Category: Samfunnet

  • Misjonær og framand i eige land

    Eg har kjend meg framand i mitt eige land heilt sidan eg som nittenåring meldte meg ut or statskyrkja og vart døypt til å vera ein Jesu læresvein. Rett nok var vi som gjekk på bedehuset ein minoritet, men vi var ein stor minoritet og vi var ein del av «den sunne lutherske kristendommen» – statsreligionen. Vi var trass alt vanlege og normale kristne i eit samfunn som framleis var dominert av lutherdommen. Då eg gjekk ut or statskyrkja endra alt seg. Då vart eg per definisjon plassert i ei sekt. Alt som ikkje var ein del av statskyrkja, var ei sekt på den tida og å vera med i ei sekt gjorde deg suspekt i heile samfunnet. Lutherdommen var forvaltarar av sjølve «Sanninga» og bedehusfolket stod for «den sunne tru og lære». Det trur dei kanskje enno. Vi andre vart kalla dissentarar og vranglærarar, og vart åtvara mot i mange sterke ordelag. Vi vart motarbeida på ulike måtar og kjende oss sjeldan att i det avisene skreiv om oss. Det vi opplevde som fint og kjært var framstilt som hysterisk og skadeleg. Eg har kjend meg framand i både det kristelege og  sekulære Noreg.

    (more…)

  • Innbyrdeskrig eller ein nasjon av venner?

    Det skjer ei rivande samfunnsutvikling i vår tid. Det grøne skiftet er eit døme på ei pågåande endring av samfunnet. Vi er faktisk inne i ein økonomisk og sosial omskapningsprosess. Endringane skjer ikkje utan strid. Utbyggjarar og vernarar står mot kvarandre. Krigen i Ukraina, dei høge straumprisane, inflasjon og aukande renter skaper uro hos dei fleste.

    Polariseringa i samfunnet skaper likevel ei større uro hos folk som tilhøyrer ein minoritet. Striden etter høgsterettsdommen om staten sitt brot på menneskerettane til samane på Fosen går inn i eit velkjent mønster. Det er skremmande at korkje statsministeren eller oljeogenergiministeren i lang tid ikkje var i stand til å innrømma menneskerettsbrot og be om unnskyldning. Den mektige staten turar fram og bryt ned tilliten til rettssystemet vårt og skaper splid mellom urfolk og majoritet. Det er trist å oppleva dette.

    (more…)

  • Eit generasjonsskifte er på gang

    Det veks opp ein ny generasjon som ikkje kjenner Gud eller kor viktig kristendommen har vore for utviklinga av Noreg. Denne utviklinga er ikkje ny, men har gått føre seg lenge og gjer mange kristne motlause. Det gode er likevel, at dette ikkje er det einaste generasjonsskiftet som er på gang. Det skjer også eit generasjonsskifte i kristenfolket, slik det alltid har gjort, for slekt følgjer slekters gang. Gud reiser opp unge menn og kvinner som er tydelege i si tru på Guds ord og lever heilhjarta for Herren Jesus Kristus.

    (more…)

  • Forkynn sanninga – utan å fordømma!

    Det er kamp om sanninga på alle plan i samfunnet vårt i dag. Det eldgamle spørsmålet som Pilatus stilte blir stilt av mange i vår tid: Kva er sanning? Den postmoderne filosofien avviser at det finst ei absolutt sanning. «Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for meg» blir det sagt. Alt er relativt, det finst ingen faste haldepunkt i livet lenger. Vi blir til og med fortalt at vi ikkje kan stola på den fysiske kroppen vår ein gong. Jamvel om kvar celle i kroppen er ei mannecelle og kroppen ser ut som ein mann, så er det ikkje sikkert at du er ein mann likevel, for du kan vera født i feil kropp, blir det hevda.

    Det er tid til å snakka sant om livet. Barn og unge blir fora med så mange løgner, både på skulen og i media, at det er på tide å ta til motmæle og forkynna sanninga. Jesus sa, då han bad for læresveinane: «Helga dei i i sanninga, ditt ord er sanning.» Bibelen er Guds ord og Jesus er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss. Han var full av nåde og sanning, og han sa: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

    (more…)

  • Offerhaugar må leggjast ned

    Eg opplever at Herren bruker nokre forteljingar frå GT til å tala til meg om noko som er svært relevant for kristenfolket i landet vårt.

    I Bibelen fortel profetane om Guds frelseplan og korleis han kallar folk til å tena hans frelseplan i deira levetid. Israelsfolket hadde både gode og dårlege kongar, både gode og dårlege leiarar. Dei dårlege leiarane førte folket bort frå Herren og inn i avgudsdyrking. Dei gode leiarane gjorde det som var rett i Herrens auge, dei var heilhjarta så langt dei forstod, men likevel var dei fleste ikkje radikale nok. Dei la ikkje ned dei kananeiske offerhaugane der heidningane dyrka avgudane sine (1 Kong 15,14; 22,44; 2 Kong 12,3; 14,4; 15,4,29) slik Herren gjennom Moses sa dei skulle gjera. I staden ofra dei til Herren på desse offerhaugane. Dette vart ei snare for dei, for det førte til at heidenske skikkar og tankegods fekk innpass hos Guds folk. Profetane kjempa mot denne religionsblandinga. 

    Salomo starta si kongegjerning med å ofra til Herren på den store offerhaugen i Gibeon og Herren synte seg for han i ein draum og talte til han på den plassen (1 Kong 3,4-15). På sine eldre dagar var han ikkje heilhjarta for Herren, men bygde offerhaugar for heidenske gudar (1 Kong 11,1-8). Det er ei skremmande utvikling, som profetane såg ville koma og åtvara imot. Han greidde ikkje “kristna” offerhaugane, men offerhaugane førte han bort frå den rette trua.

    Mange av leiarane og Israelsfolket frykta nok Herren, men gjorde nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane. Dei gjorde det andre folkeslag gjorde (2 Kong 17,32). Dei halta til begge sider (1 Kongg 18,21). Herren sende profetane sine til dei for å kalla dei til oppgjer med det menneskelege og heidenske. 

    Herren kallar alltid folket sitt til å vera heilhjarta for han. Han kallar alltid folket sitt til å helga seg, innvia seg og skilja seg frå det mennerskelege og det ureine. 

    Også i våre dagar bruker Guds folk desse verdslege offerhaugane når dei dyrkar Gud. Kristne menneske blir påverka av moderne tankegang og tilpassar seg kulturen og samfunnet. Vi trur nok på Gud, men lever som om Gud ikkje finnest, som Magnus Malm seier.

    Bibelen seier at alle menneske er skapte i Guds bilete, som mann og kvinne. Det skulle vera vår identitet, og ikkje kva slags seksuelle lyster vi til ei kvar tid kjenner på. I naturen er det berre to biologiske kjønn, mann og kvinne, men dei biologiske fakta blir ofra på dei moderne offerhaugane når vi bruker ord som skeive, trans, homofile og så vidare som identitet og forklaring på kva eit menneske er. Som kristne bør vi slutta å bruka slike ord om våre medmenneske, for dei er menneske skapte i Guds bilete, same kva slags tankar dei gjer om seg sjølv. 

    Statskyrkja har forlate den bibelske forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne ved å gje rom for såkalla samkjønna “ekteskap” og andre samlivsformer. Samfunnet legg press på alle kyrkjesamfunn om å bli politisk korrekte og vera mot “diskriminering”, men vil diskriminera dei som held seg til det bibelske synet på ekteskap og seksualmoral. 

    Biskopar, prestar og kristne leiarar tilpassar seg humanistisk tankegang når dei seier at helvete og fortapinga ikkje finst. På offerhaugane er ingen utanfor eller innanfor, for trua er at alle blir frelst til slutt, uansett korleis dei lever.  

    Når snillismen får rom, sluttar vi å gjera folk til læresveinar som seier nei til seg sjølv og sine syndige lyster. Når vi kristne prøver å erstatta bibelsk rettleing om radikal omvendig med psykologi og sjølvhjelpkurs, då ofrar vi på heidenske offerhaugane. Følgjene er katastrofale.

    Jesus har sagt kva gudsdyrking og tilbeding Gud vil ha. Jerusalem eller Garisim er ikkje viktig. Gud vil ha tilbedarar som tilbed han i ånd og sanning. Gud vil at huset hans skal vera eit bønnehus for alle folk, men vi gjer det ofte til ei kommersiell røvarhole, eit religiøst sermonihus for sjølvdigging eller eit sjukehus kor alle får feil diagnose og feil medisin.

    Offerhaugane er eit uttrykk for at vi vil gjera ting på vår måte. Vi vil inkludera det menneskelege, det tradisjonelle, det akseptable. Det som til kvar tid er politisk og kulturelt korrekt.

