Category: Norske innlegg

  • Jesus stiller stormen

    Mark 4,35-41

    Då det leid til kvelds, sa Jesus: Lat oss fara over til andre sida av sjøen. Undervisinga var over, no ville Jesus heim til Kapernaum. Han må ha vore trøytt for han sovna og sov tungt. Det kom ein kraftig vind, ein kvervelstorm, og bølgjene gjekk høge og slo inn i vatnet. Læresveinane var livredde, men Jesus sov på ei pute i bakskuten på båten.

    Dette biletet av Jesus fører tankane til Salmane, som seier: «I fred vil eg leggja meg ned og sova, for du, Herre, lèt meg kvila trygt» (Salme 4,8). Jesus var heilt og fullt avhengig av Gud. Han viste sin tillit ved å kunna sova tungt, endå midt i ein valdsam storm.

    Læresveinane veit rett og slett ikkje kva dei skal gjera, dei er redde. Difor vekkjer dei Jesus og spør:  «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» Sjølv om dei er redde for å døy, stiller dei spørsmål om hans omsorg for dei. Jesus tek først kontroll over stormen før han tek seg av stormen av kjensler inni læresveinane sine. Jesus trugar vinden. «Tei, og ver still!» Vinden gav seg og det vart blikande stilt.

    Jesus stiller så to spørsmål om læresveinane si tru og tillit. Dette er den første av fleire gonger i Markus der læresveinane blir kraftig tilrettevist for sin mangel på tillit. Jesus spør først om kvifor dei er redde. Han hadde jo sagt, “lat oss dra over!” Kvifor var dei då redde for å gå under?  Det ordet Jesus her bruker om å vera redde, er i 2. Tim 1,7 omsett med motlaus, som noko negativt og som det motsette av kraft, kjærleik og sjølvkontroll. Det er omsett med feig Openbaringa 21,8 i ei liste sammen med mordarar, horkarlar og dei vantruandet, som endar sitt liv i eldsjøen, den andre døden. Læresveinane er redde og motlause, men tek ikkje ansvar for seg sjølv og gjer ingenting anna enn å skulda Jesus for ikkje å bry seg. Dei kvilte ikkje i at Gud ville ta seg av dei slik Jesus gjorde då han sov midt i stormen.

    Det andre spørsmålet Jesus stiller er: “Trur dokker enno ikkje?” Jesus undra seg over deira mangel på tillit. Desse mennene har vore med han ei tid; dei har sett han helbreda og gjera andre under, men kor er trua og tilliten? Eller kanskje eg treng å stilla dette spørsmålet til meg sjølv: Kor er trua og tilliten min?

    Det siste spørsmålet i denne forteljinga blir stilt av læresveinane, og dei spør seg selv, ikkje Jesus. «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han?» Alle veit at verken vindane eller sjøen blir styrt av menneske; likevel talar Jesus til dei og styrer dei. Læresveinane si uro er at dei egentleg ikkje veit kven Jesus er. Er han Gud? Korleis kan han vera det? Dei blir stadig overraska av hans kraft.

    Vi opplever òg opprørte hav, og noen gonger handlar vi akkurat som læresveinane. Familiestrid, ulykker, skilsmisse, barns problem, alvorlege sjukdomar og dødsfall hender, og vår første reaksjon er ofte: «Kor er Gud? Kvifor meg? Bryr du deg ikkje om meg, Gud?» Nokre gonger er vi redde for våre liv eller vår forstand. Kvifor har vi opprørte hav, desse problema? Når problem dukkar opp, er det første vi ønskjer, eit mirakel. Er vår tillit i stilt hav eller i Jesus? Har vi tru og tillit til han når han søv, eller berre når han er vaken? Sjølv om vi veks gjennom uventa hendingar i livet, vil vi likevel helst unngå dei. Korleis kan vi visa vår tillit til Gud i urolige tider? 

    Kven er denne personen som endå vinden og sjøen lyder? Han er Kristus, den levande Guds Son.

  • Sennepsfrøet (30-34)

    Det verkar som Jesus leitar etter noko han kan samanlikna Guds rike med. Så kjem han på sennepsfrøet. Det er svært lite, ja, det minste av alle frø, men det har stor spirekraft. Det skyt opp og blir større enn alle hagevokstrar. Eg liker uttrykket, skyt opp, for det viser til noko med kraft og fart i seg. På ny vil Jesus understreka at Guds rike tek til som eit lite frø, men det har stor spirekraft og fører til stor vekst.

