Category: Profetisk meditasjon

  • Den gudfryktige sorga er eit teikn på åndeleg vekst og modnad

    Salme 119,136 Tårene strøymer frå auga mine på grunn av dei som ikkje held di lov (Strong 8451).

    David set i dette verset ord på den sorg og smerte som gudfryktige folk føler når dei ser folk synda og vanæra Gud. Dette kan vera ei djup sorg som får tårene til å strøyma, slik David opplevde det, eller det kan vera ei vond smerte i vår sjel som gjer at alt knyter seg inni oss. Når hjartet er reint, midt og mjukt er det ofte tårer i auga. Vår Herre Jesus Kristus var ein mann av smerte, kjend med liding. Han gråt over Jerusalem som ikkje kjende si gjestingstid, som ikkje forstod kva som tente til hennar fred og som ikkje ville følgja Guds ord. Han gråt av medkjensle med folket for han visste at dommen kom til å råka dei fordi dei avviste Guds frelse. Herren finn inga glede i at menneske går fortapt, det smertar han djupt at folk vel å gå på den vegen som fører til fortaping.

    (more…)

  • Den største lukka i livet

    Salme 119,135 Lat ditt andlet lysa over din tenar, lær meg dine forskrifter!

    David er konge, men ser seg sjølv først og fremst som Guds tenar. Det å vera tenar er identiteten hans. Dette kjem fram i så godt som alle bønnene han ber. Det er alltid eit godt utgangspunkt når vi ber. Vi kjem fram for Gud som hans barn og som hans tenarar. Vi veit kven vi er og kor vi høyrer til. Vi er ein del av Guds familie. Vi er borgarar i hans rike, og vi er tenarar for hans plan i vår levetid.

    (more…)

  • Fri meg frå undertrykking

    Salme 119,134 Fri meg frå dei som bruker vald, så vil eg halda dine påbod (6490)!

    David veit kva han ber om når han ber Gud om å fria han frå menneske som bruker vald og undertrykking. Slike folk har ofte plaga han. Han visste kva det ville seia å møta vald og undertrykking. Desse vonde menneska hadde fordrive han frå hans eige land og frå Herrens heilagdom. Difor ber han at Herren skal løysa han ut. Vald og undertrykking avlar meir av same slag.

    (more…)

  • Ein trygg relasjon

    Salme 119,133 Gjer mine steg faste slik du har sagt, lat ingen urett få makt over meg!

    Når David ber at Gud skal gjera stega hans faste slik han har sagt, ber han om å bli grunnfesta i den inderlege relasjonen han har til Herren. Han ønskjer ikkje å vingla att og fram, eller svinga frå åndelege høgder til djupe avgrunnar. Han ber om nåde til å leva i ein vedvarande og konstant nær relasjon til Gud. Det er dette Gud ønskjer for oss alle: At vi skal kjenna han og alltid kunna gleda oss over Guds frelsande kjærleik. Dette livet er tilgjengeleg for oss alle i trua på Jesus Kristus. Vi må berre ikkje la oss bli styrte av våre menneskelege tankar eller kjensler. Det vi føler på er svært upåliteleg og skiftande. Kjenslene våre vinglar og svingar opp og ned og vi kan ikkje byggja livet vårt på dei.

    I mange andre bibelutgåver er bønna til David forma slik: Før meg, lei meg ved ditt ord. Då forstår vi at det er berre når vi er styrt av Guds ord at våre steg er faste og vi går trygt. Når vi let Ordet leia oss oppdagar vi at Guds nærvær og kjærleik er konstant, uansett kva vi føler. Om Ordet fører oss er vi trygge i Guds nåde som alltid er nok for oss. Herren er vår hyrde og han fører oss til kvile. Han fornyar og forfriskar oss i evige sanningar om at vi er rettferdige for han på grunn av berre nåde. Vi treng ikkje gjera noko, eller rettare sagt, vi kan ikkje gjera noko til eller frå. Frelsesverket er fullført av berre nåde, vi skal berre ta imot i tru. Å, for ei velsigning å vera trygg i nåden og å vera grunnfesta i Guds evige kjærleik.

    Då ber vi om at inga urett skal få makt over oss. Nåden oppdrar oss til å fornekta verdslege lyster og til å leva edrueleg, rettferdig og gudfryktig. Nåden lærer oss å seia nei til alt som er urett, vondt, syndig og skammeleg etter Guds ord. Og den fantastiske sanninga er at om vi fell i synd og gjer det som er galt, treng vi ikkje la uretten få makta over oss. Vi kan la oss styra av Ordet som forkynner nåde for alle syndarar som vender om og set si lit til Jesus Kristus. Der synda er stor er nåden større. Vi vil ikkje gjera den store urett det er å tvila på Guds frelsande nåde i Jesus Kristus.