    Avgudsdyrkinga gøymer seg i missunning, psykologisering, havesjuke, materialisme og rasjonalisme. Mange kallar Jesus for Herre, men stengjer han ute frå mesteparten av livet. Mange seier dei trur, men lever som om Gud ikkje finnest. Mange har magen og kroppen til gud. Mange er blinda av ein rasjonalistisk tankegang og har naturlege og menneskelege forklaringar på alt. Dei ser ikkje Guds finger i kvardagen. 

    Desse offerhaugane og mange andre må leggjast ned! Dette er den åndelege kampen vi står i. Gud kallar oss til radikal omvending og heilhjarta etterfølging. Gud vil ha radikale oppgjer med alt det ureine og verdslege!

  • Audmjuke kristne

    Kristenfolket står i ein krevjande åndskamp. Sterke krefter er i sving. Vi må sloss på mange frontar. Det er snart eitt tusen år sidan kristninga av Noreg og i dag står det ein kamp om historia rundt dette. Det kristne synet på mennesket, som skapt i Guds bilete og med ibuande verdi, blir snakka ned og motarbeidd frå mange hald. Kampen om menneskeverdet ligg i botn for striden rundt abort, dødshjelp, eutanasi, surrogati og bioetikk. Kampen om seksualitet, ekteskap, familie og Guds ordning hardnar til. Intoleranse er på frammarsj.

    (more…)

  • Terror og hat

    Så har landet vårt på ny vorte råka av terror og hat. Denne gongen vart terroristen heldigvis overmanna før han fekk drepe folk som var i moskeen han gjekk til åtak på. Dessverre lukkast han med å drepa stesøstera si før terroråtaket. Den unge norske terroristen har hylla andre terroristar før den fryktelege handlinga si. Eg les at venner seier at han har gått gjennom ei endring i den siste tida og har teke ombord høgreekstremt tankegods. Somme seier også at han har vorte svært religiøs. Den vidare etterforskinga vil avdekkja dei faktiske forholda og gje oss innblikk i kven denne personen er.

    Det er svært trist at me har fått eit nytt terroråtak i landet vårt. Det er svært trist at det skjer ei polarisering i folket. Det er svært trist at grupper av menneske i landet blir redde og urolege. Me må reisa oss og motverka ei slik utvikling.

    Eg tek sterk avstand frå terror og hat, same kva grunngjevinga er. Terror og hat kan ikkje forsvarast, men må motarbeidast. I Noreg skal me leva i fred med kvarandre og vera venner for landet vårt byggjer på dei kristne verdiane. Det inneber at vi trur at alle menneske er skapte i Guds bilete og er like verdifulle. Menneskeverdet er heilagt og må ikkje krenkjast. Hatprat og menneskeforakt er difor forkasteleg. Den første grunnlova vår, Gulatingslova, opna slik:

    Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og om fred og om at vi må halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg. Han vere vår venn, og vi hans, og Gud venn til oss alle.

    Kanskje me kan samla oss om denne bønna:

    Velsigna vårt kjære fedreland.

    Velsigna kongen og hans hus.

    Velsigna storting og regjering.

    Velsigna folk som bur i landet vårt med fred og forsoning.

    Lat folk som bur i landet vårt alltid søkja fred og Guds gode vennskap.

    Lat oss få vera ein nasjon av venner.

  • Frå menneske til menneske

    Midt i menneskesoga lyser denne hendinga: Gud vart menneske. Det er brennpunktet i Guds evige frelseplan. I det første kapitlet i Bibelen får vi høyra at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Mennesket vart skapt til fellesskap med Gud og kvarandre. Då synda kom inn i verda vart dette fellesskapet øydelagd. Likevel kom Gud og leita etter menneska. Han lova at ein frelsar skulle koma. I GT ser vi Guds frelseplan i utveljinga av Abraham og Israelfolket. Gong på gong grip Gud inn. Han sender profetar og bergingsmenn. Alle peikar fram mot det store historiske vendepunktet i Guds misjon: at Guds rike skulle koma nær.

    Inkarnasjonen er det store midtpunktet og mysteriet i den kristne trua. Den allmektige Gud steig inn i den verda han hadde skapt. Den heilage Gud vart menneske. Gud vart ein av oss. Han tok bustad mellom oss og flytta inn i vårt nabolag som sant menneske. Han er det sannaste menneske som nokon gong har levd på jorda. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. I ord og gjerning forkynte han at Guds rike var kome nær.