    Sennepsbusken er jo ikkje eit stort tre, kan bli ein stor hagebusk med store greiner som produserer svært mange nye frø som blir til mange nye buskar som produserer frø og mange nye buskar som stadig spreier seg over eit større og større område. Har eit sennepsfrø slått rot, blir det snart til mange buskar og kan spreia seg ukontrollert som ugras.

    Guds rike tek til som noko svært lite, men vil veksa til å bli det største, det som er mest utbreidd. Denne likninga oppmuntrar meg og gjev meg tru til å dela evangeliet om Guds rike med all slags folk, når og kor som helst.

    Det begynte for omlag totusen år sidan med Jesus som gav misjonsoppdraget til dei tolv læresveinane sine og no har det kome til oss og gjer framgang over heile verda.

  • Såkornet (26–32)

    Guds rike er som eit frø. Oppdraget vårt er å så Gudsrikefrøet i nærmiljøet, på arbeidsplassen og i samfunnet. Bodskapen i denne likninga er veldig oppmuntrande. Det forklarar kva som skjer når vi sår ordet, evangeliet om Guds rike. Vi har tidlegare sett at jorda kornet blir sådd i er viktig for resultatet. I denne likninga er det eit anna fokus. Det er tydeleg at Jesus vil formidla eit viktig poeng.

    Uttrykket, av seg sjølv, eller automatisk, er nøkkelen til å forstå poenget Jesus vil formidla. Guds rike omfattar heile prosessen: å så, kornet, jorda, strået, akset, fulle korn i akset og innhaustinga. Når Guds rike frøet først er sådd, vil det veksa av seg sjølv. Dette tykkjer eg er fantastisk godt å vita. Ordet om Guds rike har spirekraft i seg. Vi skal berre så evangeliet om Guds rike, så vil det automatisk spira, veksa og bera frukt. Men vi ser det ikkje med ein gong. Faktisk har vi inga kontroll eller oversikt over veksten. Kornet gror av seg sjølv når bonden søv eller gjer andre ting. 

    Av seg sjølv spirer ordet om Guds rike i menneskehjarta. Vi veit ikkje korleis eller når det hender, det ligg i Guds hender, men vi kan kvila i dette at Guds ord ber frukt og vender aldri tomt tilbake. Av seg sjølv ber jorda grøde, når evangeliet om Guds rike er sådd.

  • Pass på korleis du lyttar (21–25)

    I dette avsnittet har Markus sett saman to ordtaksliknande utsegner, med ei forklaring til kvar av dei. Mellom dei to står det oppmuntrande omkvedet: «Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!». Heile dette avsnittet handlar også om å høyra, akkurat slik likninga om såmannen handla om å høyra.

    Når dei kjem med lampa, er utan tvil ei tilvising til Jesus som lampa eller lyset. Jesu komme og hans lære skal sjåast, ikkje skjulast. Han skal takast imot, ikkje avvisast. Den einaste rette plassen for ei lampe er på ein lampefot, og den einaste rette plassen for verdas lys er der det kan sjåast. Jesus kan ha vore delvis gøymd i det skjulte medan han verka, men gjennom det han gjekk gjennom på krossen, har Jesu sanne vesen og sending kome for dagen. Vi bør vera endå meir nøye med å lytta til orda hans, nettopp fordi dette er sant. Hugs igjen at det ikkje er nok berre å høyra Ordet; vi må også gjera det Ordet seier.

    Akta vel på det dokker høyrer frå meg, er ei oppmuntring frå Jesus om å vera svært varsam og nøye med korleis vi høyrer, for di meir vi høyrer og gjer, di meir skal vi få, og halda fram med å høyra og gjera. Om du har teke til med å høyra og gjera, skal du få endå meir. Om du ikkje høyrer, skal du mista sjølv det du måtte ha hatt.

    Dette avsnittet kallar oss til å høyra med ansvar. Om vi lèt Ordet gå «inn det eine øyret og ut det andre», har vi korkje forstått føremålet med ei lampe, eller vore varsame nok med korleis vi lyttar.

