Salme 119,157 Det er mange som jagar meg og står meg imot, men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod (Strong 5715).
David er forfølgd og har mange fiendar. Dei som jaga han og hadde avsky for han var mange. Den vondskapen og fiendskapen han møtte frå menneske står i grell kontrast til Guds gode miskunn som han nemner i førre verset. Det er litt underleg å tenkja på at ein slik from og gudfryktig mann som David hadde mange som jaga han og stod han imot. Kanskje er det den fromme gudsfrykta som er sjølve grunnen for den motstanden han møter?