Category: Samfunnet

  • Forstå åndskampen

    Guds ord seier klart og tydeleg at me står i ein åndeleg kamp. Denne kampen er ikkje retta mot menneske, men mot usynlege krefter som er verksame i vår tid (Ef.6,12). Det finst ein herskar, ei åndsmakt som verkar i alle som er ulydige mot Guds ord. Menneska kan leva etter sine instinkt frå kroppen, eller fylgja sine eigne ynskjer, tankar og idear, men er i røynda styrt av demoniske makter utan å vita det (sjå Ef.2,1-4).

    (more…)

  • Nådeord

    Gaza, Israel, Russland, Ukraina, Putin og Trump er ord som får kommentarfelta til å fløyma over av hatefulle ytringar. Frontane er steile, orda er harde, fiendane er mange. Det er oss på den rette sida, mot dei på den vonde sida. Vi trur at vi er dei gode, dei andre er dei vonde. Vi trur vi har sanninga, dei andre lyg. Vi trur at vi har rett til å bruka sterke og nedsetjande ord om dei andre. For vi seier berre sanninga, trur vi, når vi bruker negative ord om motstandarane våre.

    (more…)

  • Frels oss frå det vonde!

    Vi treng å be denne bønna i Fadervår meir enn nokon gong før. Vi veit at heile verda ligg i det vonde, skriv apostelen Johannes. Han seier også at Gud kan verna oss, så den vonde ikkje kan koma til. Difor treng vi stadig å be om at Gud skal berga oss frå den vonde og frelsa oss frå det vonde, for vondskapen ser vi rundt oss alle stader.

    Vi ser vondskapen kvar dag vi høyrer om nye drap i landet vårt. Det er sjokkerande og ufatteleg at ein mann kan drepa to døtrer og eit barnebarn før han tek sitt eige liv. Det er uforståeleg at ein ektemann drep kona si. Ja, for meg er kvart einaste drap uforståeleg, eg forstår ikkje kva som kan rettferdiggjera ei slik grueleg handling.

    (more…)

  • Hjartet blør for dei uskuldige som lir

    Hjartet mitt blør for barna som blir drepne i krigen på Gaza. Det er forferdeleg å sjå dei bileta som rullar over tv-skjermane frå den massive mediadekkinga av Israels krig mot Hamas. Det gjer vondt langt inn i sjela å vera vitne til dei store øydeleggingane som bombinga fører med seg. Det er hjarteskjerande å sjå korleis uskuldige menneske lir i denne krigen mot terror.

    Hjartet mitt blør også for dei mange uskuldige offera i dei krigane som går sin øydeleggjande gang, men som ikkje får noko særleg omtale i media. Dei uskuldige barna som lir i krigane i Jemen, Myanmar, Etiopia og i mange andre væpna konfliktar, får også mine tårer og medkjensle. Hjartet mitt blør for alle som lir på grunn av krigane i verda.

    (more…)

  • Er biskop i Dnk Kari Veiteberg kristen?

    Sjølvsagt kan ingen andre enn Gud gje eit skikkeleg svar på eit slikt spørsmål. Han ser til hjartet og dømmer ikkje etter ytre ting, slik vi menneske gjer. Spørsmålet er likevel ærleg meint frå mi side, men det ligg ikkje ei fordømming i spørsmålet, berre ei undring fordi tankar ho utrykkjer vanskeleg kan forståast som kristen tankegang. Biskopen er ikkje den einaste som får dette spørsmålet hengjande over seg i desse dagane. Ho er i godt selskap av Eline H. Lorentzen, generalsekretær i NKS og Åste Dokka, kommentator i Vårt Land og mange andre teologar og kyrkjelege leiarar.

    Den aktuelle bakgrunnen for spørsmålet mitt er deira reaksjonar på den nye nettsida om kristen seksualitet, Identitetogseksualitet.no.  Det dei har til felles er at dei lar erfaring og kjensler styra deira oppfatning om kva som er god kristen etikk i staden for å la Bibelen få definera kva som er godt og rett eller syndig og galt. Difor må eg stilla nokre enkle spørsmål, som ikkje berre er retta til dei eg har nemnd med namn, men til alle som vil bera kristennamnet.

    (more…)

  • Ein nasjon av venner

    Vår første grunnlov (Gulatingslova) begynte med desse orda: «Det er opphavet til lovene våre at vi skal be til den heilage Krist om godt år og fred, at vi skal halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg, at han må vera vår venn og vi hans, og Gud venn til oss alle.»

    Vi har grunn til å takka Gud for at vi lever i eit fungerande demokrati med stor tillit til styresmaktene. Vi har nett fullført eit nytt val på fredeleg vis og utan påstand om at det har vorte stole, jamvel om det har vorte avdekkja små feil i gjennomføringa av valet. Dette gjorde at eg vart minna om korleis vår første grunnlov begynte med ei oppmoding til bønn. Det er vel ikkje så mange som hugsar innleiinga til Gulastingslova i dag, men det er grunn til å tru at denne lova la grunnlaget for det demokratiske samfunnet vi har i dag.