  • Forteljinga om kornet og jorda (1–9, 14–20)

    Likninga handlar eigentleg ikkje om såmannen; elles kunne vi spurt kvifor han sådde kornet på vegen, på steingrunnen eller mellom klunger. Likninga handlar heller ikkje eigentleg om kornet som vert sådd. Kornet er Ordet, Ordet om riket, eller, sagt på ein annan måte, Guds ord. I dette avsnittet tyder kornet Jesu lære. Poenget med likninga gjeld korleis menneske reagerer på bodskapen frå Jesus. Dei ulike reaksjonane heng saman med korleis ein høyrer. Legg merke til at Jesus opnar likninga med bodordet «Høyr!», og avsluttar likninga med omkvedet: «Den som har øyre å høyra med, han høyre!». Legg også merke til at i alle dei fire tilfella høyrer kvar og ein, men etter at dei har høyrt, hender det noko.

    Legg merke til at det dei høyrer, er Ordet. Det er mangelen på Ordet som gjer skilnaden mellom veksten i den gode jorda og manglande vekst i dei andre jordslaga. Satan tek bort Ordet frå det som fell på vegen. Trengsle eller forfølging for Ordet si skuld fører til fall i det steinete området. Sut, svik og lyster kveler Ordet i klunger-området, slik at det ikkje ber frukt. Ordet aukar berre i den gode jorda, og det er fordi dei der ikkje berre høyrer Ordet, men tek imot det. Motstanden mot Ordet kjem ikkje berre frå Satan. I det steinete området vert Ordet høyrt og teke imot, men når trengsle eller forfølging kjem, tek folk anstøyt og forlèt Ordet. Suta, uroa, otten eller bekymringane for denne tidsalderen, rikdomens svik, og lystene etter andre ting som trengjer seg inn i livet til dei som høyrer Ordet, skaper vanskar i klunger-området. Alle desse suter og lyster kveler Ordet, slik at livet til dette mennesket blir utan frukt.

    Føremålet med alt korn er å bera frukt. Somt korn ber ikkje frukt på grunn av korleis livet til det mennesket som kornet blir sådd i, ser ut. Det mennesket høyrer Ordet, men er ikkje villig til å gjera det. Hugs at Jesu verkelege familie ikkje er dei som berre høyrer, men dei som gjer Guds vilje. Jesus seier til tilhøyrarane sine, og til oss, at det ikkje er nok berre å lytta til Ordet. Ordet, som er Jesu lære, må bli høyrt, teke imot, og fått lov til å bera frukt i oss.

    I denne likninga strør såmannen kornet utover. Likninga syner oss at vi veit ikkje på førehand korleis folk vil ta imot evangeliet når det blir forkynt. Men vi må forkynna for alle slags menneske og så ordet i alle samanhengjer.

    Ordet blir tolka som Jesu lære. Vi høyrer eller les undervisninga hans ofte. Det er ikkje spørsmål om vi høyrer læra, men om vi gjer noko med det, som er avgjerande. Vi veit at frukt kjem av handlingar som planting, vatning, gjødsling og skjering. Som Jakob, bror til Jesus, sa: «Ver … slike som gjer etter Ordet og ikkje berre høyrer det» (Jak 1,22).

    Poenget med likninga er at vi bør høyra Guds ord og så omsetja det vi har høyrt, til handling.

    Å forstå forteljingane (10–13, 33–34)

    Desse to avsnitta gjev innsikt i korleis likningane vart oppfatta av dei som høyrde på Jesus. Det første avsnittet er Jesu eigne ord om likningane, og det andre avsnittet er Markus si forståing av korleis Jesus nytta likningar. Det var fleire enn Dei tolv til stades då Jesus vart spurd om kva likningane tydde. Dei som var med han, minner oss om dei som var omkring Jesus då mor hans og brørne kom og leita etter han. Legg merke til at dei også spør om likningar (i fleirtal), ikkje berre den eine likninga Markus nett har fortalt. Jesus svarar dei som er hos han at dei har fått løyndomane om Guds rike. Løyndomen, er ei omsetjing av det greske ordet mysterion, og er eit betre ord å nytta her enn «hemmelegheit». Ordet mysterium blir brukt i breva i Det nye testamentet, men det er eit mysterium Gud vil gjera kjend, nemleg at heidningane skal takast imot. Som i breva, blir mysteriet gjord kjend, men berre for dei som høyrer og gjer. Mysteriet er berre eit mysterium for den som ikkje vil. Som Joh 7,17 seier: «Om nokon vil gjera hans vilje, skal han skjøna”.

