Gaza, Israel, Russland, Ukraina, Putin og Trump er ord som får kommentarfelta til å fløyma over av hatefulle ytringar. Frontane er steile, orda er harde, fiendane er mange. Det er oss på den rette sida, mot dei på den vonde sida. Vi trur at vi er dei gode, dei andre er dei vonde. Vi trur vi har sanninga, dei andre lyg. Vi trur at vi har rett til å bruka sterke og nedsetjande ord om dei andre. For vi seier berre sanninga, trur vi, når vi bruker negative ord om motstandarane våre.
Vi lagar oss mange motstandarar. Det er dei som ikkje har dei same meiningane, eller den same trua, eller den same religionen, eller dei som representerer ein annan kultur, eller dei som ikkje har den rette hudfargen.
Folk set merkelappar på kvarandre. Skjellsorda haglar og skaper djupe sår i sjela. “Du er homo! Du er trans! Du er konservativ kristen! Du er mørkemann! Du er liberal teolog! Du er yttarleggåande! Du er ekstrem karismatikar! Du er høgrevridd! Du er venstrevridd! Du er krigshissar. Du er Putins idiot! "Du er naiv!” Harde ord og negative adjektiv sit laust.
Vi set også ulike adjektiv på oss sjølve. Då bruker vi adjektiv som for oss er positive ord som seier noko viktig om kven vi trur vi er. Så oppdagar vi at ikkje alle liker det vi liker, ikkje alle tykkjer det er godt, det vi kjenner glede ved. Då blir det vi opplever som positivt vendt mot oss som noko negativt, noko som fornektar og avviser oss.
Det er ikkje bra å leggja meir vekt på adjektivet enn substantivet. Kvar av oss er ein person som er skapt i Guds bilete. Vi har same menneskeverd og må møta kvarandre med respekt og ære. Om ein person er slik eller slik, så rokker det ikkje ved hans menneskeverd. Å velja eller å forkasta folk på grunn av adjektivet dei bruker om seg sjølv, er umenneskeleg. Vi er alle i same båt og har både gode og dårlege sider. Vi er menneske som treng tilgjeving og kan gje tilgjeving.
Eg er militærnektar og kristenpassifist. Det er ikkje enkelt å forsvara eller forsvara, når det er krig i nærområdet vårt. Personleg må eg innrømma, at eg som passifist, dessverre kan vera ganske stridslysten når det gjeld teologi og politikk. Dessverre er eg ikkje alltid ein som skaper fred. Orda kan bli harde, men enno verre er det at eg kan bli hard i hjartet.
Vi lever i ei vond tid med polarisering i samfunnet. Profeten Amos seier: “Difor teier den kloke i denne tida, for det er ei vond tid.” Kanskje vi ikkje skulle vera så snare til å kommentera eller tolka det andre seier eller gjer? Eller kanskje vi rett og slett berre treng å læra å snakka som Jesus? Folk var forundra av dei nådeorda som kom frå hans munn. Lova kom med krav og fordømming. Jesus kom med nåde og tilgjeving. Han strøymde over av gode ord i møte med menneske som hadde det vanskeleg. Det var vakker tale på hans lepper. Orda hans var milde og lækte såra hjarte.
I denne vonde tida må vi læra å snakka nådespråket slik Jesus gjorde. Nådeord fremjer tillit og indre fridom. Når det er nåde i hjartet vårt, ser vi kvarandre med tillit og lyttar til hjartespråket som avslører dei inste lengtane til kvarandre. Nåden nærar sjela og mater det gode i oss. Nåden lærer oss å takka for kvarandre. Nådeord stadfestar at vi er verdsett, at det er noko godt i oss, jamvel om vi har ulike syn og meiningar.
Øystein Pettersen i Team Pølsa snakka nådespråket då han trøysta, utfordra eller sette mot i dei flotte ungdommane i teamet. Dei sleit alle med sine spesielle skavankar og diagnosar. Dei strevde med mange utfordringar. Øystein Pettersen var stor nok til å be om tilgjeving når han hadde pressa for hardt, men han gav ikkje opp. Gong på gong talte han nåde og kraft inn i dei unge deltakarane. Det nådespråket han brukte skapte tru og fellesskap. Han fekk fram det gode i ungdommane og gjorde dei til eit lag der dei hjelpte kvarandre til å overvinna utfordringane sine. Eg vart rørt til tårer mange gonger då eg såg nåden mellom dei. Nådeorda gjorde taparar til vinnarar, skrøpelege menneske til verkelege heltar.
Den rettferdiges munn er ei kjelde til liv. Ved velsigning frå dei rettskafne blir samfunnet bygd, men tunga til den urettferdige øydelegg tillit og samhald. Tankelaus tale stikk som sverd, men nådige menneske har lækjedom på hjartet. Uro tyngjer oss ned, men eit godt ord gjer oss glade. Vennlege ord er dryppande honning, søte for sjela og sunne for kroppen. Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på vennskap, men den som ber det vidare, skil venn frå venn. Den som elskar eit reint hjarte og har milde ord på tunga får mange venner. Ærleg tale og open kritikk er betre enn skjult sympati. Eit ord i rette tid skaper forandring og framgang. Om vi skal tala i vonde tider, må vi ha nådeord på tunga, for det er det einaste som byggjer folk og samfunn.
“Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjarte vera til glede for deg, Herre! Gje meg eit hjarte som er omskapt av nåde og eit audmjukt liv. Legg nådeord på tunga som kan skapa tillit mellom menneske. Gjer meg fast i håpet på endring og forsoning i samfunnet. La kjærleiken til nesten gløda!”
Tekst: Erling Thu
Leave a Reply