Eg fekk mi opplæring i norsk på Ganddal skule der nynorsk var det naturlege språket for oss alle. Nynorsk var målet hennar mor! Då eg kom på Sandnes gymnas vart eg sett under eit sterkt press frå norsklæraren min om å velja bokmål som hovudmål. Dette ville sjølvsagt gjera det lettare for han sidan eg var den einaste som ville ha nynorsk som hovudmål. Dei andre elevane var byfolk og var opplærte til å knota på bokmål og snakka fint! Eg overlevde dei tre åra med bokmål som hovudmål, men likte det ikkje.
Etter gymnaset tok eg til å reisa og forkynna i pinseforsamlingar. Eg hadde ikkje vore lenge på den første plassen (Hauge i Dalane av alle stader!) før eg fekk klar melding av ein eldstebror om å skaffa meg ein skikkeleg bibel – på bokmål og snakka fint! Eg var snar til å gje etter for presset denne gongen, for eg oppdaga fort at alle som var ”salva” brukte bokmål når dei bad, profeterte, talte eller tyda tunger.
Det gjorde vondt då ungane våre spurte mor kvifor pappa snakka så rart på møta! Dei var vane med å høyra meg på Ganddals dialekt heime, medan eg prøvde å snakka bokmål når eg talte på møta i pinseforsamlinga!
Då vi i 1976 flytta tilbake til Rogaland gjekk eg tilbake til å bruka nynorsk bibel og snakka vanleg i alle samanheng. Det har eg halde fram med heilt til i dag. Det var som å finna meg sjølv på ein ny måte då eg vart fri til å bruka nynorsk bibel i møta og snakka slik det var naturleg for meg.
Framleis har eg press på meg om å skriva på bokmål og gjev ofte etter for å gjera det lettare for det store fleirtalet som helst vil ha dansknorsken sin på dei papir dei skal lesa.
For nokre veker sidan vart eg så provosert av eit nedsetjande ord om min iver for nynorsk at eg sette meg føre å melda meg inn i Noregs Mållag! No er det gjort, og eg oppmodar alle andre å gjera det same for å kjempa for retten til å bruka det målet som er mitt eige og det naturlege for meg og mange andre i dette landet. Nynorsken vert utsett som mange åtak, men han er verdt å kjempa for!
Eg har meldt meg inn i Noregs Mållag!
Comments
2 responses to “Eg har meldt meg inn i Noregs Mållag!”
-
Hei Erling. Det er sikkert ennå generasjonar som har bruk for nynorsk. Eg for min del meiner at avstande mellom tale og skrift i nynorsken har vorten så stor at han er tung å bruka. Eg er meir og meir for samnors og må innrømma at det eg sjølv skriv meir og meir minnar om eit språkanarki (blanding av nynorsk og bokmål).
Eg trur det er viktig at skriftspråket i stor grad fylgjer talespråket. Vi treng fornying her og. Vi kan ikkje halda på med det gamle som fungerte for femti og tohundre år sidan.
Eg blir meir og meir for samnorsk. Men det er flott å høyra deg tala og skriva på nynorsk!
Best helsing LGS -
Alle levande språk er i utvikling. Det gjeld også nynorsk. Det er viktig at vi tek del i odlinga og utviklinga av vårt eige morsmål. Eg tykkjer du greier deg godt på nynorsk og ser ikkje det du skriv eller snakkar som samnorsk. Som du veit skriv eg også på bokmål og har sett meg føre å radikalisera bokmålet mitt og gjera det meir norsk. Vi treng nynorsk så langt fram i tida eg kan sjå!
Leave a Reply