    Dei som er «utanfor», er dei som har høyrt, men ikkje forstår eller gjer. Uttrykket utanfor blir brukt to gonger på slutten av kapittel 3 om Jesu jordiske familie, i staden for om dei som er samla inne og lyttar til Jesus. Tilvisinga til likningar her er ikkje berre til dei parallelle forteljingane Jesus fortel, men tyder truleg gåter eller løyndomar, ei vidare tyding enn vi vanlegvis legg i ordet.

    Når Jesus siterer frå Jes 6,9, syner han det same som likninga om såmannen synte: at berre dei som gjer, verkeleg forstår. Jesaja 6 fortel om Guds kall til Jesaja om å tala på Guds vegne. I den samanhengen fortalde Gud Jesaja kor stivnakka Juda kom til å vera. Juda skulle sjå, men ikkje skjøna; høyra, men ikkje forstå; for dersom dei verkeleg såg og høyrde, ville dei venda om og verta tilgjevne. Dette er eit bilete på Guds røynsle med Israel gjennom heile historia. Gud fører israelittane ut av Egypt, men dei klagar i øydemarka over mangel på mat. Gud gjev dei eit land som fløymer av mjølk og honning; likevel dyrkar dei andre gudar som ikkje har gjeve dei noko. Gong på gong sender Gud profetar for å fortelja dei Guds ord.

    Israel høyrer og skjønar stundom, men langt oftare overser dei Ordet. Jesaja kan venta seg ei slik mottaking. Den kristne forkynnaren kan også venta ei liknande mottaking. Dette er også bodskapen i likninga om såmannen. Det som er meint å gje lys, blir eit mysterium. Folk kan høyra likningane, men berre dei som høyrer og tek imot Ordet, vil forstå og så bera frukt. Slik er det også med forkynninga av evangeliet. Folk kan høyra det òg, men det er godt nytt berre for dei som høyrer og tek imot. 

    Alle vi kan høyra likningane, men vi må ikkje vera som Israel og vera tunghøyrde og treige til å forstå. Vi må høyra og så gjera.

    Jesus veit at følgjarane hans ikkje forstår likningane fullt ut; difor følgjer han forteljinga opp med ei forklaring. Markus forklarar at Jesus talte Ordet til folkemengdene i mange likningar, men berre så langt dei var i stand til å forstå. Men i einerom forklarte Jesus likningane meir grundig for læresveinane sine. Sjølv dei næraste læresveinane til Jesus forstod ikkje alltid klårt forklaringane hans. 

    Vi som les Markus har den fordelen at vi kjenner slutten på forteljinga; difor er mange av likningane klåre for oss. Vi er truande, og likningane og ordet om riket blir klåre for oss som har høyrt og lydt. Vi har ikkje berre likningane, men også Jesu eigne forklaringar. Men kristendomen er framleis eit mysterium for dei som er «utanfor». Mange høyrer orda, men skjønar ikkje kva dei tyder eller kva dei fører til. Vår oppgåve er å halda fram med å forkynna evangeliet, å så Ordets korn, så noko kan falla i god jord og bera frukt.

  • Markus 4: Jesus taler i likningar

    Likningar: forteljing som undervisning

    Det fjerde kapitlet hjå Markus, gjeld ansvaret til Jesu følgjarar, hans verkelege familie. Sagt på ein annan måte: det gjeld dei som høyrer Ordet og gjer Guds vilje, dei som er «innanfor». Scena vert sett i Mark 4,1–2, der ei stor folkemengd trengjer seg så tett innpå Jesus at han, for å kunna undervisa dei frå passe avstand, lyt setja seg i ein båt.

    Jesus underviser dei ved å fortelja likningar. Dette er kvardagslege forteljingar med ei åndeleg tyding. Jesu bruk av likningar femner også om det som vert kalla samanlikningar og metaforar. Dette kapitlet inneheld alle desse tre slaga av likningar; difor er det viktig å drøfta kven likningane var meinte for. Likninga om såmannen og kornet får vi i v 3–8, og forklart i versa 14–20. Imellom talar Jesus om løyndommen i likninga og om det å forstå ho.