  • Det kristenlivet handlar om

    Salme 119,132 Vend deg til meg og ver meg nådig! Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.

    Sjå på meg! Lat ditt nådefulle blikk møta mitt! Vend hjartet ditt til meg og vis meg nåde, slik du pleier å gjera mot dei som elskar namnet ditt! Desse orda frå David røper at han er van med å leva i det være samfunnet med Gud, sin Far. Den som har smakt og kjend at Gud er god og kan ikkje få nok av det intime fellesskapet med sin frelsar og Herre.

    (more…)

  • Kysset frå Gud i Ordet

    Salme 119,131 Med lengsel opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod.

    I dette verset utrykkjer David sin djupe lengt etter eit møte med Gud i Ordet. Det er den same lengselen brura ber fram når ho seier: «Å, om han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Kjærleiken din er betre enn vin!» I skaparforteljinga får vi høyra at det var Skaparens kyss som skapte åndeleg liv i mennesket. Det er det heilage kysset av Ordet frå Guds munn som oppkvikkar oss og held oss i live.

    (more…)

  • Kven opnar Ordet seg for?

    Salme 119,130 Dine ord gjev lys når dei opnar seg, dei gjev uvitande skjøn.

    I dette verset skildrar David ein av dei viktigaste verknadene til Guds ord. Det skaper lys i hjarte og sinn. Ordet frå Gud gjev oss innsikt og forståing og hjelper oss på vår vandring gjennom dette livet. Slik Gud sa, bli lys og det vart lys, då han skapte himmel og jord då kaos og mørke rådde, slik skaper eit ord frå Gud lys i vårt mørke og driv fortviling og mørke motlause tankar bort frå vårt hjarte. Når vi les Bibelen gjer Anden ordet levande for oss og set mot i oss til å gå på Guds veg. Setninga, når dine ord opnar seg, viser oss at vi er heilt avhengige av Guds nådefulle Ande, som har innånda heile Bibelen, for å sjå lys i hans lys. Utan Anden er Bibelen ei lukka bok. Eg veit ingenting herlegare enn å oppleva at Ordet opnar seg for meg når sit med ein open Bibel i Guds værvær.

    (more…)

  • Kvifor ta vare på Guds lovbod?

    No startar ein ny bolk, den syttande i sitt slag i denne salmen. Alle versa startar no med den hebraiske bokstaven PE, men med ulike ord. Denne bolken er perfekt, poetisk, praktfull, praktisk, prektig og profitabel.

    Salme 119,129 Underfulle er dine lovbod (vitnesbyrd) (Strong 5715), difor tek eg vare på dei.

    Guds vitnesbyrd er hans lovbod som vitnar om kva som er rett og godt. Dei er underfulle i si enkle majestetiske form og skaper ærefrykt i menneskehjartet, for Gud taler gjennom dei. Dei er underfulle på grunn av dei djupe openberringane dei let oss få del i. Guds vitnesbyrd let oss få innsikt guddommelege løyndommar som hjelper oss å forstå skaparverket og menneskelivet, syndefallet og Guds frelseplan.

    (more…)

  • Difor rettar eg meg etter Guds bod

    Salme 119,128 Difor retter eg meg etter alle dine påbod (6490), eg hatar alle falske vegar (734).

    Legg merke til at David nett har sagt at han elskar Guds bod og no seier han at han rettar seg etter alle hans påbod. Når vi elskar Gud er det naturleg at vi gjer det han seier. Kjærleiken til Gud fører til at vi lever etter Guds ord. Det er ein nøye samanheng her. Kjærleik og lydnad er to sider av same mynt.

    (more…)

  • Difor elskar eg Guds bod

    Salme 119,127 Difor elskar eg dine bod meir enn gull, ja, skinande gull.

    I denne salmen seier David mange gonger kor høgt han verdset Guds ord og lov. Han elska Guds ord og gjorde alt han kunne for å halda boda frå Gud. Når han i dette verset seier, difor elskar eg dine bod, kan det verka som om det viser tilbake til dei gudlause menneska som forkastar Guds lov for å leva ut sine eigne lyster. Han vil på ingen måte rosa dei for det livet dei lever. Det motsette er heller tilfelle. Når han ser vondskapen i det syndige livet, gjer dette han endå ein grunn til å setja Guds bod høgt. Boda vernar om livet og skaper rettferd og trygge kår for alle menneske. Difor elskar eg dine bod, fordi alternativet, det syndige livet som kan gje ei kortvarig personleg nyting, på sikt fører til urett og utnytting av andre menneske.

    (more…)