    Det er verdt å merka seg at vår første grunnlov slo fast at lovene våre byggjer på trua på Jesus Kristus og våre bønner om godt år og fred. Vi skulle byggja landet vårt ved å leva i vennskap med Gud, kongen og kvarandre. Med andre ord at vi skulle vera ein nasjon av venner. Det er når vi lukkast med dette at vi lever i velsigning og velstand, i fred og framgang. Vi må takka Gud for at vi framleis er eit samfunn med stor tillit til styresmaktene og til kvarandre. Det er flott å sjå politiske motstandarar vera rause og vennlege mot kvarandre som menneske. Det er bra at folk kan ha motstridande meiningar, men likevel visa respekt til kvarandre.

    (more…)

  • Gud har gitt opp Den norske kirke!

    Denne overskrifta er like meiningslaus som Sverre Elgvin Lied sin påstand: «Gud har ikke gitt opp Den norske kirke.» Då eg såg denne overskrifta i nettutgåva av Dagen, som refererte til talen hans på Oslo Symposium, tenkte eg: «Kva veit han om det?» Grunngjevinga hans har jo ikkje noko særleg tyngde. Mange med meg kunne bruka det same argumentet med motsett forteikn: «Gud har gitt opp Den norske kirke, for eg, og mange med meg, kjende kall frå Gud til å forlata Dnk og tena han utanføre Dnk.» Dagen har ikkje gitt opp Dnk, men det har alle dei mange tusen frikyrkjelege kristne gjort. Når Dagen sine redaktørar legitimerer Dnk, byggjer dei, som Lied, på notstalgiske kjensler og personlege opplevingar, og ikkje på Guds ord.

    Om Gud har gitt opp Dnk eller andre kyrkjesamfunn, kan eg ikkje eg svara på. Kven kan eigentleg svara på dette? Kven kjenner Gud sine tankar om den menneskelege organisasjonen Dnk? Det eg veit er at Gud elskar menneske og gav Sonen sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men få evig liv. Eg veit også at Gud byggjer sitt hus av levande steinar, av menneske som har fått nytt liv i trua på Jesus. Kvar levande kristen er eit tempel for Anden. Gud er nær hos alle som kallar på hans namn, uansett kva kyrkjesamfunn dei måtte tilhøyra, ja uansett om dei er jødar eller heidningar.

    Lied seier mykje godt og rett i talen sin når han presenterer kva Frimodig Kyrkje står for, som til dømes:

    «Kirken er Guds kirke. Og der er det Jesus som er Herre. Og det er også han som bygger sin kirke. Og det er jo her det er så spennende at vi kan få være med på det Gud gjør. Det handler ikke om «Hvilken kirke vil du ha?» Det handler ikke om at vi skal bygge kirka etter vår design.»

    Problemet er at han snakkar om Dnk, som er ein menneskeleg organisasjon. Han legimiterer Dnk som Guds kyrkje. Då kjem spørsmåla: Er Jesus Herre i Dnk? Vedtak i kyrkjemøtet tyder ikkje på det. Den lutherske teologen, Jan Bygstad, seier at Dnk med sin aksept av vrang lære og pluralisme ikkje er Jesu Kristi kyrkje. Mange andre lutherske teologar seier at Dnk er ei løgnkyrkje. Den rådande vranglæra om samliv og ekteskap i Dnk, fører Guds folk vill, og leiar menneske i fortapinga om dei ikkje vender om. Det er alvorleg å legitimera eit slikt kyrkjesamfunn.

    Byggjer Jesus Dnk, eller er det kyrkjedemokratiet som byggjer kyrkja? Det handlar jo ikkje om kva kyrkje vi vil ha, men om kva slag kyrkje Gud vil ha. Det designet som Dnk blir bygd etter, liknar svært lite på det designet apostlane og dei første kristne bygde etter. Kva seier Bibelen om kva kyrkje Gud vil ha? Det er det store spørsmålet vi må stilla oss. Kva kjensler vi har for ein kyrkjeorganisasjon vi har arva frå fedrane, tel ikkje i det spørsmålet om kva Guds ord seier om kva han vil ha.

    Lied seier med rette at det er berre eitt Guds folk, og vi treng å støtta kvarandre. Bibelen er jo klar på at det er berre dei som er fødde på ny ved Den Heilage Ande, ved tru og omvending, som er Guds barn. Berre dei som har kome til Jesus, den levande steinen, og sjølv har vorte ein levande stein, kan saman med andre byggjast opp til den levande Gud sitt hus. Dåp eller medlemskap i eit kyrkjesamfunn gjer ingen til ein lem på Jesu kropp.