  • Motstanden frå familie, venner og skriftlærde (3:20–35)

    Markus nyttar eit litterært grep i Mark 3,20–35 der han set inn ei hending mellom to fasar av ei anna hending. Avvisinga av Jesus frå familien hans tek til i versa 20 og 21, deretter vert avvisinga frå dei skriftlærde frå Jerusalem fortald (versa 22–30). Fullføringa av avvisinga frå Jesu familie kjem til slutt i versa 31–35. Dette litterære grepet blir nytta fleire gonger av Markus. Markus nyttar hendingar inni hendingar som tolkar kvarandre, slik vi skal sjå i dette avsnittet.

    Jesus vender attende frå sjøen og åsane til heimen sin. Dette viser til den staden han vanlegvis heldt til i Kapernaum. Markus held fram med å syna Jesu popularitet mellom folket ved å seia at det var så stor ei folkemengd i og rundt huset at han og læresveinane ikkje eingong fekk eta.

    Neste setning er underleg. Han eigne kom for å gripa han, for dei meinte han var heilt frå seg. Kven var desse som blir kalla “hans eigne”? Det var sjølvsagt ikkje læresveinane hans eller dei store folkemengdene som skaper vanskar. Dei skriftlærde ville nok gjerne gripa han, men dei ville aldri bli omtalt som hans eigne. Mange bibelgranskarar meiner at Markus her siktar til Jesu familie. Johannesevangeliet syner at Jesu brør ikkje trudde på han (Joh 7,3–5). Familien var uroa fordi framferda til Jesus drog til seg så store folkemengder at han, i følgje dette verset, ikkje ein gong kunne stella med sine eigne behov. Familien set i veg for å gripa Jesus. Ordet gripa vert nytta seinare i Mark 6,17 om det Herodes gjer når han sender menn for å «arrestera» Johannes døyparen. Jesu familie tenkjer tydelegvis at han er galen, det vil seia, ordrett, «ute av seg sjølv». Dei kjenner at dei må gripa han for hans eiga skuld og ta han med heim.

    Dei skriftlærde frå Jerusalem er dei rettslege styresmaktene, eller lovkunnige, som er komne frå hovudstaden ut til landsbygda for å granska denne populære personen og dei ville påstandane som vert framsette om han. At slike lovkunnige frå storbyen kjem hit, er høgst uvanleg. Markus nemner straks dei to skuldingane mot Jesus. Legg merke til at tidlegare (i Mark 3,2) freista nokre av Jesu motstandarar å reisa rettslege klagemål mot han. Den første skuldinga er at Be’elsebul har fare i han. Be’elsebul viser han som Elia kjempa mot på Karmelfjellet. Namnet tyder «Ba’al, fyrsten».

    Den andre skuldinga er at han driv ut vonde ånder ved hjelp frå fyrsten over demonane. Uttrykka fyrsten over demonane og Ba’al fyrsten tyder det same. Legg merke til at motstandarane at Jesus har ei urein ånd. Jesus var vidkjend for å driva ut demonar.

    Jesus svarar på dei to skuldingane på to måtar. Først kallar han til seg dei skriftlærde og stiller dei eit retorisk spørsmål. Jesus svarar på spørsmålet med tre utsegner. Legg merke til at Jesus set likskapsteikn mellom Be’elsebul, fyrsten over demonane, og Satan. Det retoriske spørsmålet kan berre svarast på éin måte: Satan kan ikkje driva ut Satan. Like lite som eit rike eller eit hus som er kløyvd mot seg sjølv kan stå, kunne Satan stå om han kjempa mot seg sjølv. Om han kjempa mot seg sjølv, ville det vera eit sikkert teikn på at han går mot enden sin. Dinest fortel Jesus ei kort likning som dei skriftlærde ikkje kan avvisa. Ein lyt vera sterkare enn den sterke mannen for å koma inn i huset hans og plyndra eigedelane hans.

    Jesu svar kan samanfattast i to setningar. Sidan Satan ikkje kan driva ut Satan, og vonde ånder blir drivne ut av Jesus, kan Jesus openbert ikkje vera Satan eller ei vond ånd. Og sidan den som driv ut lyt vera sterkare enn den som blir driven ut, og Jesus driv ut demonar, lyt Jesus vera sterkare enn demonane han driv ut.

