Då den ynsgte dottera vår gifta seg i sommar vart eg beden om å lesa eit dikt om ekteskapet i viinga. Det enda med at eg skreiv eit dikt om det å vera gift som eg las og fekk gode tilbakemeldingar på. Difor legg eg det ut her!
Å vera eit godt menneske
er å gifta seg
og våga å gje seg sjølv
til eit anna menneske
for heile livet
– berre på grunn av kjærleik.
Å gifta seg
er å gje frå seg retten
til eigne suverene avgjerd,
for å læra å lytta og verdsetja
dei synspunkt og meiningar den andre har
– før avgjerd vert tekne saman!
Å gifta seg
er å våga å opna opp livet sitt
og dela det heilt og fullt
– med den du elskar!
Å vera eit stort menneske
er å verta verande i ektepakta
trass ulikskapar og motstridande interesser.
I truskapen til kjærleiken
vil du finna styrke og visdom
til å overvinna store utfordringar
og kjempa deg gjennom kampane,
for å vinna kjærleikstriden,
ved å leggja livet ditt ned
for å gjera ektemaken lukkeleg.
Å vera gift
er å vera til for kvarandre.
Me er hender og føter for kvarandre.
Me er auge og øyre for kvarandre.
Me gjer kvarandre gode
og får fram det beste i kvarandre.
Me fordoblar evnene våre
og spreier velsigning til vennene våre
– medan me lukkar munnen
på den vonde fienden: Anklagaren.
Å vera gift
er å dela uro og sorg
og å lindra smerte og gjera ho mindre.
Men å vera gift er fyrst og fremst
å dela lukka saman med den du er glad i.
Når ein er to om gleda
er alt det vakre venare
og alt det gode er endå betre.
Å vera gift
er å læra å meistra livet saman,
ved å halda lysta og begjæret i taumar,
ved å setja den andre fyrst,
ved å syna omtanke i små og store ting i kvardagen,
ved å kappast om å heidra kvarandre.
Ekteskapet er paktseglet på ein ubryteleg vennskap.
Det er ein drikk frå den skjulte kjelda
– framande kan ikkje nyta ho
– ho sildrar fram som eit evig oppkome
– men er utilgjengeleg utanfrå
Gled deg over din ektemake,
den utvalde som du elskar,
fryd deg støtt saman med den du har kjær
og lat alltid kjærleiken gjera deg ør!
Å vera gift
er å vera eitt kjøt
og saman danna ei sjel
og reinsa si gudsdyrking
ved sin innbyrdes kjærleik.
Å vera gift
er å vera bunden til ektemaken
med band som er sterkare enn døden!
Det er å sjå seg sjølv i den andre
og elska varmt og trufast!
Ekteskapet har sitt opphav i himmelen,
men høyrer til på jorda.
Det er som eit spennande eventyr
skrive av Guds eigen finger
i to menneskehjarte
som utforskar kjærleiken saman.
Tekst: Erling Thu, Juli 2007
Skriven til Ruth Kristin og Lars Arne som gifta seg 14.07.07
Leave a Reply