Category: Profettenesta

  • Profeten åtvarar folket om følgjene av valet deira, å ha ein konge

    Før Gud let dei få det dei vil ha, må profeten åtvara dei om følgjene av det valet dei har teke (1.Sam.8,11-18). Er det verkeleg slik at dei vil gje opp republikken for å få ein eineveldig konge som godt kan visa seg å vera ein tyrann? Ville dei verkeleg gje opp det fredelege, glade og rolege livet dei hadde som Guds folk, berre for å få ein konge som ville tvinga sønene deira til å verta soldatar og føra krig? Ville dei verkeleg gje opp draumen om å leva i Guds vern og velsigning, for å få ein konge som ville leggja tunge bører på dei? Krig i ein skala dei aldri før hadde visst om, ville verta deira del, om dei valde å etterlikna styresettet til dei verdslege nasjonane. Guds draum for Israelsfolket var at dei skulle vera eit folk av kongar og prestar, styrte direkte av Kongen som har sin kongstol i himmelen. Ved å vraka å vera styrt av Gud, ville dei verta trælar, slavar, av eit anna menneske. Ved å velja ein konge, gav dei opp all politisk og sosial fridom. Ei styreform som inneber éin sterk leiar med stor makt har aldri vore Guds modell.

  • Kva gjer profeten når folket vrakar Guds styre?

    Naturleg nok likte ikkje Samuel det dei eldste sa. Det kunne kjennast som om dei forkasta han og leiinga hans saman med avvisinga av sønene hans. Men profeten let ikkje dei såra kjenslene sine styra seg i det svaret han gav dei. Som ein sann profet og sjåar gjekk han med ein gong til Gud med saka i bønn. Han forstod at her var det noko meir enn han sjølv det galdt. Folket forkasta Guds direkte styre over seg då dei bad om ein konge.

    (more…)

  • Frå profetisk leiing til verdsleg styresmakt

    Då profeten Samuel vart gamal sette han sønene sine til dommarar over Israel (1.Sam.8,1). Det minner svært mykje om Fidel Castro som har fått inn i den cubanske grunnlova at broren hans skal overta styret når han døyr. Dette kallar vi nepotisme og det er ikkje noko positivt jamvel om det er ganske vanleg. I Samuel sitt tilfelle, så fekk han ikkje leva lenge i den synda. Sønene hadde ikkje dei same karakterkvalitetane som faren hadde. Folket klaga og ville heller ha ein konge til å styra dei, slik som nasjonane rundt dei hadde. Måten profeten og dommaren Samuel tok dette på, seier svært mykje om den integritet og karakterstyrke han hadde i si usjølviske teneste for folket på vegne av Gud. Han oppførte seg heilt annleis enn øvstepresten Eli gjorde då folket klaga på sønene hans. Samuel nølte ikkje med å setja inn Saul og med det ta sønene sine ut or den dommarfunksjonen dei arva etter faren sin.

    Alle dei eldste i Israel samla seg for å bera fram sine ønskje for Samuel. Dei kjende Samuel som ein Guds mann. Dei var trygge på at han ville gjera det som var rett utan omsyn til personleg vinning for hans eigne søner. Dei hadde tydelegvis den tillit til han at han ville gje dei vise råd frå Guds visdom og ikkje følgja private interesser eller gje etter for personlege kjensler. Resultatet rettferdiggjorde tilliten deira, for Samuel viste seg å vera tilliten verdig.

  • Heimen er eit trygt utgangspunkt for den profetiske tenesta

    Samuel fór alltid heim att til Rama; for der budde han, og der bygde han eit altar for Herren. Jamvel om han hadde ei nasjonal teneste og reiste mykje, vende han alltid tilbake til heimen sin i Rama, for der hadde han bygd eit altar for Herren. Han gjekk i fotspora til Abraham, den første som er omtala som profet i Bibelen, han bygde òg altar der han budde. Heimen i Rama hans har utgangspunktet for tenesta hans. Det var bønnelivet og tilbedinga i kvardagen i heimen som låg i botn for alt profeten kunne vera for nasjonen gjennom reisene sine. Vi kan aldri forstå profetane si teneste og påverknad utan å sjå det i samanheng med det skjulte livet deira med Gud i heimen.

  • Ein omreisande profet

    Kvart år drog profeten Samuel ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane. På denne måten fekk folket oppleva eit profetisk nærvær. Sjåaren og gudsmannen drog seg ikkje unna folket. Han levde midt mellom dei. Kvart einaste år la han ut på reisene sine for å gje folket Guds ord og minna dei på pakta med Gud. Han var vis nok til å forstå at ei sentralisert gudsdyrking med ein profet på berre ein stad ikkje kunne halda folket nære Gud. Dei måtte sjå og høyra profeten i sitt eige nærmiljø! Ordet frå Gud måtte verta kjøt og blod – kontekstualiserast – der dei budde. Dei måtte høyra ordet frå Guds munn inn i deira eige stoda, og ikkje berre få generell og prinsipiell undervising langt bortanfrå! Han sette i gang med profetskular kor han lærte og øvde opp profetlæresveinar som hjelpte han med å gjennomsyra folket med Guds ord.

