Ordføraren i Oslo har ufriviljug fått hovudrolla i mediestormen om skattesnusk. Eg skal ikkje ta stilling til mediekjøret om økonomisk kriminalitet og dumskapen til ordføraren. All sunn fornuft seier at slikt skal ikkje førekoma og serleg ikkje hjå folk som lever av tillit, slik politikarar gjer. Alle bør betala den skatten som samfunnet legg på dei for å gjera landet vårt til ein god stad å bu og veksa opp i. Me må alle ta ansvar for det store fellesskapet og betala skatt med glede.
Category: Samfunnet
-
Lat arbeidet ditt vera ei tilbeding!
Eg skal ha nokre dagar saman med studentane på Bergen Bibelskule i dagane som kjem. Emnet mitt er om arbeid. Kvifor skal me arbeida og koss skal me arbeida er nokre av dei tinga me skal sjå på. Det viktigaste er at arbeidet er meint å gjerast som ei tilbeding til Gud.
-
Rød/grønn siger
Så er valet over og det er klart at den rød/grønne alliansen har vunne! No treng vi å be alt vi kan om Guds signing over den nye regjeringa! Vi må be at Jens Stoltenberg må få visdom til å velja dei rette folka til dei rette departementa, og vi må be om velsigning over arbeidet deira. Vi må be at dei kjem opp med gode og rettferdige løysingar på utfordringane i samfunnet og at dei må få nåde til å styra godt til signing og framgang for heile landet!
-
Opprop
Skjebnevalg for Norge?
Åpent brev fra kristne ledere om
kjønnsnøytral ekteskapslov
Landsmøtene for Ap, RV, SV og Venstre har i vår programfestet at Norge bør innføre en såkalt kjønnsnøytral ekteskapslov. En slik lov vil ikke lenger definere ekteskapet som et samliv mellom mann og kvinne, men være «nøytral» i forhold til kjønn. Personer av samme kjønn vil kunne inngå ekteskap på lik linje med mann og kvinne. Partnerskapsloven blir overflødig. Som ledere i ulike religiøse sammenhenger i Bergen, har vi sterke motforestillinger mot å omgjøre og oppløse definisjonen av ekteskapet. Vi har ikke noe ønske om å kjempe mot homofile medmennesker – de har nøyaktig samme verdi og menneskeverd som alle andre – men vi ønsker å forsvare en grunnleggende samfunnsordning. Også mange homofile avviser for øvrig en kjønnsnøytral ekteskapslov.
-
Flodbølgja – ein straffedom?
”Allah er sint! Difor har han sendt denne straffedommen over oss, sa den indonesiske muslimen på TV. Norske, meir eller mindre kjendte kristne har kome med liknande påstandar om Guds dom og straff i samband med flodbølgja. Rett nok har nokre av dei kome med presiseringar eller orsakingar for uvørne påstandar i ettertid. Det er tydeleg at mange spør om kor Gud er i det som har hendt.
-
Hjelp til dei som er råka av flodbølgja
Eg har idag fått kontakt med vår venn Venkateswara Rao som bur i Machilipatnam som ligg på austkysten av India i delstaten Andra Pradesh. Vi besøkte han og var på stranda i november. Han driv eit fantastisk hjelpearbeid frå før med hjelp til sjølvhjelp gjennom ein organisasjon han har bygd opp: Faith Action for Community Transformation – FACT India. Då eg snakka med han på telefonen sa han at det var store behov for hjelp til dei overlevande i desse kystområda som vart råka av flodbølgja. Han set no igang eit hjelpearbeid og eg lova at vi ville samla inn midler som skal gå til hjelp for dei som har mista alt.Eg legg ved den eposten eg nettopp har fått frå Venkateswara. Der vil du sjå at i hans område er det fleire hundre døde. Heile landsbyar er øydelagde og dei treng absolutt alt for å få ein ny start!
Midlar kan sendast til Kristent Nettverk sin kontonr. 3632.50.97587
-
Eg har meldt meg inn i Noregs Mållag!
Eg fekk mi opplæring i norsk på Ganddal skule der nynorsk var det naturlege språket for oss alle. Nynorsk var målet hennar mor! Då eg kom på Sandnes gymnas vart eg sett under eit sterkt press frå norsklæraren min om å velja bokmål som hovudmål. Dette ville sjølvsagt gjera det lettare for han sidan eg var den einaste som ville ha nynorsk som hovudmål. Dei andre elevane var byfolk og var opplærte til å knota på bokmål og snakka fint! Eg overlevde dei tre åra med bokmål som hovudmål, men likte det ikkje.
Etter gymnaset tok eg til å reisa og forkynna i pinseforsamlingar. Eg hadde ikkje vore lenge på den første plassen (Hauge i Dalane av alle stader!) før eg fekk klar melding av ein eldstebror om å skaffa meg ein skikkeleg bibel – på bokmål og snakka fint! Eg var snar til å gje etter for presset denne gongen, for eg oppdaga fort at alle som var ”salva” brukte bokmål når dei bad, profeterte, talte eller tyda tunger.
Det gjorde vondt då ungane våre spurte mor kvifor pappa snakka så rart på møta! Dei var vane med å høyra meg på Ganddals dialekt heime, medan eg prøvde å snakka bokmål når eg talte på møta i pinseforsamlinga!
Då vi i 1976 flytta tilbake til Rogaland gjekk eg tilbake til å bruka nynorsk bibel og snakka vanleg i alle samanheng. Det har eg halde fram med heilt til i dag. Det var som å finna meg sjølv på ein ny måte då eg vart fri til å bruka nynorsk bibel i møta og snakka slik det var naturleg for meg.
Framleis har eg press på meg om å skriva på bokmål og gjev ofte etter for å gjera det lettare for det store fleirtalet som helst vil ha dansknorsken sin på dei papir dei skal lesa.
For nokre veker sidan vart eg så provosert av eit nedsetjande ord om min iver for nynorsk at eg sette meg føre å melda meg inn i Noregs Mållag! No er det gjort, og eg oppmodar alle andre å gjera det same for å kjempa for retten til å bruka det målet som er mitt eige og det naturlege for meg og mange andre i dette landet. Nynorsken vert utsett som mange åtak, men han er verdt å kjempa for! -
Å forstå tida vi lever i
Vi treng ei rett forståing av tida og samfunnet vi lever i
Det er viktig at vi som kristne forstår tida og samfunnet vi lever i så vi kan fullføra vårt guddommelege oppdrag. Vi er i verda underlagt dei same lover og vilkår som alle andre menneske. Vi vert påverka av trender og motar av ulike slag og dei gjeldande verdinormer i samfunnet har lett for å verta våre. Likevel må vi aldri gløyma at vi ikkje er av denne verda, vi høyrer heime i den komande verda – det evige Guds rike. Å leva som borgarar av to verdenar skaper spenningar i den kristne, mellom kristne og mellom kristne og ikkjekristne. Kristne menneske har opp gjennom tidene valt ulike måtar å møta verda på. Nokre har trekt seg unna for å ha minst mogeleg kontakt med verda, andre har drive krig mot alt denne verda står for, og atter andre har late verda med sine skiftande normer og verdiar forma si tru og bibelforståing.