso-font-charset:0;
mso-generic-font-family:swiss;
mso-font-pitch:variable;
mso-font-signature:-1610611985 1073750139 0 0 159 0;}
/* Style Definitions */
p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal
{mso-style-unhide:no;
mso-style-qformat:yes;
mso-style-parent:"";
margin-top:0cm;
margin-right:0cm;
margin-bottom:10.0pt;
margin-left:0cm;
line-height:115%;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:11.0pt;
font-family:"Calibri","sans-serif";
mso-ascii-font-family:Calibri;
mso-ascii-theme-font:minor-latin;
mso-fareast-font-family:Calibri;
mso-fareast-theme-font:minor-latin;
mso-hansi-font-family:Calibri;
mso-hansi-theme-font:minor-latin;
mso-bidi-font-family:"Times New Roman";
mso-bidi-theme-font:minor-bidi;
mso-ansi-language:NO-NYN;
mso-fareast-language:EN-US;}
.MsoChpDefault
{mso-style-type:export-only;
mso-default-props:yes;
mso-ascii-font-family:Calibri;
mso-ascii-theme-font:minor-latin;
mso-fareast-font-family:Calibri;
mso-fareast-theme-font:minor-latin;
mso-hansi-font-family:Calibri;
mso-hansi-theme-font:minor-latin;
mso-bidi-font-family:"Times New Roman";
mso-bidi-theme-font:minor-bidi;
mso-fareast-language:EN-US;}
.MsoPapDefault
{mso-style-type:export-only;
margin-bottom:10.0pt;
line-height:115%;}
@page Section1
{size:612.0pt 792.0pt;
margin:70.85pt 70.85pt 70.85pt 70.85pt;
mso-header-margin:35.4pt;
mso-footer-margin:35.4pt;
mso-paper-source:0;}
div.Section1
{page:Section1;}
–>

For å gjera historia kort hamna han på
forunderleg vis hjå biskop Pereira i Medodistkyrkja i Havana. Han kom på eit
svært kritisk punkt der alle ressursane var brukt opp og biskopen hadde varsla
alle pastorane og misjonærane sine om at det ikkje lenger var pengar til
underhald for dei så dei måtte førebu seg å leva bere av det forsamlingane
kunne gje dei. Vanleg månadsløn var 14 US Dollar. Keri Jones har sidan fyrste
besøket og fram til no samla inn underhald til alle pastorane og misjonærane.
Han har også formidla hjelp til mange andre prosjekt.

Midt i Havana hadde metodistane ein stor
kyrkjebygning som ein del av ein større bygning. Denne vart konfiskert av
styresmaktene etter revolusjonen og alle aktivitetane vart flytta ut. Men eit
ektepar som budde i den store bygningen, i eit lite husvære, nekta å flytta, då
dei meinte at heile bygningen tilhøyrde metodistane. På Cuba skal det visst nok
vera ei lov som seier at du ikkje kan kastast på gata, så styresmaktene let dei
bu i dei små romma sine medan resten av bygningen vart ståande tom, trur eg.
Dette ekteparet er no i svært høg alder og bur framleis i bygget som for ei tid
sidan vart gjeve tilbake til
metodistkyrkja på Cuba som også fekk lov å opna eit nytt teologisk seminar i
bygget. Dette er det fyrste teologiske seminar i sitt slag som er opna på Cuba
etter revolusjonen. Tidlegare var metodistane med om eit økumenisk seminar, men
no ville dei ha sitt eige. Eg trur Keri Jones har samla inn litt pengar til
oppussing av bygningane.

Sidan eg var den Gud hadde brukt til å
setja Keri i kontakt med biskopen vart eg invitert til å vera med på opninga av
seminaret. Det var ei stor oppleving å vera med på den høgtidelege opninga. Likeeins
var det stort å vera med på mange møte i metodistkyrkjer fleire stadar på Cuba.
Desse møta kunne ta pusten av nokon kvar, med dansegrupper, fengjande musikk og
høge jubelrop. Norske pinsekarismatiske møte bleiknar heilt i samanlikning med
desse samlingane som var fulle av liv og glede. Me såg fleire folk koma til tru
og møta Gud. Eg vart fortald at i løpet av dei siste fire åra har metodistane
sett om lag 10000 menneske koma til tru. Dei har dobbelt så mange folk på møta
sine som dei har medlem!

Me landa rett etter at orkanen Gustav
hadde gått over dei vestre delane av Cuba og vart ein av dei fyrste dagane
tekne til det området for å sjå med eigne augne verknadene av orkanen. Eg har
aldri sett slike herjingar eller øydeleggingar i heile mitt liv. I ein svær by
verka det ikkje til å vera eit einaste heilt hus attende (med unntak av
mur/betong hus med betongtak). Det meste av takstein, bølgjeblekk,
eternitplater og liknande var borte. Mange hus hadde ramla heilt saman. Tre låg
velta alle stader. Store høgspentmaster av stål låg vridde på marka i kilometer
på kilometer langs vegen.

Då me snakka med folk om styresmaktene
ville hjelpa dei vart me forundra over at ingen rekna med å få hjelp frå dei.
Kanskje dei vil hjelpa nokre partimedlem, senda inn tv kamera og senda det på
tv, for sidan å gløyma alle dei andre, var det nokre som sa.

Keri Jones ringde til UK og fekk sendt
over ca 500.000,-kr som metodistane skulle bruka til å hjelpa folk med mat,
klede og gjenreising av hus og heim for ofra for orkanen same kva tru dei
hadde. Kristent Fellesskap forsamlingar i Noreg har samla inn og sendt
215.000,-kr til same formål.

Eg skriv metodistane i Noreg for å
utfordra dei til å samla inn midlar til å hjelpa forsamlingane til  å byggja oppatt kyrkjene sine. Me møtte eit
ungt pastorpar som saman med ei jente på 2 år hadde gøymt seg i eit
garderobeskap medan orkanen herja med den gamle kyrkjebygningen som og var
heimen deira. Me møtte eit anna ungt pastorpar der kona var gravid og heile
bedehuset deira var øydelagd. Ei flott kyrkje frå 1950 som var bygd i mur hadde
fått heile taket ramla ned så det fylte kyrkja og gjorde henne ubrukeleg. Andre
stader var det mindre skader på tak.

Me fekk ikkje høve til å sjå dei verste
øydeleggingane på den såkalla ungdomsøya. Her fekk me høyra ei rørande historie
om at alle som hadde søkt tilflykt i kyrkjebygget var uskada medan så godt som
alle dei andre husa var øydelagde.

I tillegg til alle dei kyrkjebygga som
hadde vorte øydelagde fekk me sjå mange uferdige kyrkjebyggprosjekt som treng
hjelp utanfrå for å kunna fullførast. Det hadde vore kjærkome om skandinaviske
metodistar eller andre kunne ha hjelpt til. Prisane er låge samanlikna med her
og dei får svært mykje ut av midlane, så det er ei god investering!

Ynskjer du å hjelpa metodistane på Cuba
kan du senda di gåve til Kristent Nettverks konto 3624 50 89931 – merk gåva
CUBA

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading