Jesus sit sjeldan stille, han er oftast på vandring. No går han langs ein åker på ein sabbat. Farisearane hadde mange reglar knytt til sabbaten, kva folk kunne gjera eller ikkje gjera, kor langt dei kunne gå eller kva dei skulle eta. Denne gongen har han sikkert ikkje gått for langt, for farisearane er til stades og ser at læresveinane riv av aks og et medan dei går. Det provoserer farisearane og dei spør Jesus kvifor læresveinane gjer slikt som dei ikkje har lov til på sabbaten.
Jesus svarer på farisearane sitt spørsmål om å bryta sabbatsbodet med tre argument. For det første svarer Jesus dei med å stilla med eit spørsmål: “Har dokker ikkje lese kva David gjorde?” Han hadde ete noko han ikkje hadde lov å eta, men øvstepresten hadde likevel gjeve han lov til det fordi han og mennene hans trong denne maten! Det kan verka som om han vil påpeika at farisearane ikkje er konsekvente. Dei fordømmer ikkje David for det han gjorde, men dei fordømmer læresveinane som gjer eit mykje mindre brot. Sabbats bodet handla om å ikkje arbeida på sabbaten, men det gjorde ikkje læresveinane, dei var berre svoltne og åt litt a grøda i åkeren gjekk gjekk forbi. Jesus tek utgangspunkt i det som var den opphavlege meininga med lova og ville ikkje vera bunden av fariserane sine tradisjonelle reglar og tolkingar.
Det andre argumentet til Jesus handla nettopp om dette: den opphavlege meininga med lova. Sabbaten vart til for menneske, for å møta eit behov folk hadde. Sabbaten var meint å vera ei velsigning for folk og ikkje ei tung bør. Folk er viktigare enn religiøse skikkar eller bygningar. Heile lova vart til for det beste for folk.
Når reglar og føresegner viser seg å verka mot menneska, bør dei opphevast. Mennesket er det fremste målet for Guds kjærleik. Gud elskar menneskeverda, meir enn sabbaten, søndagen, den fysiske verda eller tempelet. Gud elskar verda og søkjer ikkje sitt eige beste. Difor handlar han til gagn for verda, ikkje for seg sjølv.
Vi skal også arbeida til gagn for andre, ikkje berre for oss sjølve. Vi skal elska menneske og bruka ting til beste for menneska, i staden for å elska ting og bruka menneske for å skaffa oss endå meir. Er dei reglane og føresegnene vi praktiserer, til gagn for verda eller berre for oss sjølve? Kyrkja skal vera til for verda, det vil seia for å leita etter og frelsa dei som har gått seg vill. Reglane skal tena menneska, ikkje bli band som avgrensar den personlege fridomen.
Det tredje argumentet Jesus bruker mot farisearane, er at Menneskesonen, Jesus, også er herre over sabbaten. Læresveinane til Jesus kan gjera det han som er herren over sabbaten tillèt. Difor tillèt Jesus at læresveinane plukkar aks og et kornet. Det vesle ordet også viser at Jesu autoritet, som allereie har kome til uttrykk gjennom lækingar, utdriving av vonde ånder og tilgjeving av synd, også omfattar lova.