    Utdrivinga av vonde ånder var eit teikn på Guds makt. I Luk 11,20 seier Jesus: «Om eg driv ut vonde ånder med Guds finger, då har Guds rike kome til dykk.» I Matt 12,28 blir uttrykket Guds Ande nytta i staden for Guds finger, men tydinga er den same. At Guds rike kjem, blir vist gjennom Guds makt til å overvinna det vonde. Det gode sigrar over det vonde. Utdrivinga av demonar var eit teikn på at Guds rike og makt braut inn, særleg slik det kjem til syne i Jesu gjerning, han som driv ut demonane. Skuldingane frå dei skriftlærde mot Jesus er eit forsøk på å kalla Guds rike for Satans rike. Dette er ei forvrenging av gledebodskapen i evangeliet. Det skildrar det gode som vondt. Det kallar lyset for mørker. Markus peikar truleg også for lesarane sine på det underlege i at nett dei som skulle visa vegen, dei rettskunnige uttolkarane av Moselova, er dei som fullstendig vender seg mot og avviser han som oppfyller Moselova.

    I samanheng med denne typen forvrenging tek Markus opp spørsmålet om spott mot Den heilage ande. Å spotta tyder å tala imot eller å håna, særleg med tanke på Gud. Alle andre synder kan verta tilgjevne, men å håna Den heilage ande er ei evig synd. Jødane hadde andre uforsonlege synder, som å vanhelga Guds namn, for då tok Gud hemn straks. Likeins vart den som gav falskt vitnemål i ei sak om dødsstraff, rekna som skuldig i ei utilgjeveleg synd. Markus syner kor alvorleg Jesus tek dette spørsmålet ved å bruka «amen»-uttrykket «Sanneleg seier eg dykk», fremst i utsegna hans. Spørsmålet som melder seg i dette avsnittet, er kvifor Jesus særskilt peikar på Anden. Anden er Guds makt. Å avvisa eller håna Anden er å skjera av krafta. Hugs at Matteus fortel om Jesu ord: «Om eg driv ut demonar ved Guds Ande …» (Matt 12,28). Markus sin eigen kommentar stadfestar denne samanhengen, for dei skriftlærde skulda Jesus for å ha ei urein ånd, medan Anden i røynda var Den heilage ande og ikkje ei urein ånd. I botnen tyder dette at den som avviser Den heilage ande som krafta i Jesus og i kristendomen, avviser Gud, og sidan all tilgjeving kjem frå Gud, får denne synda evige følgjer.

    Teksten i Mark 3,28–30 seier ikkje at nokon der har gjort seg skuldig i slik spott, men Jesus gjev ei svært alvorleg åtvaring som gjeld både dei skriftlærde, Markus sine lesarar og oss. Her ligg den eigentlege forvrenginga: han som kjem og driv ut Satan ved Guds heilage ande, så menneska skal få evig liv, blir sjølv kalla Satan. Den som gjer dette, har ikkje von, for han er så forvrengd at han seier kvitt er svart og mørker er lys, at Guds verk er Satans verk, at det gode er vondt og det vonde er godt.

    Skriftlærde sitt avvisning står i kontrast til korleis folkemengdene tek imot Jesus. I Mark 3,31–35 har mor hans, brørne og systrene hans kome for å henta han heim. Dei bed han koma ut og bli med dei. Dette blir fortalt vidare til Jesus om at mor hans og familien spør etter han. Då kjem Jesus med ei forbløffande utsegn som peikar ut kven som er hans verkelege familie. Jesu verkelege familie er dei som gjer det Gud vil. Den parallelle teksten hjå Lukas seier: «Dei som høyrer Guds ord og gjer det» (Luk 8,21). At Jesu verkelege familie er dei som gjer Guds vilje, eller det Gud «ønskjer», syner at menneska har eit val. Somme som har lytta til han, har valt å gjera det Gud vil. Andre, dei skriftlærde og Jesu eigen familie, har valt å gjera det dei sjølve vil. Ein lyt gjera det Jesus vil for å høyra til hans verkelege familie. Jesu jordiske familie og dei som tolka lova, som skulle ha teke imot han, har eigentleg avvist han. Folkemengda som samlar seg om Jesus, er hans sanne familie, dei som høyrer og gjer Guds ord.

    Denne teksten er ei alvorleg åtvaring mot å avvisa Jesus. Men han er også ei forsikring om at dersom vi vel å gjera det Gud ønskjer, når vi høyrer og gjer etter Guds ord, då skal vi vera ein del av Guds sanne familie.

  • Jesus kallar dei tolv apostlane

    Mark 3,13-19

    Jesus dreg seg endå lenger bort frå byane og folkemengdene som følgjer han, ved å gå opp i åsane rundt sjøen. Der kallar han til seg dei han sjølv vil ha. Han kallar tolv menn, som han også gjev namnet «apostlar» eller «utsende». Jesus hadde to grunnar til å velja ut desse tolv mennene:

    [1] «at dei skulle vera med han», og
    [2] «at han skulle senda dei ut
    [a] for å forkynna godt nytt, evangeliet, og
    [b] for å ha makt til å driva ut vonde ånder

    Det er verdt å merka seg at verbet senda ut er same ordet som substantivet apostel. Eit moderne synonym er utsending. Det første føremålet for dei utsende var å vera med Jesus. Det er naudsynt å ha vore med Jesus for at dei utsende skal kunna oppfylla det andre føremålet, nemleg å forkynna evangeliet og driva ut vonde ånder. Desse utsende forkynner gledebodskapen både medan Jesus verka, og etter hans død, gravlegging og oppstode. Det første bodskapet var: «Guds rike er nær»; det siste var: «Ein kjem inn i Guds rike ved å setja si lit til evangeliet om at Jesus vart krossfest for syndene våre og stod opp att på den tredje dagen, så vi kunne ha evig liv.» Tenesta til dei utsende skulle også omfatta makt til å driva ut vonde ånder. Makta til å driva ut demonar var eit teikn på at det nye riket var sterkare enn demonane, og at det nye riket verkeleg var komne i Jesu person og gjennom makta til dei han hadde sendt ut.

    Nemninga Dei tolv blir nytta absolutt, som namn på den gruppa Jesus valde ut mellom dei som følgde han. Namna på Dei tolv blir lista opp med nokre interessante tillegg. Simon får namnet «Peter». Jakob og Johannes vert kalla «Toredønns-sønene» eller «dei brennande sønene» (jf. Mark 9,38 og Luk 9,54). Ein annan Simon vert kalla «kananearen», som på arameisk tyder «ivraren», og som i den norske Bibelen 2011 gjerne blir omsett med «seloten». Det er eit namn på den brennande, Roma-fiendtlege gruppa som lett greip til vald. Markus set Judas Iskariot sist på lista, med ei illevarslande skildring som alt tidleg i forteljinga syner at det er Judas som til slutt skal overgje Jesus til styresmaktene.

    Dette avsnittet gjev eit godt bilete av dei ulike gruppene som følgde Jesus. Dei store folkemengdene kjem fordi dei har høyrt om Jesus, og mange ønskjer å bli lækte. Så vel Jesus ut Dei tolv til å vera med han. Skildringa av Dei tolv avdekkjer likevel ein indre krins på tre. Dei tre innarste (Peter, Jakob og Johannes) var dei tre første Jesus valde ut.

  • Folket flokkar seg kring Jesus

    Mark 3,7-12

    Etter denne konfrontasjonen med farisearane og herodianarane som planla å ta livet av Jesus, drog seg bort frå byområdet saman med læresveinane sine. Likevel følgjer ei stor folkemengd frå heile Galilea etter han til sjøen. Ja, mange menneske kjem til han både frå sør (Judea og Idumea), frå aust (landet på hi sida av Jordan) og frå nordvest (Tyrus og Sidon). Dei kjem fordi dei har høyrt om alt det han hadde gjort.

    Trengselen frå folkemengda er så stor at Jesus bed læresveinane gjera klar ein båt han kan flykta i. Alle i mengda strekte seg fram for å røra ved han, i tru på at å røra ved han ville lækja plagene deira. Ordet for plagene her er litt spesielt, for det blir også omsett med «pisk eller piskelag». Somme meinte at sjukdomar var piskeslag frå Gud, men det avviser Jesus ved å gjera dei friske.

