Category: Profetisk meditasjon

  • Slitesterk juleglede

    Jula med si glede og barnslege lyst er over oss på nytt! Den enkle juleforteljinga tryllar fram gode minner og varme kjensler i dei fleste av oss.

    (more…)

  • Styrt av Guds vilje i alle ting.

    Som kristne treng vi å setja lyset på Guds evige plan og hensikt. Vi treng å forstå dei store linjene i det Gud gjer i verda og i samfunnet rundt oss.Det vil hjelpa oss til å vera styrt av Guds plan og vilje i alle ting.

    (more…)

  • Avkristning eller vekkelse?

    Over lengre tid har eg merka meg at ein språkbruk i kristne blad og mellom kristne leiarar som forundrar meg. Det er uttrykk som dette: ”Vi lever i åndsfattige tider”; ”vi lever i vekkelsesfattige tider”; ”vi lever i ei etterkristentid”,  ”misjonsvekkelsen er i tilbakegang”, ”avkristninga er kome veldig langt!”  Eg trur eg skjønar kva som meinest med uttrykka, men dei avspeglar ikkje den røyndomen eg lever i.

    (more…)

  • På bølgjelengde med Gud

    Eg les i ein engelsk bibelomsetjing for tida, New Living Translation og kjem stadig over uttrykk som får meg til å tenkja over det eg les på ein ny måte. I salme 125,4 fann eg dette uttrykket: Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som har eit hjarta som er på bølgjelengde med deg! Frå samanhengen forstår vi at det er dei rettferdige, dei som har ein ærleg hug, som vert kalla dei gode, dei som er på bølgjelengde med Gud.

    (more…)

  • Oppleving av det overnaturlege: Vak og bed!

    Herren talar til oss om å oppleva større manifestasjonar av det overnaturlege i kvardagen vår og i dei små og store samlingane våre. Dette heng saman med forkynninga av Guds rike, at Jesus Kristus er Herre, at han har overvunne alle mørkets makter og gjeve oss makt til å kasta ut ureine ånder og setja folk fri frå plagar. Jesus Kristus er ein levande frelsar som gjer menneske heile og friske.

    (more…)

  • Motstand og forfølging

    Heilt frå første tid har den kristne kyrkja levd med motstand og forfølging. Apostelen Paulus sa at alle som vil leva gudfryktig vil verta forfølgde (2.Tim.3,12). Kristne har oppgjennom historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har måtta gå gjennom må vi seia at vanskane våre har vore lette.

    (more…)

  • Musikken i livet vårt

    I salme 119 skildrar forfattaren (sannsynlegvis David) si haldning til Guds ord og kva Guds ord er og har vore for han gjennom eit langt og spennande liv. Mange av versa i denne salmen eignar seg godt til å læra utanåt for å hjelpa oss til å halda stø kurs i kristenlivet. Det gjeld ord som dette:

    (more…)

  • Lev forfriska!

    Vi er kalla til å leva eit liv i dagleg fornying og forfrisking. Her er punkta til preika mi i dag.

    (more…)

  • Eg har ein draum!

    Eg har ein draum som eg ber med meg same kor eg ferdast og kor eg går. Eg drøymer om ei forsamling etter Guds hjarta. Eg drøymer om Guds nærvær mellom sitt folk på nye måtar. Eg drøymer om ei tid med forfrisking og fornying. Eg drøymer …..

    (more…)

  • Ei ny tid med velsigning

    Vi var samla til bønn og eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, – det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.

    (more…)