  • Heilaggjord autoritet

    Profeten Samuel er eit ypparleg døme på heilaggjord autoritet. Han var ein sann Guds tenar.  Det finst to slags autoritet. Den første er den som må haldast oppe med makt og den andre er den kjem av karakter og usjølvisk teneste. Samuel var av denne andre typen. Den første er vanskeleg å få og kanskje endå vanskelegare å halda på. Han er tyrannane sin eigedom. Den andre kjem av seg sjølv til dei fattige i ånda, dei audmjuke og reine av hjarta. Samuel hadde autoritet i kraft av det reine og heilage livet han levde. Han kunne leia folket på grunn av den han var. Han var den han var på grunn av tidleg fostring og framhaldande vokster i karakter. Ingenting har større påverknad enn eit reint liv!

  • Så lenge han levde

    Profeten Samuel levde heilhjarta for Herren og tente Guds plan i si levetid. Han fekk eit flott ettermæle. Det er om å gjera at vi alle lever for å sjå Guds plan fullført for den tida vi lever i.

    (more…)

  • Ein profetisk minnestein

    Profeten Samuel reiste då ein profetisk minnestein som han kalla Eben-Eser og sa: ”Til no har Herren hjelpt oss!”  Han gjer det same som profeten Moses hadde gjort tidlegare på eit ord frå Gud då Israelsfolket hadde gått over Jordan og kome inn i det lova landet ved Gilgal. Dette fortel meg at det å reisa minnesteinar for Guds folk er ein del av den profetiske tenesta. Desse minnesteinane hjelper folk å leva i trua på Herren som har hjelpt dei i vanskelege tider og vil hjelpa dei i nye vanskar dei måtte møta.

    Minnesteinen Eben-Eser var eit profetisk teikn, ikkje berre eit minne om ein stor siger på slagmarka til eit tidlegare nederlag, men eit teikn på ein ny start for Guds folk. Det var eit teikn på eit nytt verk av Anden mellom dei. Det var eit teikn på ein ny einskap og nytt samhald mellom folket. Det var ein profetisk minnestein som skulle minna folket om at Gud hjelper dei som søkjer han. I dette tilfelle var det òg eit teikn på ei åndeleg oppvaking og fornying som varte så lenge profeten levde.

    ”Såleis vart filisterane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filisterane så lenge Samuel levde” (1.Sam.7,13).

    Filisterane fekk aldri meir herredømme over Israel. Sant nok var det ein lang og hard kamp, både med kongane Saul og David, inntil dei vart knuste. Herrens hand låg tungt på filisterane så lenge profeten levde. Den profetiske minnesteinen stod som eit vitnemål om Guds hjelp og nærvær hjå eit folk som gjev akt på det profetiske ordet.

  • Profeten møter motgang og motstand med bønn

    Reaksjonen frå filisterane kom med ein gong dei høyrde om samlinga i Mispa der avgudane vart øydelagde og folket vende tilbake til Israels Gud. Vekking skaper alltid motstand. Verden liker ikkje at Guds folk tek radikale oppgjer med synd og falsk religiøsitet. Når Guds folk gjer seg fri det verdslege og religiøse åket som fienden har lagd på dei fylker verden alle sine hærar for å knusa dei og leggja dei under seg på ny.

    Då folket høyrde om filisterane som samla seg til strid, sa sei til profeten: "Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet" (1.Sam.7,8). Då ropa Samuel til Herren for Israel, og Herren svarte han. Gud sende eit sterkt torever over filisterane og forvirra dei, slik at Israel vann på dei. Profetisk forbønn i samsvar med Guds vilje også i vår tid føra til stor framgang for Guds folk.

  • Nye profetiske handlingar

    Samlinga i Mispa (1.Sam.7,4-6) innebar ein ny start for Israelsfolket. Profeten Samuel ville oppnå to ting med denne samlinga. Først ville han gjenreisa folket til rett forhold til fedrane sin Gud. Han ville gjera det klart for alle at den nasjonale vekkinga hadde ført til heilhjarta omvending. Så ville han gå i forbønn for folket og be Den Allmektige om å gripa inn og gjenreisa folket til fullt rådvelde over det lova landet. Både det å fortelja folket om deira sanne stilling og det å gå i forbønn for dei er, er grunnleggjande i ei profetisk teneste.

    (more…)