    (more…)

  • Evangeliet er godt nytt for alle menneske

    Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike. Bodskapen hans var radikal og utfordrande. Han demonstrerte at Gud hadde gripe inn i historia for å setja menneske fri frå alle øydeleggjande krefter. Han døydde vår død og leid vår straff. Han vann over synda, døden og djevelen. Han stod opp frå dei døde og har fått all makt i himmel og på jord. Han er Herren som frelser og frigjer. Det er verkeleg godt nytt for alle menneske!

    Evangeliet er godt nytt for alle barn, for dei er alle verdifulle og elska av Gud. Barnet i morsmage er omfatta av Guds kjærleik. Eit foster, som vart fylt av Den Heilage Ande, var den første til å helsa Jesus velkomen, då han var eit endå yngre foster. Evangeliet er godt nytt om menneskeverd for alle fødte og ufødte barn. Dei må ikkje drepast eller sjåast ned på. Dei er verdifulle og har fått sitt namn skrive i Livsens Bok før dei vart fødde.

    (more…)

  • Skjebnetid –tidskifte

    Me lever i ei underleg tid. Mange motstridande ting skjer samstundes. Lys og mørke kjempar om overtaket. Negative og positive krefter er synlege. Samfunnsutviklinga ser ut til å gå feil veg, trass medisinske, teknologiske og digitale framsteg.

    Me lever i ei skjebnetid. Den globale oppvarminga har kome til eit kritisk punkt. Me ventar på avgjerande politiske vedtak på fleire område. Me lever i ei tid som vil få avgjerande innverknad på livet og utviklinga. Eit politisk parti har hatt sitt velkjende skjebnelandsmøte og me kan kanskje få ei endring av abortlova.

    Me lever i ei åndeleg skjebnetid. Kristendommen har tilsynelatande vore på tilbakegang i landet vårt og i vår del av verda. I andre delar av verda veks talet på kristne sterkt. Tyngdepunktet for kristendommen er flytta frå nord til sør, frå vest til aust. I den tredje verda er den kristne trua i stor framgang og det er stor oppvakning mange stader. Står me føre ein ny åndeleg oppvakning i landet vårt?

    Oppvakninga har alt starta. Det er ei bønnevekking på gang i landet vårt. Det kjem inn meldingar frå nord og sør, frå aust og vest, at noko er på gang. Det er ein ny lengt til å be og bruka tid med Gud. Ektepar tek til å be saman. Familiar ber meir enn før. Ungdom ber. Studentar ber. Vaksne ber. Gamle menneske ber med ny tru og glød. Dei merker at Gud er på ferde i landet. Dei kjenner kallet til å vera med å be fram ei ny vekking som vil føra til frelse for folket vårt.

    Folk ser syn og visjonar frå Gud. Veldig mange forkynnarar, som kjem til Noreg frå andre land, fortel om ei sterk kjensle av at Gud har starta eit nytt verk, at landet vårt er ope for Anden og at gjennombrotet er på gang. Mange ber fram profetord om det dei ser Gud er i ferd med å gjera. Me lever i ei lagnadstid. Me har snart nått raspunktet. Me har fått mange varslar om Mannen som er i rørsle i Romsdalen. Det har kome fleire og fleire steinsprang og små ras. Det store raset kan koma når som helst.

    Gud har sagt at i dei siste dagar skal han renna ut Den Heilage Ande over alle menneske. Det vil føra til at folk kallar på Herrens namn og blir frelste. Folk blir i aukande grad frelst i landet vårt. Eg ser det i forsamlinga eg høyrer til. Eg ser at folk kjem til tru i mange ulike forsamlingar. Eg ser at fleire unge enn på svært mange år tek i mot Jesus Kristus og blir forandra. Eg ser føre meg eit ras av store flokkar av unge menneske koma til tru. Den Heilage Ande dreg og kallar på menneske. Hans heilage nærvær vil merkast meir og meir.

    Når Gud kallar folket sitt til å audmjuka seg og be, og dei kjem saman for å be, då skjønar me at noko stort er på gang. Det er ikkje langt borte. Ei åndeleg oppvakning har starta. Me lever i ei skjebnetid som vil få stor innverknad på framtida for landet vårt. Lat oss audmjuka oss og verkeleg ropa til Gud om nåde for landet og folket vårt!

    Tekst: Erling Thu