    Fleire av folka, som flokka seg rundt han, var tydelegvis plaga av ureine ånder. Orda ureine ånder, vonde ånder og demonar er eigentleg synonyme ord. Når desse menneska rørte ved Jesus, lasta dei ureine åndene i dei ned og stadfeste at Jesus var Guds Son. Her har vi enda eit døme på at Jesus byd demonane å teia, men først etter at dei har gjeve si vedkjenning om kven han er.

    Dette avsnittet hjå Markus gjev rett og slett eit samandrag av Jesu teneste. Markus lærer oss om Jesu mynde, makt og popularitet. Det er underleg at sjølv om Jesus ikkje vil ha vitnemål frå dei vonde åndene, vel Markus likevel å ta med denne hendinga i evangeliet sitt, som endå ein måte å visa fram Jesu makt og mynde på, særleg gjennom bruken av nemninga Guds Son. Men Jesus vil ikkje ha vitnemål frå ein som ikkje følgjer han. Det er ikkje godteke. Dei som seier «Herre, Herre», men ikkje følgjer, blir ikkje tekne imot av Jesus, korkje i tenesta hans eller i forsamlinga hans, verken på Markus si tid eller i vår.

  • Jesus helbredar på sabbaten

    Markus gjev oss denne forteljinga som ei oppfølging av påstanden til Jesus i førre avsnitt om at han er herre over sabbaten. På ny gjekk Jesus inn i synagogen. Der var det ein mann med ei visna og lam hand. Farisearane heldt auge med han for å sjå om dei kunne klaga han for brot på moselova ved å arbeida på sabbaten. 

    Jesus veit korleis dei tenkjer og han går rett i strupen på dei. Han bed mannen reisa seg og koma fram midt i rommet. Jesus kjem med ei offentleg og direkte utfordring til farisearane. Han vender seg ein augeblikk bort frå mannen og stiller farisearane spørsmålet: «Er det tillate på sabbaten å gjera godt eller å gjera vondt, å berga eit liv eller å drepa?»

    Sagt på ein annan måte: «Er det tillate å lækja eit menneske (gjera godt), eller å la vera å lækja (gjera vondt)?» I si eiga lovtolking tillét farisearane at ein bonde kunne hjelpa eit dyr som var i naud på sabbaten. Men farisearane, forblinda av sin motstand, tagde likevel, trass i det deira eiga tolking lærte. Dei ville ikkje vera samde med Jesus i at det er rett å gjera godt og ikkje vondt. Og dei kunne ikkje seia seg usamde i at det er rett å gjera vondt og ikkje godt. Difor svarte dei ikkje, men var stille og heldt sinnet sitt inne. 

    Jesu var tydeleg harm og sorgfull. Då han såg seg rundt, vart han sint, fordi hjarta deira var så forherda. Å teia er ikkje alltid gull. Hjarta til farisearane var så harde at dei ikkje var i stand til å gje eit fornuftig svar. Jesu neste ord er retta til den sjuke mannen; han bed han retta ut handa. Mannen gjer det, og handa hans blir heilt frisk att.

    Markus fortel ikkje korleis folkemengda reagerte, men han fortel korleis farisearane reagerte. Dei går straks bort og legg planar saman med herodianarane om å drepa Jesus, ikkje på grunn av sjølve underet at mannen vart frisk, men fordi Jesus har undergrave makta deira gjennom den direkte utfordringa si. Det som var sant for Jesu tilhøyrarar, er sant også for Markus sine og for oss. Det gode bodskapet om Jesus, om det han lærer og gjer, mjukar opp mange, slik som folkemengdene som fylte av undring bringar fleire menneske til han. Men det gode bodskapet forherdar også somme, slik som farisearane og herodianarane, som har øyre men ikkje høyrer, og auge men ikkje ser.

    Ein annan verdifull bruk av denne teksten, kanskje ikkje tilsikta av Markus, gjeld når ein ikkje bør teia stilt eller unnlata å svara. Å teia stilt om det vonde er ikkje rett reaksjon. Om vi ventar at det gode skal sigra, bør vi fremja det på alle måtar vi kan. Om vi ventar at det vonde skal bli overvunne, må vi kjempa mot det på alle måtar vi kan.