Frels oss frå det vonde!

Vi treng å be denne bønna i Fadervår meir enn nokon gong før. Vi veit at heile verda ligg i det vonde, skriv apostelen Johannes. Han seier også at Gud kan verna oss, så den vonde ikkje kan koma til. Difor treng vi stadig å be om at Gud skal berga oss frå den vonde og frelsa oss frå det vonde, for vondskapen ser vi rundt oss alle stader.

Vi ser vondskapen kvar dag vi høyrer om nye drap i landet vårt. Det er sjokkerande og ufatteleg at ein mann kan drepa to døtrer og eit barnebarn før han tek sitt eige liv. Det er uforståeleg at ein ektemann drep kona si. Ja, for meg er kvart einaste drap uforståeleg, eg forstår ikkje kva som kan rettferdiggjera ei slik grueleg handling.

Historia viser oss at menneske kan bli fanga av vondskapen og gjera utruleg mykje vondt. Holocaust der 6 millionar jødar mista livet og Stalin sine mange fangeleirar der kanskje 20 millionar politiske motstandarar mista livet, viser kva vondskap kan gjera. For ikkje å snakka om det kommunistiske Kina, som under Mao vart det mest mordariske regime i historia, der politikken tok livet av omlag 70 millionar menneske. Folkemordet under Røde Khmers kommunistiske styre førte til at nærmare 2 millionar menneske vart drepne. I folkemordet i Rwanda vart 800.000 menneske drepne på 100 dagar.

Kvar gong vi opnar ei avis eller ser på siste nytt på TV møter vi vondskapens heslege andlet i bileta av krig og liding. I dag er det krigen i Gaza som får all merksemd. Talet på sivile og barn som blir drepne og bileta av dei som er såra og treng medisinsk hjelp, opprørar oss. Hamas sin terroraksjon har ført til at omlag 15.000 sivile og 10.000 terroristsoldatar er drepne og kanskje 60.000 er såra. Men vi gløymer ofte terroren som var opphavet til denne lidinga. Det kan også verka som om vi gløymer vondskapen i krigen som Putin fører mot Ukraina. For ikkje å nemna alle dei gløymde konfliktane rundt om i verda. 360 millionar kristne blir i vår tid forfølgde og i 2023 vart nærmare 6.000 kristne drepne for trua si.

I vårt eige land blir omlag 15.000 små menneskebarn drepne i mors liv kvart einaste år. Eg rettar ikkje peikefingeren mot kvinnene, men mot politikarane som har ansvaret, fordi dei legg til rette for at så mange spirande menneske mistar retten til liv. Det er ufatteleg at dei har råd til å mista fleire tusen verdifulle borgarar kvart einaste år.

Vonde handlingar og ytre vondskap er lette å visa avsky for, men vondskapen i menneskehjartet er verre å avsløra og halda styr på. Verda ligg i det vonde, men Jesus har kome som frelsar. Jesus riv ned murar og skilje mellom folk. Han skaper fred og forsoning og gjer ende på fiendskap mellom menneske. Der han får sleppa til må vondskapen vika, og rettferd og fred får veksa fram.

Det er difor vi treng å be: «Frels oss frå det vonde! For riket er ditt og makta og æra i all æve, Amen.»

Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading