Category: Samfunnet

  • Sjølvråderett over eigen kropp

    Alle menneske, både kvinner og menn, har rett til å bestemma over sin eigen kropp. Dessverre blir menneske utsett for utilbørleg press knytt til kroppen sin. Vi har kroppspress knytt til utsjånad. Vi har sexpress knytt til kven som skal få liggja med oss, når og kor ofte. Dette presset fører ofte til uønskja graviditetar. Gravide kvinner blir utsett for press. Eg høyrer mange historiar om det. Familie, venner, kjæraste, til og med helsevesenet legg press på kvinner til å ta abort.

    (more…)

  • Ny abortkamp?

    To unge menn prøver å utvida retten til å ta abort. Leiar i AUF, Mani Hussaini, og leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, ønskjer å utvida retten til abort i respektive veke 18 og 24. Begge trur at dei kan få både ungdomsorganisasjonen og moderpartiet med seg i forslaga sine. Dette er veldig ekstremt. Argumentasjonen deira er skremmande. Etisk refleksjon på vegne av barnet er fråverande. Kunnskapsnivået på grunngjevinga er urovekkjande lågt.

    (more…)

  • Liv og lære

    Eg er opplærd med at lære og liv må samsvara med kvarandre. Eg har vorte innprenta frå eg var ein liten gutt at eg må gjera det eg seier og stå for det eg meiner. Idealet har vore å vera eit heilt menneske. Å seia at nokon var heilstøypt, var noko av det beste ein kunne seia om dei. Ein heilstøypt person står det framleis respekt av, vågar eg å seia.

    (more…)

  • Toppmøtet – har Gud ein finger med i spelet?

    Media fløymer over av forsiktige kommentarar om toppmøtet mellom president Trump og formann Kim. Det ser ut til å ha gått uventa godt. På førehand har me fått mange negative spådommar om korleis møtet kom til å mislukkast. No ser det ut til å vera svært vellukka. Dei to leiarane har signert eit dokument der dei forpliktar seg til atomnedrustning på Koreahalvøya. Det er fantastisk i seg sjølv, men det står mykje arbeid att for å verkeleggjera dei gode lovnadene.

    Norske media er stort sett svært negative til president Trump. Han blir ofte framstilt som ein vinglete klovn. Kanskje sanninga er at han er ein dyktig forhandlar? Eg veit ikkje. Eg har ikkje nok kunnskap til å meina mykje om han. Toppmøtet kom i stand. Dei to leiarane har møtt kvarandre andlet til andlet. Kjemien mellom dei ser ut til å vera god. Kanskje Trump sin strategi har verka?

    Eller kanskje dette rett og slett er svar på bønn? Kristne i mange land har bede om fred og forsoning i Korea. Millionar av kristne i Korea har bede om gjennombrot i relasjonen mellom dei to landa. Den koreanske presidenten Moon har spela ei viktig rolle i å få gjennomført toppmøtet. Kan det som no hender vera Guds finger? Svarar Gud bønn? Grip Gud inn i historia? Kan Gud påverka og bøya presidentars hjarte? Kan Gud gje dei tankar om kva dei bør gjera?

    Profetane i Bibelen seier mykje om Gud som herskar over heile universet. Dei såg Guds finger i dei fleste politiske hendingar i si samtid. Dei tala om fred og forsoning som skulle koma med fredsfyrsten. Dei forkynte om våpen som skulle gjerast om til jordbruksreiskap og at Gud skulle gjera slutt på krigane på jorda. Kanskje dette toppmøtet og det dokumentet som har vorte signert kan vera ei lite steg på veg mot fred og forsoning? 

  • I skjul

    I Salme 91 snakkar salmisten om å sitja i skjul og finna ly. Han snakkar om å ha ein plass å søkja tilflukt og ha ei borg der han er trygg. Bakgrunnen for desse orda er sjølvsagt at han er utsett for urett og vondskap. Folk set snarer for han og prøver å fanga han. Andre skyt piler etter han eller kjem mot han med skarpe sverd. Han er også utsett for øydeleggjande pest og plager som herjer og drep.

    Livet er ikkje enkelt for salmisten. Det er det heller ikkje for dei fleste av oss. Me møter utfordringar og vanskar av ulikt slag kvar einaste dag. Den vonde motstandaren vår skyt sine brennande piler av fordømming mot oss. Han brøler som ei løve og prøver å skremma oss til å kompromissa og synda, for det tykkjest å vera den einaste utvegen. Dessverre har mange av oss hatt den beiske opplevinga av at kompromiss og "ei lita synd" ikkje hjelper oss ut or ei vanskeleg stode, men berre gjer alt endå meir vanskeleg for oss. Dette hadde salmisten òg lært. Difor seier han: 

    Du, Herre, er mi tilflukt og mi trygge borg! Du er min Gud som eg set mi lit til. Eg sit trygt i skjul hos deg, Du høgste. Eg finn ly hos deg, Den veldige. Eg har gjort deg til min bustad. Du skal vera med meg og verna meg på alle mine vegar. Om tusen eller titusen fell rundt meg, vil Du ta vare på meg slik at eg ikkje blir råka av dei brennande pilene eller den smittande pesten.

    Ulukkene til dei rettferdige er mange, men Herren utfrir oss frå dei alle. Herren bergar oss når me held oss til han. Han vernar oss midt i det vonde som møter oss. Han er med oss i nauda og høyrer våre fortvilte rop om hjelp. Han friar oss ut og gjev oss ære. Han mettar oss med eit langt liv og let oss få sjå hans frelse.

    I våre dagar er det mange menneske som er på flukt frå krig og urett. Dei leitar etter nokon som kan vera eit skjul for dei og gje dei ly mot forfølging og vondskap. Dei bankar på dørene våre for å søkja ein trygg tilflukt. Hjelper me dei til å finna ein bustad og ei trygg borg hos Gud og mellom oss, eller snur me ryggen til dei?

     

  • Det kristne forvaltaroppdraget

    Vår forståing av det kristne forvaltaroppdraget kviler for det første på det Gud sa då han skapte menneska og for det andre på dei lovnadene han har gitt oss for framtida, det er det kristne framtidshåpet. Opphav og mål for alt det skapte er i Gud. Vi er skapt i Guds bilete til å vera hans tenarar. Vi er skapt til å arbeida for å kultivera Guds skaparverk. Arbeidet med skaparverket har fått guddommeleg status fordi vi er kalla til å vidareføra Guds eigen skapargjerning fram mot hans mål som er herleggjering av skaparverket.

    (more…)

  • Hurra for 17.mai!

    IMG_0214

    Det er med takk i hjarte me på ny feirar 17.mai. Det er ein stor dag for alle nordmenn uansett bakgrunn. 17.mai er Noregs store dag.

    Heilt frå eg var ein liten gutt i etterkrigstida har eg vore glad i 17.mai. På Ganddal, der eg vaks opp, var det i alle år stor samling om feiringa av 17.mai. Hornmusikken starta tidleg og heldt det gåande gjennom heile dagen. Eg elska dei fengande tonane og dei flotte trommeslaga. Me gjekk i barnetoget på føremiddagen. Det var leikar og tevlingar med mykje glede. Denne dagen fekk me vanlegvis vår  første iskrem for året. For ikkje å snakka om dei gode pølsene og alt snopet me fekk. I folketoget var det stort oppmøte frå alle slags lag, men det var det som vart kalla for "kortesjen" som var høgdepunktet. 

    Denne korstesjen var eit svært humoristisk innspel i vår feiring av 17.mai på Ganddal. Både lag og privatpersonar stod for desse humoristiske innspela. Folk kledde seg ut, spelte sketsar, parodierte kjende folk og kom med humoristiske spark til politikarar og andre lokale kjendisar. Desse vart framførte på lasteplanet på lastebilar, traktortilhengjarar eller på hest og kjerre. Den beste famføringa fekk sjølvsagt ein premie som det var stor stas å vinna.

    17.mai feirar med fridom og likeverd. Begge desse verdiane må me framleis kjempa for. Det er alltid mørke krefter som vil røva fridom, rettferd og liveverd frå oss. I vår tid kan desse orda ha varierande innhald og treng ikkje gjelda for alle. Har barn i morsliv fridom til å velja livet? Ikkje når dei blir drept. Ser me på flyktningar som likeverdige medmenneske? Ikkje når me diskriminerer.  Møter asylsøkjarar og innvandrarar rettferd? Ikkje når me ikkje tek den nye kristne trua deira på alvor og sender dei tilbake til forfølgjing og dødsstraff.

    Noreg er eit godt land å leva i, men landet og samfunnet vårt er ikkje fullkome. Likevel feirar me 17.mai med stor glede og med takk til Gud slik det lyder i nasjonalsongen vår: Norske menn i hus og hytte takk din store Gud!

    Eg kunne ikkje venta, så seg publiserer dette innlegget dagen før Dagen! Hjarteleg til lukke med Dagen i morgon!

  • Øivind Benestad – Guds tenar

    I dag har eg lyst til å seia nokre gode ord om Øivind Benestad. Han er ein god og trufast Guds tenar som i mange år har kjempa ein viktig kamp for barn og familie. Dessverre har han altfor ofte vorte ståande åleine i det offentlege ordskiftet. Men han har trufast kjempa for barns rett til å ha og kjenna både far og mor. Han har kjempa for den bibelske forståinga av familien der ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne ligg i botn. Eg må seia at eg ser opp til den måten han har stått i denne viktige kampen. Eg beundrar motet og den klåre tanken hans. Den milde og fredsæle framferda hans viser at han er ein sann Jesu Kristi tenar. Han fortener stor heider og ære for den heilhjarta innsatsen han har gjort, og som har kosta han mykje.

    Eg kan ikkje seia at eg kjenner Øivind Benestad for eg har berre møtt han ein gong. Likevel vil eg æra han og lyfta han opp til eit føredøme. Han er ein trufast Guds tenar som står fast på Guds ord uansett kva det kostar han og kva andre måtte meina. Lat oss ta han med i våre bønner og heia på han i desse dagane når politikarane våre gjer vedtak som strir mot Guds ord og barns rettar.

    Eg vil be alle lesa det siste innlegget hans: Familiepolitikk på ville veier

  • Herren set kongar av og set kongar inn

    Me har vore gjennom nokre politisk dramatiske dagar i landet vårt. Landet kunne vorte kasta ut i politisk kaos. Eg trur at det berre er på grunn av bønn frå mange kristne at landet vårt er spart for regjeringsskifte med all den uro og uvisse det ville innebera. No er det tid for endå meir bønn. Sterke og splittande krefter er verksame i nasjonen. Folk på alle sider av dei politiske skiljelinene treng vår forbønn. Ikkje minst må me be for oss sjølve, for kristenfolket i Noreg, at me må vera audmjuke og miskunnsame så me kan vera med å skapa fred og forsoning i folket vårt. Ingen er tent med den polariseringa me no ser.

    Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det. Redaktør Selbekk i Dagen sa at det ville vera ”u-Listhaugsk”. Korkje partileiaren eller statsministeren hennar hadde bede ho om å gå. Media seier at Listhaug hadde regien heilt åleine. Det trur eg er feil. Eg trur at det er Herren som har hatt regien. Det er han som set inn og det er han som set av (sjå Dan 2,20-21; 4,17; 4,25; 5,21).

    Difor seier Guds ord at me framfor alle ting skal bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske. Me skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så me kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt me gjer (1 Tim 2,1-2). Denne apostoliske formaninga treng me å ta inn over oss som aldri før. I denne tida er det altfor mange kristne som blir rivne med i ein oppheta debatt. Mange roper høgt og bruker harde ord. Det haglar med klagemål alle vegar – i alle retningar. Mykje av det eg ser vitnar korkje om gudsfrykt eller vørdnad. Dei mange skuldingane vitnar ikkje om stille og fredelege liv. Det finst eit sinne som skremmer meg. Det vitnar ikkje om tru og tillit til Gud. Eg ser ein aggressivitet frå kristne menneske som ikkje vitnar om nåde, miskunn og trufast kjærleik. Kor er respekten for andre?

    Eg har aldri vore ein Listhaug fan. Eg tykkjer likevel litt synd på henne i dette kjøret ho har vore utsett for. Sjølv kallar ho det ein heksejakt. Eg kan forstå at ho opplever det slik. På den andre sida haustar ho berre det ho sjølv har sått. Ho har berre seg sjølv å takka for den stoda ho har kome i. Når ho seier at Hareide sleikjer imanane opp etter ryggen, er det uhøvisk og ikkje ein politikar verdig. Når ho godkjenner at politiet knuser glassruter for å bryta seg inn i eit kyrkjebygg for bortføra ein kristen småbarnsfamilie, står ho ikkje for kristne verdiar og mistar sjølvsagt tillit. Når ho seier at Ap (og fleirtalet på stortinget) er meir opptekne av å forsvara terroristane sine rettar enn å sikra tryggleiken for landet, går ho langt over streken. At ho heller ikkje høyrer på råd frå sin eigen sjef og slettar utsegnet, gjer det endå verre. At ho ikkje audmjuker seg og bed om tilgjeving, men må pressast til ei orsaking, skaper heller ikkje tillit. Men ho skal ha ros for at ho trekte seg og redda regjeringa.

    Lat meg skunda meg og seia at du sjølvsagt kan vera ein god kristen og ikkje vera samd i desse vurderingane mine. I politikken er det rom for at kristne har mange ulike meiningar og løysingar på dei utfordringane me møter i samfunnet. Difor må me be for politikarane våre. Me må be om visdom for dei til å velja dei beste løysingane. Me må be om at dei fremjar rett og rettferd i alt dei gjer. Me må be om nåde for dei så dei kan vera samlande og ikkje splittande, at dei skaper fred og ikkje strid.

    Tida for Noreg er no. Guds finger er verksam i landet vårt. Han gjer meir bak ryggen vår enn dei fleste av oss er klar over. I desse dagane må me ropa til Gud om nåde og miskunn for land og folk. Måtte han venda fedrehjarta til barna og barnehjarta til fedrane og skapa forsoning. Måtte han lækja dei såra som hat og vonde ord har skapt. Måtte han gje dei trassige det sinn som rettferdige har. Måtte folket vårt kjenna frelse når syndene blir tilgjevne. Måtte lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og styra oss inn på freds og forsoningsveg.

    Tekst: Erling Thu

  • Er ”Yoga” alltid Yoga?

    Det har kome mange innlegg og ulike meiningar om Yoga i Dagensdebatt etter reportasjen om Yoga i kyrkjeleg regi. Det kan verka som vi til dels misforstår og snakkar forbi kvarandre. Eg har fått nokre nyanserte tilbakemeldingar som har vore nyttige. No vil eg prøva å svara på spørsmålet i overskrifta mi og voner å kunna klarleggja lite grann.

    Eg står fast ved at Yoga er ei samling av mentale og fysiske teknikkar knytt til hinduisme og buddhisme. Innlegget mitt om Yoga var meint som opplysning og ei åtvaring, men eg ønskte ikkje å seia noko nedsetjande om kristne som ser dette annleis enn meg. Gud ser til hjartet og er den einaste som kan evaluera det som føregår der gjennom bønn og meditasjon.

    Kva som er ein god kristen måte å tenkja på, må me gå til Bibelen for å finna og ikkje til humanisme, ateisme eller andre religionar. Som kristne møter me all slags påverknad i samfunnet og blir utsett for filosofi og tankegang som bryt med kristentrua. Det hender ofte at kristne tek om bord ikkjekristnetankemåtar. Ofte lever me som om Gud ikkje finst. Dette er alltid skadeleg. Vestleg rasjonalisme og materialisme er kanskje dei største fiendane for kristentrua i vår tid. Når det gjeld Yoga er eg redd for at me kan opna opp for vonde makter om me gjer rom for hinduistisk tankegang og praksis. Om det berre er snakk om kroppslege øvingar, bør me heller kalla det gymnastikk og pusteteknikk staden for ”Yoga.”

    (more…)