Category: Samfunnet

  • Farlege folk

    Det finst veldig mange farlege folk: Farlege journalistar. Farlege leiarar. Farlege sjåførar. Farlege politikarar. Farlege menn. Farlege kvinner. Farlege kriminelle. Farlege religiøse folk. Farlege terroristar. Farlege diktatorar. Farlege doktorar. Farlege lærarar. Farlege utlendingar. Farlege jegerar. Farlege innvandrarar. Farlege kristne. Farlege muslimar. Farlege hinduar. Farlege buddhistar. Farlege soldatar. Farlege pastorar. Farlege biskoppar. Farlege statsrådar. Farlege kateketar. Farlege idrettsfolk. Farlege forkynnarar. Farlege lyttarar. Farlege presidentar. Farlege kongar. Farlege dronningar. Farlege lygnarar. Farlege baktalar. Farlege mordarar. Farlege forretningsfolk. Farlege offiserar. Farlege arbeidarar. Farlege fedrar. Farlege mødrer. Farlege ungdommar. Farlege barn.

    Denne lista kan gjerast endelaust lang. Her har eg berre nemnd nokre få av dei mange folka som kan vera farlege. Du forstår kanskje kva eg vil med denne lista? Eg prøver berre å seia, at eigentleg har alle menneske eit farleg potensiale i seg. Bibelen seier at me alle er fødde syndarar. Teologar snakkar om arvesynd og syndig natur.

    (more…)

  • Guds bøker

    Johannes startar evangeliet sitt med å seia at i opphavet var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud. Han, Jesus, var hjå Gud, og alt vart til ved han. Utan han vart ikkje noko til, og det som vart til i han, var liv. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og me såg hans herlegdom. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, Jesus, som er Gud, har synt oss kven han er (sjå Joh 1,1-18).

    Alle som les Bibelen oppdagar at Gud skriv bøker. Det er jo naturleg at han som er Ordet gjer det. Me høyrer både om Livsens Bok og Sanningsboka som Gud har skrive og framleis skriv i. På den store dommedagen skal bøker opnast og me skal dømmast etter det som står skrive i desse bøkene. Desse bøkene er ikkje tilgjengelege for oss no, og me skal ikkje spekulera i kva som er skrive om oss i desse bøkene. Men det finst to bøker han har gjort tilgjengelege for oss.

    (more…)

  • Kapitalisme

    Ein turist går inn på eit hotell ni en liten gresk by. Han legg 200 euro på disken i resepsjonen og går opp for å sjå på rommet. Hotelleigaren tek pengane og spring til slaktaren og betaler rekninga si. Slaktaren tek pengane og fer til bonden for å betala kjøtet han hadde kjøpt på kreditt. Bonden skundar seg til bensinstasjonen for å gjera opp for diesel til traktoren. Han som driv bensinstasjonen får endeleg betalt gjelda til byen si gledesjente. Ho går til hotellet og legg 200 euro på disken som betaling for ”arbeidsrommet” sitt. Turisten kjem ned att til resepsjonen. Han liker ikkje rommet så han tek dei 200 euroane og går. Ingen har fått seg pengar, men heile byen er gjeldfri og framtida ser lys ut i den litle eurosona.

    Dette er kapitalisme. Økonomien går rundt fordi nokon heile tida skuldar andre 200 euro.

    (Etter Yngve Kvistad i VG)

  • Kva er viktigast: å ha rett eller å leva rett?

    Å vera menneske handlar ikkje om å ha rett

    eller å vera politisk korrekt,

    men om å leva rett i forhold til andre menneske.

    Å vera menneske handlar om å byggja rette relasjonar

    – der dei sterke vernar dei veike

    – der dei flinke hjelper dei som ikkje får ting til

    – der dei rike tener dei fattige

    – der dei som er i det gode selskap inkluderer dei som har falle utanføre

    Å vera menneske handlar om å vera glad i andre,

    – om å finna glede i å vera i lag med folk

    og vera menneske blant menneske.

  • Profetordet står fast!

    Peter
    er opp i åra og forstår at han ikkje har lenge att å leva og skriv for å hjelpa
    dei kristne til å svara på spørsmål frå tvilarar og forførarar:

    Kor
    vert det av oppfyllinga av profetorda? Kristus har ikkje kome, kanskje han
    ikkje kjem? Dei kristne forventingane må vera feil!

    Ikkje
    høyr på slike negative røyster, sa apostelen. Me kunngjorde vår Herre Jesu
    Kristi makt og kome for me var augnevitne til hans guddommelege velde. Det me
    forkynner er


    ikkje oppdikta eventyr


    ikkje klokt uttenkte mytar


    ikkje tome og menneskelege draumar

    Me
    har høyrd frå Gud. Me har sett hans guddommelege velde. Difor står profetordet
    så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er
    ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i
    hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i
    Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje,
    men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud (2.Pet.1,16-21).

    (more…)

  • Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

    Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt.
    Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.

    (more…)

  • Retten til å påverka samfunnet

    Som kristne menneske har me ansvar for
    den verda me lever i. Gud har frå første stund gjeve mennesket eit oppdrag om å
    styra og råda på jorda og arbeida på å gjera jorda til ein god stad å leva for
    alle. Me kan ikkje overlata til gudlause
    menneske å styra utviklinga av samfunnet vårt. Me har rett til å påverka
    samfunnet. Kristentrua er ikkje privat eller religiøs i vanleg forstand.
    Kristentrua omfattar heile livet vårt og gjer seg gjeldande på alle område.
    Difor har kristne menneske til alle tider arbeidt for å påverka og forandra
    samfunnet. I vår tid skaper politiske vedtak rammer og vilkår for eit godt
    samfunn. Gjennom politisk arbeid tek kristne menneske ansvar for å styra og
    utvikla samfunnet til beste for alle våre medmenneske.

    (more…)

  • Retten til å gjera folk til disiplar

    For kristne menneske er misjonsarbeid og
    det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til.
    Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me
    ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein
    naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det
    ikkje like opplagt.

    (more…)

  • Når kristentrua møter motstand

    Motstand mot kristentrua er ikkje noko
    nytt, men noko kristne har levd med frå fyrste stund. Me kan lesa om motstand
    og forfylging av kristne i Apostelgjerningane og i heile kyrkjesoga opp til vår
    tid. Apostelen Paulus sa at alle som vil
    leva gudfryktig vil verta forfylgde (2.Tim.3,12). Kristne har opp gjennom
    historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort
    sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har
    måtta gå gjennom må me seia at vanskane våre har vore lette. Likevel er det
    slik at det aldri har vore fleire kristne martyrar, som har gjeve livet sitt
    for trua på Jesus, enn det er i våre dagar.

    (more…)

  • Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn

    Den vestlege verda er i vår tid
    kjenneteikna av rasjonalisme, materialisme og såkalla humanisme. Det inneber at
    det er berre det som kan forklarast logisk, forståast med forstanden og som set
    mennesket i sentrum som er politisk korrekt. Denne sekulære humanismen gjer seg
    ut for å vera fornuftig, menneskeleg og livssynsnøytral, medan dei framsteller
    alle som trur annleis for å vera sekteriske, inhumane, bakstreverske mørkemenn.
    Desse sekulære humanistane, som i praksis også er ateistar, dominerer kultur og
    media på ein skræmande måte. Dei vil nok gje folk rett til å tru kva dei vil,
    men dei vil seia at denne trua høyrer privatlivet til og bør ikkje blandast inn
    i politikk eller samfunnsliv.

    (more…)