    Så langt eg forstår finst det mange gode og fromme kristne i Dnk og i alle dei andre kyrkjesamfunna i landet vårt. Alle som ved trua på Jesus Kristus har fått nytt liv, er Guds folk, og er våre kristne søsken, uansett kva kyrkjesamfunn dei tilhøyrer. Altfor mange kristne, både med og utan medlemskap i noka kyrkjesamfunn, er i praksis heimlause for dei har ikkje funne plassen sin i eit levande kristent fellesskap. Dei lever ikkje saman med andre kristne som lemmer på Kristi kropp. Dei har ikkje forplikta seg eller gitt seg inn i ei kristen forsamling, og det er eit tap både for dei sjølve og det kristne fellesskapet.

    Guds kyrkje er Jesus-truande menneske som kjem saman for å tilbe Herren, forkynna Guds ord, byggja kvarandre opp og hjelpa kvarandre til å leva heilage og heilhjarta liv i kvardagen.

    Vi må heile tida forkynna evangeliet, utfordra og hjelpa kvarandre til samsvar mellom liv og lære. Når vi gjer det vil Jesus byggja si kyrkje.

    Tekst: Erling Thu

  • Rabalder

    Rabalder er eit underleg ord som er lite brukt i våre dagar, men Herren har sagt at det vil bli rabalder. «Endå ein gong, om ei lita stund, rister eg himmel og jord, havet og det tørre landet. Eg rister alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Eg fyller dette huset med herlegdom!»  Det er gjenreisingsprofeten Haggai som ber fram dette ordet frå Herren (Hag 2,6-7). Det fekk ei oppfylling då tempelet vart gjenreist på hans tid, men peikar fram til det nye huset som Herren byggjer i den nye pakta og som skal bli herlegare enn det første. Endå ein gong skal Herren rista verda og folkeslaga på jorda (Hebr 12,26-29). Når Herren ristar blir det rabalder.

    Når ein stabel med tønner ramler ned blir det eit svært rabalder. Når noko rasar saman blir det ofte rabalder. Når noko uventa skjer blir det rabalder. Bråk og ståk, spetakkel og støy er ofte det same som rabalder og har to meiningar. Rabalder er noko vi registrerer med sansane våre, men er også den reaksjonen som kjem frå oss når vi ikkje liker det uventa som skjer.

    Det skjer underlege ting i landet vårt. Herren tenner tannlause kristne i brann. Lunkne og sløve kristne blir fornya og brennande ivrige. Folk, som av ulike grunnar har kome på avstand, søkjer Gud og finn på ny sin plass i kristne fellesskap. Vekkinga på Vigeland er berre eit av mange døme på dette. Eg høyrer mange historier om fornying blant Guds folk i mange samanhengar. Det er tydeleg at Gud er på ferde!

    (more…)

  • Kven bestemmer korleis det gode livet ser ut?

    Jesus starta si teneste med å forkynna evangeliet om Guds rike. Den gode bodskapen innebar at Gud, den suverene Skaparen og Kongen over skaparverket, hadde gripe inn i historia for å frelsa og fria folk frå synd, skam, død og fortaping. Evangeliet om Guds rike var det sentrale i Jesu liv og teneste. Difor kalla han til omvending og etterfølging. Den som ville vera hans læresvein måtte seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja han. Guds kongedømme er der Gud styrer og hans vilje rår. Frelse kan vi berre få del i ved å bøya oss under Jesu Kristi herredømme.

    I tråd med forståinga av Guds rike, seier Jesus i misjonsbefalinga, at vi skal læra dei nye læresveinane å halda alt det han har bode oss. Nye kristne må lærast å be: «Lat riket ditt koma, lat viljen din råda i mitt liv; – ikkje som eg vil, berre som du vil!» Jesus lærte oss at han ikkje kom for å oppheva lova eller profetane, men for å oppfylla. Difor tok han oss tilbake til Guds opphavelege meining med skaparverket og dei gode lovene hans. Han sa at det ikkje var nok å avstå frå visse handlingar, men at vi også måtte ta eit radikalt oppgjer med lystene i hjartet vårt.

    (more…)

  • Koranbrenning

    Koranbrenninga i Sverige og Danmark skapar utanrikspolitiske problem og aukar terrorfaren for desse landa, fortel media oss. Juristar forklarar at i Noreg har ikkje religionar, heilage bøker eller ting noko vern mot hatefulle ytringar. Det er ein del av ytringsfridomen å snakka negativt om ideologiar og meiningar vi ikkje liker, men vi har sjølvsagt ikkje lov til å koma med hatefulle ytringar mot personar eller grupper av menneske. Eg tykkjer dette høyrest greitt ut og er noko vi alle kan leva med.

    Det verkar likevel ikkje som det er slik diskrimineringslova verkar i dagens samfunn. Det er lov å brenna heilage bøker som Koranen og Bibelen. Det er lova å brenna amerikanske flag, men det er ikkje lov å brenna eit prideflag, for det er hatkriminalitet. Det er visst lov å mala fotgjengarfelt i pridefargar, men det er hatkriminalitet å mala over pridemalinga. Eg er korkje for å brenna heilage bøker eller flag, men eg forstår ikkje kvifor det å brenna ein Koran er ei lovleg ytring, medan det å brenna eit prideflag eller mala over pridemaling i ei gate er hatkriminalitet.

    (more…)